Hopp til innhold

Gir mest til fri kultur

Bergen har som mål å bli den viktigaste kulturbyen i Norden innan 2017. Allereie no er det er den byen i landet som bruker mest pengar på kultur, meiner Bergen sin kulturbyråd.

Henning Warloe

Kulturbyråd Henning Warloe (H) meiner det er unikt at Bergen i år gir rekordhøge 6,1 millionar kroner fritt til kunstnarane.

Foto: NRK

I dag deler Henning Warloe ut 6,1 millionar kroner i frie tilskot til bergenskunstnarar. Til samanlikning får kunstnarar i Oslo berre 824.000 kroner.

- Litt i forkant

Tine Rude

Tine Rude

Foto: www.jskompani.no

Ein av kunstnarane som jublar er Tine Rude. Ho får til saman 280.000 kroner til etablering av eit nytt lokale for produsentar som driv med scenekunst, og til samtidmusikk-konsertserien Avgarde.

- Det er fint å vere i Bergen og ha ein kommunal kulturpolitikk som ser ting litt i forkant, seier Rude.

Ho er blant dei 182 som har fått innvilga søknaden om støtte frå kommuna si tilskotsordning til profesjonelle prosjekt innan kunst og kultur. Dette er altså pengar utanom dei faste summane til for eksempel Festspillene og kunstmusea.

Kulturbyråd Henning Warloe meiner det er unikt at Bergen i år gir rekordhøge 6,1 millionar kroner fritt til kunstnarane.

- Når vi har 6,5 millionar til disse formåla, så har Oslo berre 830.000 og Trondheim har 1,2 millionar. Vi ligg altså på eit mykje høgare nivå, og det gjer oss meir nyskapande som kulturby, seier Warloe.

Skal bli viktigast i Norden

Bergen har som mål å bli den viktigaste kulturbyen i Norden innan 2017. Kulturbyråden meiner dei er på god veg.

- Vi er meir oppteke av innhaldet i kulturlivet enn dei store bygga. Når det gjeld innhaldet og det som blir skapt, så skjer det mykje meir spennande i Bergen enn andre stader i Norge, seier Warloe.

Torger Ødegaard

Torger Ødegaard (H)

Foto: Erlend Aas / Scanpix

Kulturbyråd i Oslo, Torger Ødegaard, og partifelle i Høgre, omfamnar kultursatsinga i Bergen.

- Det er ingen tvil om at Bergen her har valt å bruke meir pengar på denne type tilskot og stipend. Tenk om Bergen, Trondheim og Oslo kunne ha ein uhøgtideleg konkurranse om å bli best på kultur og kulturpolitikk! Ein slik konkurranse ville eg veldig gjerne vere med på frå Oslo si side, seier Ødegaard.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters