Hopp til innhold
Anmeldelse

Blomkålen ved verdas ende

Bak den ekstremt opne tittelen «De» skjuler det seg eit intenst lite drama. Underspelt på den måten berre danske Helle Helle kan det.

Helle Helle, dansk forfatter

Helle Helle greier å skape eksistensielle og gripande historier utan å gripe til store ord og fakter.

Foto: Mikkel Carl

Helle Helle har nemleg ei eineståande evne til å skape ei kjensle av at alt står på spel, utan at ho fortel det til oss.

Denne gongen skal vi til den danske byen Rødby, på 80-talet. Ungdommen lyttar på kassettar og lagar avtalar når dei står ansikt til ansikt. Dei kan la telefonen ringe ut, og leve uvitande om kven som var i andre enden. Ei namnlaus kvinne i 40-åra arbeider på parfymeri. Ho bur saman med dottera, som går på gymnaset. Det er truleg desse to som er «de». Ja, og ein ting til: Ho, altså mora, får ein diagnose: ho kjem til å døy i løpet av eitt års tid.

Evig presens mot tida som går

Denne diagnosen er jo dramatisk på ein heilt konkret måte, og såleis temmeleg utypisk i forfattarskapet. Men Helle let den berre liggje der som eit bakteppe for livet deira, som dei lever slik dei tydelegvis alltid har gjort: Dei flyttar rett som det er, dei ommøblerer stadig vekk, jenta rotar, mor ryddar, dei elskar kvarandre utan å fortelje det. Panikken og uroa kjem til syne gjennom uhemma latterkuler og gjennom tårer dei arbeider hardt for å få kontroll over, medan dei skramlar kraftig ved kjøkenbenken.

Krisa vert også understreka gjennom teksten, som er lagt konsekvent i presens, anten det er snakk om fortid eller notid. Det fører til merkelege setningar som «Det er i fjor». Framtida blir ikkje snakka om. I framtida ligg fortidsforma av verbet som ein trussel: Om ikkje lenge må jenta snakke om mora i fortid.

Kunsten å lese seg innover

Å få eit val av grammatikalsk tid til å fortelje historia, er eit uvanleg godt grep. Tida går liksom ikkje, noko som også vert understreka ved at første og siste scene er den same: Jenta går over jordene med eit blomkålhovud. Berre at på slutten veit vi lesarar kva som er i gang og blir djupt rørt. Og det utan at vi har vore under huda eller inne i sjela eller vore vitne til heftige scener.

Då eg første gong melde Helle Helle, det var i 2001, måtte eg lese romanen to gonger for å forstå at dette var noko anna enn berre ein roman der mykje kunne ha skjedd, men ingenting skjedde. Då eg omsider forstod at eg skulle lese nøye og dikte med, opna forfattarskapet seg. Vakre og gjennomarbeidde historier der menneske står overfor det overveldande livet. Faste ritual som oksesteik, ein stolen liten pause i døra, ein usagt avtale om å le heller enn å gråte skaper nødvendige rammer – så lenge det varer.

Passar for deg som

  • har sans for å fylle inn det som ikkje står forklart

  • veit å setje pris på ein gjennomarbeidd, velkomponert og vakker tekst

Kulturstrøm

  • Endrar på Taylor Swift-billettar i Sverige

    Ticketmaster gjer endringar på billettane som er selde til konsertane Taylor Swift skal halde i Stockholm neste veke, melder Expressen.

    Dei rundt 200.000 selde billettane var personlege. Det vil seie at den som kjøpte billettane, også var den som måtte bruke dei i dåra.

    Ordninga fekk kritikk, og no har Ticketmaster snudd.

    – Arrangøren har fjerna den tidlegare regelen for å gjere det enklare for fansen å bruke billettane sine, skriv dei ein e-post til kjøparane.

    Taylor Swift opptrer i en rosa paljettdrakt på Monumental stadium på Eras Tour-konserten i Buenos Aires i Argentina i november i 2023.
    Foto: Natacha Pisarenko / AP
  • Det kan bli streik under filmfestivalen i Cannes

    Ei veke før filmfestivalen i Cannes startar, kan det bli streik i filmbyen, skriv NTB,

    Rundt 100 personar, blant dei kinomaskinistar, billettseljarar og pressekontaktar, protesterer mot lønns- og arbeidsvilkår.

    Dei seier at dei ikkje ønsker å sette festivalen i fare, men få merksemd rundt spørsmål dei har prøvd å løfte fram i lang tid.