NRK Meny

Da tigrene røykte

Debutromanen ”Da tigrene røykte” er ei interessant historie om kva som skjer når ei adoptert jente reiser tilbake til eit Sør-Korea ho ikkje hugsar nokon ting frå.

Forfatteren Camilla Ønvik Pedersen. Foto: Damm forlag
Foto: Damm forlag

Kilde: Kulturnytt, NRK P2, 7. mai 2007

Artikkelen er flere år gammel.

I romanen "Da tigrene røykte" følgjer vi den unge kvinna Kathinka på den lange reisa til Sør-Korea, der ho levde sine aller første barneår før ho blei adoptert av eit norsk ektepar. Forfattaren sjølv er også fødd i Sør-Korea og oppvaksen i Noreg, så det er all grunn til å tru at boka er basert på eigne erfaringar, men ingen grunn til å tru at den er sjølvbiografisk.

Kathinka dreg til eit vilt framandt land, der alle trur ho er lommekjent. Koreanarar snakkar til henne på koreansk, og blir forvirra når ho ikkje kan språket. Og dei andre som er ute på reise trur at ho jobbar på hotellet, eller har noko med det på ein eller annan måte. Kathinka fell mellom to stolar, og får ingen respons når ho fortel at ho er norsk og kjem frå Norway, - før ho møter ei sportsgal nonne som er fan av Johan Olav Koss. Ingen reiser blir akkurat slik ein har tenkt. 

 

 

Camilla Ønvik Pedersen: Da tigrene røykte
Foto: Damm forlag

Med livet i ei øskje

På eit djupare plan handlar det om identitet. Ligg han i genane, eller blir identiteten skapt i samspel med miljøet der ein veks opp? Bør ei kvinne som er fødd i Sør-Korea kjenne seg i slekt med kulturen der, bør ho like maten og bør ho ønske å møte familien sin?

I Noreg har ho ei skoøskje, der ho gøymer alt som knyter henne til ”det biologiske”, som den norske mora seier. Denne øskja er det alltid vanskeleg å plassere på nye rom, og kvar gong vener fattar interesse, oppfattar Kathinka det som pinleg. Likevel, kassen er heilt nødvendig:  

”Flyttebilen skulle komme neste morgen. Alt måtte være klart. Det var da jeg oppdaget at skoesken var borte. Jeg tømte alle eskene og kassene og lette i alle rommene i det store huset, men jeg kunne ikke finne den. Jeg åpnet gamle permer jeg hadde pakket vekk, for å se om jeg kunne ha lagt tingene mine der, og kanskje kastet esken. Uansett hvor mye jeg lette, fant jeg den ikke. Det var første gang jeg trodde at skoesken virkelig var borte. Det gikk kaldt nedover ryggen på meg.” (s. 25)

Innsiktsfullt og nyansert

Historia om Kathinka, som har det biologiske livet sitt i ei øskje og som ikkje akkurat tek fødelandet med storm, er innsiktsfullt og nyansert fortalt i denne romanen.

Forfattaren prøver klokleg nok ikkje å gje eit allmenngyldig svar på kva opphavsland og genar har å seie, og hovudpersonen oppdagar at ho er ein av mange tusen adoptivbarn, og at doble identitetar er noko eindel folk har og som dei berre må leve med. Men både Kathinka - og kassen - blir forandra av reisa til det ukjente landet.

Romanen er fortalt i 1. person, men her er fletta inn dokument frå ein barneheim, ei dagbok, dikt, draumar og myter. Dermed blir historia større enn seg sjølv. ”Da tigrene røykte” er ein velskriven og tankevekkande debutroman.