Ja, for dette er noko heilt spesielt. Ein ting er sjølvsagt at det ikkje er så ofte det dukkar opp romanar som går på vers, og verseforma har ein ganske forbløffande effekt. Du kjem liksom rett på, og aksepterer utan vidare at handlinga kan gjere store sprang på kort varsel.
Livsreisa
Og så er det historia. Det er Fredy Neptune som fører ordet, ein tysk-australsk kar som får det innvikla under første verdskrigen på grunn av det tyske morsmålet sitt, og som reiser i mange år. I Tyrkia ser han armenske kvinner bli brent levande. Dette var i 1915, Fredy er 20 år og hendinga set spor på kroppen hans for livet: han misser evna til å føle. Han kan leggje handa på ei steikeplate og ikkje reagere før han kjenner lukta av svidd kjøt eller høyrer dei sjokkerte ropa frå andre. Omsider kjem den unge mannen heim att til garden han vaks opp på med mor og far.
”Jeg begynte å få øye på forandringer her og der, og rot og vanstell. Så kommer det ut en mann. Ikke far min, men en som spiller sjefen. God dag, sier han, uten et smil. God dag, - Hva kan jeg hjelpe deg med? – Vel, jeg bor her. Eller familien min gjør det. Hvor er de? Borte, spytter han ut. Der alle dere tyskersvin hører hjemme.” (s 59)
You can never go back, som det heiter, og vår mann hamnar snart på reise att. Han er sjømann, han går til filmen i Hollywood der han blir sjekka opp av Marlene Dietrich, han blir sirkusartist i Berlin, han slentrar gatelangs i Konstantinopel og opplever dei største eventyr. Og han er stadig på veg heim til Australia, - men sporar av og inn i nye historier.
Ein moderne helt
Kvar tek ein forfattar slikt frå? Min første ide var at Murray hadde Odysséen i tankane. Dette avviser han bryskt i etterordet. No er det ganske vanleg at forfattarar insisterer på at dei er utan inspirasjonskjelder og har funne på historiene sine heilt sjølv, men eg må gje forfattar Murray rett i at det finst vesentlege forskjellar på Fredy og Odyssevs. Dei er for eksempel ulike heltetypar. For sjølv om Fredy har mista følesansen, er han ikkje utan medkjensle. Tvert imot, han hjelper alltid dei som er mindre og svakare enn seg sjølv og det er dei fleste. Til og med den mannen som lovar å ta livet av Fredy når han berre kjem til hektene, bergar han med fare for sitt eige liv.
Les Murray har skapt ein moderne helt som kjempar seg gjennom ekstremismens hundreår med superkrefter og gode gjerningar, - og det utan å bli ein klisjé. Her er det eg som må ty til klisjear: Utruleg, men sant.