Å starte på fredag den 13 er ei stor utfordring for ein som er litt overtruisk og har høgdeskrekk. Det kan bli spennande på fleire måtar.
Birger Meland har trødd sine barnesko i «Fagre Stryn». Han er 57 år, gift og småbarnsfar. Han har bak seg eit allsidig yrkesliv, men har og tid til ein kreativ hobby.
Lang fartstid i NRK
Birger Meland har jobba ved distriktskontoret i Sogn og Fjordane i Førde i snart 17 år. Før dette starta han Radio Stryn og var redaktør i fem år.
Birger er ein godt likt programleiar. Han er på førenamn med heile fylket har eit smittande humør. Humoren tek han med seg i både i jobb og fritid .Han har jobba fram fleire program som lyttarane har sett stor pris på og hans spesialitet er direktesendingar ute blant folket.
Eit program som har gått i fleire år på lokalradioen i fjordfylket er «Bedriftsbesøk». Der presenterer Birger bedrifta frå alle sider. Det er nok mange som ikkje har vert klar over mangfaldet av arbeidsplassar i fylket og kva dei driv med. Dette har Birger gjort noko med.
Visste du at ei bedrift i Måløy lagar trålposar til fiskebåtar som er større enn Eiffeltårnet?
Nye idear
– For tre år sidan fekk eg idéen til endå eit nytt program. Eit program for seniorar laga av seniorar.
– Her samlar eg eit panel av personar med lang livserfaring som diskuterer alt frå små bagatellar til store politiske saker. Det er ikkje eit supperåd, men har nyheitselement krydra med humor. Programmet er ein suksess som vil halde fram sjølv om eg i ein periode no har stasjoneringstad Minde i Bergen og Norge Rundt, seier Meland.
Likar seg best på direkten
Birger har laga føremiddagsradio direkte frå Torshavn på Færøyane og frå Svalbard der han møtte utflytte fjordingar og sogningar.
I fjor sommar jobba han ein kort periode for Reiseradioen der han var reisande reporter, men han har og ofte vert å høyre om fredagskveldane i Helgestart på NRK P1.
Birger har òg laga tv ved enkelte høve. Mellom anna innslag for Norge Rundt. Kanskje nokon hugsar
som kvar morgon fekk ferske egg til frukost?Det er såleis ein røynd kar som overtek Norge Rundt-skuta frå 13. februar.
Viktig med allsidig bakgrunn
Birger Meland har ein allsidig og spennande yrkesbakgrunn. Han har mellom anna vore buss og trailersjåfør i fleire år, jobba på kontor og drive eige firma innan musikk og video.
Han har òg vore fleire år i forsvaret som befal. I fem år var han og valt av bystyret i Førde som lekdommar ved Fjordane Tingrett .
Musikar og showmann
Birger sin store hobby er musikk. Han er sjølv utøvande og det er ikkje få som har opplevd han på ei sene. Denne hobbyen er terapi i ein elles travel kvardag.
- Og så lenge eg kan gje noko musikalsk til folk så held eg det gåande. seier han.
Dei siste åra har han jobba i tospann med kunstnaren Oddvar Torsheim. Dei to har reist land og strand rundt med musikk, humor og litt galskap. Folk må få fram latteren. Det gjer godt for livet.
No blir altså Birger Meland å sjå i TV ruta frå 13. februar der han skal leie Norge Rundt.
– Ein slik jobb er stor tillit, men ikkje minst ei ny erfaring og utfordring. Eg både gruar og gledar meg litt til jobben. Og så er det dette med å vere borte frå familien i lange periodar. Men heldigvis har eg god støtte frå kona og ungane. Å ha første sendinga på fredag den 13. for ein som er litt overtruisk og har høgdeskrekk er ikkje det eg hadde ønskt meg mest. Men den som ikkje tør å satse på noko nytt, gripe dei sjansane som byr seg har heller ikkje tru på framtida, seier Birger Meland.