Hopp til innhold
Anmeldelse

Velkommen tilbake, Elling!

Å møte att vener etter 20 år kan vere nervepirrande. Ikkje minst når venen heiter Elling og har sine nervar utanpå kroppen.

Ingvar Ambjørnsen

GLEDELEG GJENSYN: Etter 20 år er romanpersonen Elling tilbake. Eldre, klokare, men høgst attkjenneleg. Det er berre å heie på Ambjørnsen som tok risken, og gle seg over gjensynet.

Foto: Marie Sjøvold / Cappelen Damm

Den første nervøsiteten over går over allereie på første side: Når vår gamle ven må ta buss for tog og krev å få samtale med togførar og stasjonsmeister, ja, då kjenner vi att Elling som ikkje tek lett på endring i planane, og som heller ikkje let folk døy i synda.

Men når han så ringjer til ei kvinne for å melde frå at han kjem for seint, anar vi at den aldrande fembindshovudpersonen ikkje skal undervurderast.

Okei, kvinna viste seg å vere enkefru Annelore Frimann-Clausen. Elling skal leige sokkeletasjen i villaen hennar på Grefsen. Det er inga dame i livet hans. Ingen andre heller. Han startar i kjellaren, på null. Og han held inne med kva han har gjort sidan sist, det vil seie etter den fjerde og siste Elling-romanen, «Elsk meg i morgen», som kom ut i 1999.

Surkålpoeten går på nett

Bokomslag Ekko av en venn - Ingvar Ambjørnsen
Foto: Cappelen Damm

Handlinga kan oppsummerast ganske kort: Elling kjem til Oslo (i buss) og installerer seg i sokkeletasjen til enkefrua på Grefsen. Han handlar mat, går til legen og skaffar seg ein stamkafe. Ja, og så ryddar han i ei utebu der det har hopa seg opp for Annelore, som ho insisterer på å bli kalla.

Elling var poeten som la dikt inn i surkålpakker i butikkhyllene. No er han på Facebook. Der har han allereie husert i eit par år i gruppa «Elling-nytt», men i romanen «Ekko av en venn» opprettar han konto under falsk namn - for å kunne vere seg sjølv. Det fungerer utmerka. I matspalta «Baronen og Barbaren» får han utløp for mykje meir enn matprat, og «vener» klikkar og liker.

Trist, men vittig

Få andre enn Elling og Ingvar - om vi skal følgje opp dette med fornamn - greier å skape fortetta drama frå eit såpass udramatisk utgangspunkt. Men Elling balanserer heile tida på kanten av katastrofar: Brann i hagen, karbad hjå Annelore når ho er ute, og kven av kassadamene på Spar skal han stille seg i kø hjå? Det kan ein le av, men det er desse to kvinnene, og Annelore, som står han nærmast i verda.

Trist, så klart. Men Elling lever eit uvanleg rikt liv i språket. Han sorterer, forklarer, definerer og skaper seg eit liv gjennom ein indre monolog som til tider blir dialog med tenkte samtalepartnarar. Det er trist, men også vittig. Og det er tappert. Elling har akseptert at han er aleine og arbeider hardt med å finne glede i dei små tinga. Av og til går det.

Det er ein meir avklart og resignert Elling vi møter denne gongen. Og bakom syng ekkoet av venen Kjell Bjarne, som no er død. Når Baronen og Barbaren er ute på kafe, er ingen Elling-lesarar i tvil om kven Barbaren er.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.