NRK Meny
Normal

Vart, vakkert, vemodig

Siegfried Lenz (83) har ikkje pensjonert seg. No har han skrive ei kjærleikshistorie som har fått tyske kritikarar til å henta fram superlativa.

Siegfried Lenz

Forfattaren Siegfried Lenz.

Foto: Aschehoug

Les litteraturnyhende her

”Vielleicht ist es sein schönstes”- kanskje er det hans vakraste, skriv kritikaren Marcel Reich-Ranicki i Frankfurter Allgemeine. Reich-Ranicki er elles ikkje ein mann som er kjent for å gje ved dørene - godt over 80 er han framleis i stand til å lage skandalar og førstesideoppslag i heimlandet. Men ikkje her. Den vesle forteljinga om ein kjærleikssommar får strålande kritikk - og det er vel fortent.

"Ett minutts stillhet"

'Ett minutts stillhet' av Siegfried Lenz. Omsett frå tysk av Kari og Kjell Risvik.

Foto: Aschehoug

Vi er i Tyskland, ved Østersjøen, nær grensa til Danmark ein gong på 50-talet. Den 18-åringe gymnasiasten Christian forelskar seg intenst i engelsklæraren Stella, ei vakker, omsverma ung kvinne som gjengjelder kjærleiken frå eleven. Høyrt den før? OK, det er ikkje originaliteten i emnevalet som gjer dette til ei ekstraordinær, lita bok.

Kjærleik og død

Tittelen "Ett minutts stillhet" hintar om at nokon er død. På første side i historia er vi på eit minnesamver på skulen til Christian. Den døde er Stella, men vi får ikkje vite korleis det skjedde før heilt mot slutten. Vi er inne i dette rommet på skulen med alle lærarar og elevar mesteparten av tida, men i tankane svevar Christian tilbake til sommaren med Stella. Om den varsomme romansen som heile tida måte skjulast for omverda, som heile tida måtte finne si form utanfor den daglegdagse lærar-elev-relasjonen, romansen Christian drøymte om skulle vare livet ut men som vi veit allereie frå første side ikkje blei særleg lang.

Jeg øste opp regnvann fra en tønne utenfor hytta, satte den gamle kjelen på ovnen og hadde oppi noe kamillete som jeg fant i skapet. Før jeg rakte Stella aluminiumskoppen, drakk jeg selv et par slurker. Du tok smilende imot. Så pen som du var da du løftet ansiktet opp mot meg. Da jeg ikke kunne komme på noe annet, sa jeg ”Tea for two”, og du svarte, med den overbærenheten jeg kjente så godt: ”Å, du Christian.” Stella bød på en sigarett og klappet på kanten av brisken, som oppfordring til å slå meg ned. Jeg satte meg ved siden av henne. Jeg la en hånd på skulderen hennes og følte trang til å si ett eller annet. Samtidig hadde jeg bare ønske om at denne berøringen skulle vare, og det ønsket hindret meg i å betro henne hva jeg følte. Men så kom jeg til å tenke på hva hun hadde anbefalt som sommerlektyre, og jeg syntes det var greit å nevne Animal Farm…

S. 29 "Ett minutts stillhet" av Siegfried Lenz

Eit spesielt lys

Det er på mange måtar ei uskuldig historie. Her er ingen skandaløse avsløringsscener, her er ingen utpensla sexscener, her er knapt med dialogar. Likevel greier Lenz å skape ei sanseleg, fortetta atmosfære. Og her er sanseleg meint i bokstavleg forstand: det er lukt av sjø og tare, det er vind mot hud og skarpe observasjonar av kvarandre, av naturen, av alt som skjer. Benny Goodman dannar lydsporet, akkompagnert av dønningane. Det ligg noko intenst over scenene, eit spesielt lys som sjølvsagt er skapt av kunnskapen om at Stella er død, men som i høgste grad også er skapt av språket til Lenz. Legg berre merke til den fine detaljen i sitatet ovanfor der Christian går frå å fortelje om Stella i tredje person: ”Før jeg rakte Stella aluminiumskoppen” til å snakke til Stella: ”Du tok smilende imot.” Kva slikt gjer med ei historie kan knapt overvurderast. Det som står att etter endt lesing er ikkje handlinga eller karakterane, men rett og slett tonen, stemninga, språket.

Tilbake til Reich-Ranicki, som har følgt skrivinga til generasjonsfellen Lenz gjennom alle år. Ifølgje han har Lenz aldri skrive kjærleikshistorier, og dette har vore eit tema blant lesarar og journalistar: ”Man wünschte von Siegfried Lenz eine Liebesgeschicte.”

Her er historia. Seint, men godt, Lenz!