Hopp til innhold
Anmeldelse

Sex, løgn og internett

Mørke løyndommar, drap på eige avkom, hemmelege farskap og grafiske skildringar av vald. Nei, det vi skal ikkje til «Game of Thrones»: Velkommen til universitetsrektor Siem Sigerius m/ familie.

Peter Buwalda

Dersom Peter Buwalda ikkje hadde fyrt av alle kinaputtane i løpet av romanen, så hadde «Bonita Avenue» vore ein debut i særklasse.

Foto: Mikel Buwalda

Den nederlandske forfattaren Peter Buwalda går hardt ut i debutromanen med den eksportvenlege tittelen «Bonita Avenue».

Og satsinga har brakt han både prisnominasjonar og kritikarros på fleire språk. No er den norske versjonen på plass. Sjølv var eg lenge entusiastisk, men entusiasmen snudde sånn omlag midtvegs i den nær 600 sider lange romanen.

Effekt-kollaps

Det var dér forfattarens iver etter å lasse på fekk historia til å kollapse under tyngda av alle effektane.

Vi skal nemleg inn i det pinlege, det mørke, det forbodne, groteske og det katastrofale ved drifter: Dei seksuelle så klart, men også andre drivkrefter i den gjørma menneskelege impulsar og tildriv flyt rundt i. Og vi skal køyrast rundt og rundt i dette, så ingen lesar skal vere i tvil om kva det står om.

Bonita Avenue av Peter Buwalda

Mannen som hadde alt

Men sjølv om det bikkar over, er det likevel så mykje bra her at eg kjem til å gje Buwalda ein ny sjanse når neste bok kjem.

I den herverande romanen møter vi Siem Sigerius, mannen som går frå å vere eit knalltalent i judo til å bli professor i matematikk, universitetsrektor og undervisningsminister.

Han er ein larger than life-type, likt og beundra i vide krinsar, har kone og to vakre døtrer og dessutan eit skåp fullt av skjelett han er villig til å gå langt for å skjule. Trøbbelet startar for alvor den dagen han stikk nasen inn i andres skåp, som i dette tilfellet er eit loft. Han må rømme naken.

Nakenfotografering

Første gongen han blir tatt på fersken i naken tilstand, er han i seng med nabofrua. Andre gongen er meir uskuldig, men ganske pinleg:

Bildet viste ham stående på bredden av Amsterdam-Rhin-kanalen, uten klær bortsett fra et slips, bredbeint med de bare føttene i gjørmete, flattråkket gress, kjønnsdelene godt synlige under den lett bulende femtiårsmagen. Dagen etter ble bildet publisert i omtrent alle riksavisene…

Peter Buwalda / «Bonita Avenue»

Dette var andre gongen. Tredje gongen er vi langt forbi pinleg og fjerde gongen han spring naken rundt er katastrofen eit faktum. Trass i at matematikaren Siem arbeider med teoriar om at det usannsynlege ikkje er så usannsynleg som ein gjerne trur, vippar eg av lasset då professoren etter loftsepisoden må skjule seg fordi han ikkje har kle på.

For det første er det ufatteleg søkt at han har kledd seg naken, og for det andre: kor mange synst det er spennande å lese side opp og side ned om ein naken mann som prøver å gøyme seg? Det minner om ein uttværa å så pinleg-episode i ein amerikansk komedie.

Kvar startar ein nedtur?

Men det er altså meir ved romanen enn ufrivillig kroppseksponering og utanomekteskapleg sex. Siem, den vidløftige stedottera Joni, og den fotograferande svigersonen Aaron (ja, han som tok bildet blei seinare kjærast med den vidløftige stedottera) er hovudperson i kvar sine kapittel og vi får dermed sett historier frå ulike vinklar.

Dette er elegant gjennomført, og sidan vi – som nemt – er i eit gjørmete farvatn, ser vi at personane vurderer kva som er rett og gale etter kor skadeleg det er for dei sjølve. Ikkje minst Siems moralske kompass spinn temmeleg viltert når hans eigen status står på spel.

Den moralske ettertanken er kopla saman med meir allmenne filosoferingar: Når startar ein nedtur? Kvar startar heilt konkret Siems veg mot undergangen? På loftet? Kva førte han til det loftet? Er det eksplosjonen i fyrverkerifabrikken som set i gang heile kjeda av hendingar? Eller er det Siems eige eksplosive indre som driv han lenger og lenger? Er det angsten for fallet som fører han til fall? Kunne han ha stoppa viss han ville? Går det skeis fordi han vil halde på fasaden, eller er det krefter utanfor han som styrer?

Fyrer av alle kinaputtane

Romanen gir ingen klare svar på det, men personane endrar seg lite gjennom alt dei opplever. Dei blir gale, dei stikk av, dei døyr, dei fortrengjer og bortforklarer, men dei endrar seg ikkje. Det er lite lystig for dei som måtte håpe på at moral og vilje kan trumfe gener og drifter, og at erfaring gjer klok.

Men dette er ikkje eit argument mot romanen, slett ikkje.

Lat meg leggje til at komposisjonen kompleks, men under full kontroll. Språket er uvanleg godt; det er elegant, med original og ofte lystig bildebruk som kjem godt gjennom i Hedda Vormelands omsetjing.

Så dersom debutanten ikkje hadde køyrt dei tøffaste triksa i reprise og dersom han hadde halde tilbake og ikkje fyrt av alle kinaputtane i løpet av denne første romanen, ja, så hadde dette vore ein debut i særklasse.

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters