Formann i Det litterære råd, forfattaren Karin Sveen, kjem raskt med namnet Tomas Tranströmer når ho skal gjette på kven som får prisen i år.
Karin Sveen trur at Tomas Tranströmer kan få Nobelprisen
- Han er ein fantastisk lyrikar som er omsett til mange språk og kjend og respektert i mange land. Dessutan er det mange år sidan ein skandinav fekk prisen, seier Sveen.
Men ho trur likevel at Svenska Akademien vil velja ein kandidat frå ein annan kant av verda.
Politisk korrekt
Litteraturprofessor Hans H. Skei held og ein knapp på Tranströmer mellom skandinavane. Per Olof Enquist kan og nå opp.
- Det er ingen nordmenn som er aktuelle. Det er fleire som spekulerer i den indonesiske forfattaren Pramoedya Ananta Toer. Det kan og vera eit politisk korrekt val med tematikk frå den tredje verda. Men eg tykkjer ikkje han held mål utifrå den siste boka, seier Skei.
Skei har sjølv fleire gonger gjort framlegg om at amerikanaren Thomas Pyncheon skulle få prisen.
- Innenafor det postmoderne er han av dei største i vår tid, seier Skei.
Kombinasjon
Han meiner grunnlaget for pristildelinga alltid er ein kombinasjon av fleire element.
- Toni Morrison, som fekk prisen då ho var 62 år, hadde aldri fått prisen så tidleg om det ikkje hadde vore for at tildelinga var politisk korrekt. Men sjølvsagt hadde det ikkje gått om den kunstnarlege kvaliteten ikkje hadde vore god nok, seier Skei.
Politisk meiner ha og at tida kan vera inne for å gje prisen til til dømes Salman Rushdie. Men Skei tykkjer ikkje han held mål litterært lenger.
- Den siste boka hans var ein nedtur for meg. Han har hamna i den store underholdningsindustrien, meiner Skei.