Hopp til innhold

Håp for mennesket

Har du mista trua på framtida? Då bør du lese dette.

Dag O. Hessen

OPTIMIST: «Misantropane og pessimistane har rana til seg stempelet som realistar.» skriv biolog Dag O. Hessen i si nye bok «Vi».

Foto: Anne Valeur / cappelendamm

I 1976 kom den anerkjende biologen Richard Dawkins ut med boka «Det egoistiske genet». Boka handlar om at genet sitt einaste mål er å bringe flest mogleg kopiar av seg sjølv vidare til nye generasjonar.

Mange tolka dette som at mennesket djupast sett er egoistisk, og eit negativt menneskesyn vart gjeldande. Oppfatninga blir ikkje betre av framsider sterkt prega av vald, naud og terror.

Finst det noko håp for menneskeslekta?

Ja! svarar Dag O. Hessen. I si nye bok «Vi» grunngjev han dette ut frå eit biologisk perspektiv.

Vi (Samarbeid - fra celle til samfunn)

Boka «Vi» er eit forsvar for det gode mennesket.

Foto: Cappelen Damm

Ei sosial organisme

– Mennesket har alltid vore ei sosial organisme. Vår overleving og suksess har vore fullstendig avhengig av sosialt samspel. Ei gruppe der alle berre er ute etter eigen forfremjing fungerer dårleg, forklarar Hessen.

– Seier du at individet tener på å vere snill mot andre?

– Ja, men vi kan ikkje alltid stille oss lengst bak i matkøen. Likevel kan vi nedkjempe ein god del eigeninteresse fordi vi ser at det gagnar fellesskapet og dermed oss sjølve.

«Vi» er dermed det magiske ordet som Hessen meiner gjer oss til betre menneske. Han snakkar om korleis vi-kjensla i Noreg har klart å skru seg opp til eit nasjonalt nivå.

– Men nasjonalisme har vel ikkje berre gode ting med seg?

Nei, det er eit godt poeng. Vi-et blir ofte ei ulempe for dei som står utanfor gruppa. Men poenget mitt er at vi har ein betydeleg empati og omsorg for dei rundt oss, og den evna går langt utanfor vår nærmaste krets, konkluderer Hessen.

Dårlege nyheiter

Dette er sikkert triveleg lesing for mange, men kan vi tru på det? Fortel ikkje massemedia oss ei heilt anna historie?

I boka «Vi» spør Hessen om kanskje det negative er nyheiter fordi det representerer unntaket?

Han forklarar at det negative får definere kva som er normalt fordi vi ut frå eit overlevingsperspektiv er konstruert for å gi prioritet til dårlege nyheiter. I boka siterer han forfattaren Karl Ove Knausgård sine tankar om dette:

«Enhver oppramsing fortegner virkeligheten, ... herfra skulle man tro at stjernene i universet stod tett som en sildestim, men kunne man reise ut til dem, ville man forstå at sannheten om universet var rommet imellom.» (Frå boka Om våren, s. 79)

Sjølvoppfyllande profeti

Det viktigaste for Hessen er likevel ikkje nødvendigvis kva som står i boka, men kvifor han skriv boka.

– Historia vi fortel om oss sjølv påverkar i neste omgang kven vi er og kva vi gjer. Om vi tenkjer at vi først og fremst er dårlege blir det til slutt ein sjølvoppfyllande profeti.

Vi må tenkje at vi har talent for det gode, seier Hessen.

  • Lytt:

Høyr: Forfattarane Dag O. Hessen og Kenneth Moe i P2-programmet «Verdibørsen».

  • Anbefalt videre lesning:

Day After Tomorrow
Foto: Fox film

Mening i mørket. Hva skal vi med forferdelige fortellinger om verdens undergang? Les saken

Kulturstrøm

  • Buing under Israels øving til ESC-semifinale

    Da Israel øvde i Malmö onsdag kveld ble det buet fra salen. Ifølge opptak NRK har hørt og Aftonbladet. Den svenske avisen skriver også at sikkerhetsvakter stod langs trappen opp til scenen da den israelske artisten Eden Golan stod på scenen under generalprøven. Når den andre semifinalen går av stabelen torsdag sensurerer EBU lyden ut på lufta.

  • Får støtte frå pappa

    Den svenske artisten Eric Saade markerte støtte for Palestina under eit Eurovision-arrangement tysdag.

    No får han støtte frå pappa Walid Saade, melder Expressen.

    – Vi viser at vi finst og at det som pågår ikkje får skje, seier han til avisa.

    Besteforeldra til Eric Saade flykta frå Palestina til Libanon i 1948.

    Sweden Eurovision Song Contest Semi-Final
    Foto: Martin Meissner / AP
  • Regjeringen gir en million kroner til Rørosmartnan

    – Rørosregionen er en viktig region for Norge. En investering i kvalitet for investering for Rørosmartnan gir et godt bidrag. Sammen med det lokale næringslivet vil regjeringen bidra til at kulturhistorien og tradisjonene blir sikret på Røros og bevilge 1.000.000 kroner til Rørosmartnan, sier Jonas Gahr Støre.

    Støre var i vinter på besøk på Røros og åpnet arrangementet som første statsminister. Bidraget kommer I forbindelse med revidert nasjonalbudsjett, som legges fram 14. mai.

    – Dette er en merkedag for oss på Røros, og et viktig signal om at Rørosregionen er viktig også for hele Norge, sier ordfører Isak Veierud Busch (A).

    Støre på Rørosmartnan
    Foto: Statsministerens kontor