NRK Meny
Normal

Heltemot på Helgeland

Romanen «De usynlige» kunne gjerne vore skriven på 20-talet. Gjer det noko?

Roy Jacobsen

Forfattar Roy Jacobsen.

Foto: Aas, Erlend / NTB scanpix

I romanen De usynlige skildrar Roy Jacobsen livet på ei lita øy ved Helgelandskysten. Han er tilbake på 1920-talet, og tangerer dermed historia som opna romanen Seierherrene (1991) der han følgte ein familie gjennom det meste av 1900-talet.

Mellom bakkar og berg

Men romanen gir også assosiasjonar til annan litteratur, både romanar og ikkje minst ein heilt spesiell song: «Mellom bakkar og berg utmed havet» gjekk som eit tydeleg lydspor mens eg las; Ivar Aasens karakteristikk av den ekspemplariske Nordmannen passar som hand i hanske på fiskarbonden Hans som kjempar med havet og jorda på Barrøya ved Helgelandskysten ein gong på 1920-talet. Både Nordmannen og han Hans har hug til si heimlege strand sjølv om den er karrig, og dei er begge helst nøgde mellom jamlikar mens dei kjenner seg ille til mote saman med storfolk. Eg skal ikkje dra det lenger, men berre minne om at denne songen er dikta på 1800-talet, og i tillegg nemne at bøkene som melde seg under lesinga var Juvikfolke av Olav Duun og Den siste viking av Johan Bojer, historier som er forfatta på same tid som Hans Barrøy lever sitt strevsame liv, på 1920-talet.

Å reise til fortida

Kva seier så dette om romanen De usynlige?

Mange ting.

Som at dette ikkje er ein roman med eit 2013-perspektiv på slitet. Vi er på Barrøy på 20-talet og følgjer tett på arbeidsprosessar og levemåte. Folket, i utgangspunktet fem personar, snakkar i replikkar på dialekt, men dei snakkar ikkje veldig mykje. Dei veit kva som må til og Jacobsen nærmar seg sagastilen når dei oppdagar at bestefar er død og legg han flatt på ein stige i sjøhuset utan eit ord. Neste setning handlar om at dei dagen etter ror han innover. Blei det ikkje mælt eitt einaste ord om bestefar som det er verd å rapportere, den kvelden han låg i sjøhuset?

Arbeidet adlar

Men dette er på ingen måte ei uthenging av Barrøyfolket, tvert i mot. Dei er tapre overlevarar med hjartet på rette staden. Dottera Ingrid får eit snev av pubertet etter å ha vore til konfirmasjonsundervisning og møtt jamaldringar, men det går over etter få sider. To depraverte rikmannsbarn blir til dugande menneske etter eit opphald på øya. Arbeidet adlar både barn og vaksne. Når vesle Lars prøver å selje tørrfisk til brukseigaren og denne spør etter far hans, er Lars i ferd med å svare at han er far sin. Og Felix som ikkje har nådd skulealder insisterer på at han er vaksen og ikkje eit barn.

Framsteget er eit steg vekk

Til slutt er dette eit møte mellom tradisjon og modernitet. Hans ser at den nye tida byr på ting som kan gjere livet enklare. Han ser også at om du gjev den nye tida veslefingeren, så tek den heile handa og Barrøy med. Noko vi alle veit skjer, folk lever ikkje sjølvbergingsliv på dei ytste øyane lenger. De usynlige er eit monument over ein levemåte og ein type folk som ikkje lenger finst.

Fengslande

Dette kunne gått riktig gale og hamna inn i den mest uuthaldlege kitsch om ein Robinson Crusoefamilie som mot alle odds overlever blodslit og orkan, der dei står han av trass i at nokon misser livet og andre forstanden. Når romanen ikkje har hamna der, er det fordi Jacobsen fortel historia med stor innsikt i dette livet, med stor varme for personane og i eit språk som får motførestillingar til å fordampe. Ja, det er ein gammaldags roman som hyller eit liv få av lesarane ville ha halde ut særleg lenge, sjølv om boka indirekte seier at det kunne vi hatt godt av, som dei velstandsmenneska vi er samanlikna med Barrøyfolket. Ja, dette er noko som nærmar seg helteportrett, ikkje minst gjeld det skildringa av Ingrid. Ja, dette er ein roman som peikar mot ei nær men likevel fjern fortid som kastar eit ikkje udelt flatterande lys på vår samtid.

De usynlige er rett og slett ei uvanleg fengslande og viktig bok. Det er også ei bok med mange lause trådar som ikkje krev, men som i allefall opnar for fleire bøker. Sjølv om den store historia om desse øyane er kjent, skulle eg gjerne følgt Ingrid og Lars og dei andre gjennom livet.