For Svingen er heile tida svært tydeleg på kvar vi er, kven som handlar og kva dei tenkjer. Det kan ein like eller mislike. Meir problematisk er det at romanen er utydeleg på eit overordna nivå. Det skal eg kome tilbake til. Først må vi inn i romanen med den løfterike tittelen ”King size”.
Stor, større, størst
Her er det mykje som er stort: Romanen tel nesten 400 sider. Handlinga beveger seg rundt store deler av kloden, via internasjonale nettverk av svært ulike slag. Og ikkje minst er hovudpersonen Didrik ein sværing, det kjem fram allereie på første side i historia:
”Han er en verdensborger av sjeldent format, med lag så mange at jeg umulig vil klare å avdekke dem alle sammen. Likevel må noen prøve å samle disse trådene, gjøre et ydmykt forsøk på å finne sammenhenger og beveggrunner, for hvis denne mannens gjerninger forsvinner fra vår hukommelse, mister vi en viktig påminnelse om menneskets evne til å utfordre seg selv og kile seg inn i de store sammenhenger.” (s 5)
Slik snakkar ein om dei verkeleg store heltane. Og det er nærliggande å føye til - i serien av svære greier - at forfattaren truleg har store forbilde også: Sist registrerte helt i norsk samtidslitteratur var Jonas Wergeland, mannen som lukkast med alt men sveik kjærleiken i Jan Kjærstads trilogi frå nokre år tilbake. Han var ein mann som tenkte stort og handla stort, han greidde å få folk med seg, og han blei biografert av gåtefulle personar som stadig peika på vesentlege episodar som forma livet til den godaste Wergeland. Slik er det med Didrik også.
Utydeleg historie
Det heile startar med ein jojo. Didriks eminente teknikk fører han til VM i USA midt på 70-talet, noko som munnar ut i stiftinga av ”The Secret Society of the Yo-Yo-men”. Eit internasjonalt nettverk av ressurssterk ungdom som kan brukast til litt av kvart, men som verkar temmeleg tomt til dei får kontaktar bak jernteppet. Her yter dei tenester for både aust og vest, noko som heller ikkje gjer det heilt tydeleg kva som er drivkrafta bak nettverket. I sine beste passasjar er dette spelet riktig spennande, men det held ikkje heilt i lengda som jo altså er ganske lang.
Problemet som blir påtrengande etter kvart er at det er vanskeleg å fatte poenget. Er dette ei historie om ein uvanleg talentfull mann som ikkje veit kvar han skal kanalisere energien sin, er det historia om 70-talet og kaldkrigsparanoiaen, eller er det historia om makta den karismatiske leiaren kan få same kva han satsar på? Kanskje det er noko heilt anna. Didrik er ein utydeleg figur og det er jo mange figurar i litteraturen. Men det er også svært utydeleg kva han er skapt for, og det er verre.