Hopp til innhold

Filmskaparar etter antirasistisk klage: – Rysta og skuffa

Barnefilmen «Helt super» blei utsett under den tyske filmfestivalen etter skuldingar om stereotypiske framstillingar av svarte menneske.

Helt Super

SUPERHELTAR: «Helt super» er ein animasjonsfilm som handlar om Hedvig og faren hennar som er pensjonert superhelt.

Foto: Qvisten Animation/Nordisk Film Distribusjon

Det var søndag at filmfestivalen i Berlin, òg kalla Berlinalen, tok imot ein klage om barnefilmen «Helt super».

Den antirasistiske filmorganisasjonen Artef (Anti-Racism Taskforce for European Film) meiner filmen inneheld stereotypiske framstillingar av svarte menneske, ifølge Berlingske Tidende.

Det fekk vidare festivalen til å avlysa gallapremieren til filmen.

Filmskaparane seier til NRK at dei er skuffa, og stiller seg uforståande til reaksjonen.

– Filmen er sett av 110.000 på kino i Noreg, og vann publikumsprisen under juniorutgåva av Tromsø internasjonale filmfestival i haust, seier dramasjef Ellen Alveberg i Qvisten Animation.

Ho fortel at dei ikkje har fått innsikt i kva klagen handlar om utover det som har kome fram.

– Overraska og veldig skuffa

Alveberg peikar på at filmen har blitt seld til meir enn 150 land, inkludert USA.

– Det har skjedd utan at det har kome nokre reaksjonar. Intensjonen vår har vore å fortelja ei historie om at alle er gode nok akkurat som dei er, seier ho.

Fra barnefilmen Helt Super

Skaparane bak «Helt super» stiller seg uforståande til klagen.

– Er de overraska?

– Overraska og veldig skuffa. Me mista premiereforestillinga og feiringa av filmen.

Kva tenker de om at korleis Berlinalen har handtert saka?

– Me har blitt invitert til å delta i konkurransen i Generations-programmet, og opplever dette kort tid før filmen skal visast. Dersom me ikkje kan stola på at festivalen står ved vala sine, vil ein i framtida måtta vurdera deltaking i Berlin. Festivalen risikerer å bli irrelevant om dei ikkje sjølv bestemmer kva filmar me skal sjå.

Kommunikasjonssjefen i Berlinalen, Frauke Greiner, skriv i ein e-post til NRK at dei har snakka med filskaparane, produksjonsselskapet og Norsk filminstitutt etter at dei tok imot brevet.

– Etter diskusjonar med dei og eit møte med Artef tok me avgjerda om at me trong meir tid på begge sider for å finna ein måte å presentera den første visinga, skriv Greiner.

– Me tok desse bekymringane svært alvorleg i samsvar med våre etiske retningslinjer. Me diskuterte med ekspertar og ønskte meir tilbakemelding.

Berlinalen har bestemt at det skal vere ein åtvaringstekst på dei attverande filmvisingane, ifølge Greiner.

NFI: – Ikkje noko ein skal åtvarast mot

Artef er ein organisasjon som skal takla institusjonell rasisme i europeisk film.

Han er støtta av ulike filmorganisasjonar. NFI har tidlegare gitt tilskot til eit kurs i regi av Artef.

Direktør Kjersti Mo i NFI seier til NRK at ho meiner måten festivalen har handtert saka på er uhaldbar.

Kjersti Mo 03

NFI-direktør Kjersti Mo seier kunstnarisk fridom og ytringsfridom står under eit valdsamt press i vår tid.

Foto: FRODE FJERDINGSTAD / FRODE FJERDINGSTAD

– Dette er eit prinsipielt spørsmål. Filmen blei jo invitert og skulle få sin internasjonale premiere, og det var knytt stor spenning til det, seier ho og fortset:

– Me ville ikkje ha med den «åtvaringsteksten», me meiner at filmen står bra for seg sjølv.

Ho fortel at dei har sagt til filmfestivalen kva dei meiner om saka, og at dei har hatt mange og lange diskusjonar med festivalen.

– Kunstnarisk fridom og ytringsfridom står under eit valdsamt press i vår tid, og det at ein film blir vist uhindra på ein festival er viktig om me skal ha gode diskusjonar etterpå. Det gjeld òg barnefilm.

– Absurd

Etter avgjerda om å avlysa gallapremieren, sende Berlinalen ut varsel til alle som hadde kjøpt billettar til ei seinare vising av filmen.

Der skreiv dei ifølge Berlingske Tidende at ein er blitt «merksam på at filmen kan bli fortolka annleis enn regissøren hadde tenkt seg, og filmens framstilling av svarte menneske kan bli oppfatta som stereotype».

Overfor avisa understrekar filmfestivalen at dei «følger situasjonen og er villige til å gjera meir om det blir naudsynt».

Også Virke Produsentforeningen, som organiserer norske produksjonsselskap, reagerer kraftig på korleis Berlinalen har opptredd.

– Det er oppsiktsvekkande at ein velrenommert festival som Berlinalen opptrer så uryddig og heilt utan eigen integritet i eit så viktig prinsipielt spørsmål som det å ha eigarskapen til å programsette sin eigen festival, seier Åse Kringstad som er leiar i Virke Produsentforeningen.

Åse Kringstad er leder i Virke Produsentforeningen.

Åse Kringstad er leder i Virke Produsentforeningen.

Foto: Virke Produsentforeningen

Virke Produsentforeningen seier dei er bekymra for kva det har å seia for formidlinga av film framover, og meiner Berlinalen ikkje er til å stola på.

– Dette er djupt problematisk ut frå eit ytringsfridomsperspektiv, og me kan ikkje sitja stille og la dette skje, seier Kringstad.

– At Berlinalen no seier dei vil setja opp filmen med ein «åtvaringstekst» verkar også som absurd.

– Står fram som eit mysterium

Filmen blei sloppe i Noreg september 2022. Filmkritikar Birger Vestmo i NRK trilla den gong terningkast fire.

Han seier at han er veldig interessert i å vita kva samanheng kritikken er lagt fram i og kva bakgrunnen for klagen faktisk er.

– Det står fram for meg som eit mysterium. Det verkar som overdriven woke-leiting her. Samstundes er eg litt nervøs for at eg har oversett noko som ein kvit mann i 50-åra ikkje har skjønt. Men eg kan ikkje heilt forstå at det skal vera noko kontroversielt i «Helt super». Han er ein morosam barnefilm med eit trygt og velkjent tema om å stola på sine eigne, indre kvalitetar, seier han.

Han legg til at han meiner at klagen står fram som veldig laus og utan substans.

Alveberg fortel at dei er skaka og skuffa i Qvisten Animation.

Birger Vestmo, filmkritiker i NRK.

Filmkritikar Birger Vestmo meiner klagen mot «Helt super» står fram laus og utan substans.

Foto: HENRIETTE DÆHLI / NRK / Henriette Dæhli

– Turen til Berlin skulle vera ei fin feiring av filmen, men blei ikkje noko av det me gleda oss til. Festivalen har handtert dette usedvanleg rotete og uprofesjonelt der det har vore vanskeleg å forstå kva dette eigentleg handlar om. Me skulle vera feira gjester, men slik blei det ikkje.

Det har endå ikkje lukkast NRK å komma i kontakt med Artef.

I ein tidlegare versjon av saka stod det at NFI er blant organisasjonane som støttar Artef. Det er ikkje rett, men NFI har i eit tilfelle gitt eit tilskot til eit kurs i regi av Artef, då organisasjonen var heilt ny.

Endra 24.02.23: I ein tidlegare versjon av saka blei ordet «farga» brukt i dei direkte oversette sitata frå Artef. Dette er sidan blitt endra til «svart» i samsvar med Språkrådet si tilråding om bruk av ord for å beskriva hudfarge.

Kulturstrøm

  • Gitarlegenden Duane Eddy er død

    Eddy døde av kreft på sykehuset Williamson Health, opplyser kona Deed Abbate, ifølge nyhetsbyrået AP.

    Duane Eddy var født i delstaten New York, men bodde i Arizona da han fikk sitt store gjennombrudd med låten «Rebel-'Rouser» i 1958. Han ble også kjent for blant annet «Because They're Young» og sin versjon av Henry Mancinis «Peter Gunn».

    Eddy betegnes som en av rockehistoriens mest innflytelsesrike instrumentalister og var en stor inspirasjonskilde for artister som George Harrison, Bruce Springsteen og John Fogerty, skriver Guitar World.

    (NTB)

    Duane Eddy under Stagecoach Music Festival i Indio i California i 2014.
    Foto: AP
  • Fausa og Antonsen til scenen sammen

    Atle Antonsen, Trond Fausa og Vidar Magnussen er blant skuespillerne som er klare for komedien «Peter Pan går til helvete» på Chateau Neuf i januar 2025.

    Ifølge en pressemelding blir oppsetningen den første norske versjonen av «Peter Pan Goes Wrong», som er spilt på Broadway og West End tidligere.

    Kim Haugen skal regissere og Bjarte Hjelmeland er produsent, og også Siw Anita Andersen, Nils-Ingar Aadne, Kristine Grændsen, Jan Martin Johnsen, Modou Bah og Tiril Heide-Steen står på rollelisten.

    Lena Kristin Ellingsen og Trond Fausa Aurvag på «Oppenheimer»-premiere i London i 2023.
    Foto: Vianney Le Caer / Invision / AP
  • Forfatteren Paul Auster er død

    Forfatteren Paul Auster er død, 77 år gammel, melder New York Times.

    Den svært produktive forfatteren ble beskrevet som en «litterær superstjerne». Han ble kjent på 1980-tallet med sin postmodernistiske gjenopplivingen av noir-romanen.

    Forfatteren var for nordmenn mest kjent for New York-trilogien, «Moon Palace» og «Brooklyns dårskap». Bøkene kom ut i henholdsvis 1985-1987, 1989 og 2005. Auster skrev også dikt, essays og filmmanus, blant annet.

    Han døde i sitt hjem i Brooklyn, etter komplikasjoner i forbindelse med lungekreft.

    Auster giftet seg i 1981 med norskættede Siri Hustvedt, som også er forfatter. Paret har vært på flere turer til Norge og har også deltatt på Aschehougs hagefest sammen.

     Paul Auster fotografert i 2011. Han har grått hår, gredd tilbake, mørk frakk og skjorte. Han ser bestemt, men vennlig inn i kameraet.
    Foto: BOB STRONG / Reuters