Hopp til innhold

BBC kuttar etter kritikk

BBC legg ned to radiokanalar og kuttar i nett-satsinga si, etter kritikk om unødvendig høg pengebruk.

BBC.
Foto: NICOLAS ASFOURI / AFP

Kritikken kjem frå både politikarar og kommersielle konkurrentar, til dømes Rupert Murdoch’s News Corp., som fryktar at BBC si satsing vil kvele dei kommersielle medieselskapa. Den britiske rikskringkastaren har brukt mykje pengar på utvikling av tilbodet i desse økonomisk vanskelege tidene, der dei kommersielle aktørane slit med å klare seg.

– Dei to digitale radiokanalane BBC Asian Network og BBC 6 Music vil verte lagt ned frå neste år, som ein del av gjennomgang av BBC sitt budsjett og tilbod, seier generaldirektør i BBC Mark Thompson.

Positiv respons

Mark Thompson BBC

Generaldirektør i BBC, Mark Thompson, kunngjorde kutta for pressa 2. mars.

Foto: Ben Stansall / Scanpix/AFP

I tillegg til å kutte radiokanalane føreslår generaldirektør i BBC, Mark Thompson å halvere talet på seksjonar på nettsidene, og innan 2013 skal dei bruke 25 prosent mindre på nettstaden per år. Samla skal kutta skal frigje 600 millionar pund, som BBC vil bruke på program-utvikling.

Planane skal no vurderast av BBC Trust som overvakar aktivitetane til kringkastaren, og skal deretter ut på høyring.

– Publikum betaler for BBC, og det er difor viktig at vi alltid utviklar oss slik at vi kan møte deira forventingar, uttaler Michael Lyons, leiar for BBC Trust.

– Denne strategiske gjennomgangen er del av den prosessen, seier Lyons.

Medieminister i Storbritannia, Ben Bradshaw, er glad over utspelet frå BBC. Han har tidlegare argumentert for at det var på tide å tøyle BBC sin utgifter.

Nærmar seg val

BBC får i likskap med NRK i Noreg inntektene sine frå tv-lisensen, som vert betalt av alle som eig ein tv. Totalt er det snakk om 3,6 milliardar pund i året. BBC vert med jamne mellomrom skulda for dette gjev dei ein urettferdig dominans over dei kommersielle konkurrentane.

Det konservative partiet har tradisjonelt vore meir negativt innstilt til BBC enn Labour, som no sit i regjering. Dersom dei konservative skulle vinne parlamentsvalet i juni, noko som ikkje er utenkjeleg, er det venta at dei vil kome til å fryse lisensen på dagens nivå.

Den strategiske gjennomgangen BBC no lanserer vert difor oppfatta som eit forsøk å syne ei eventuell konservativ regjering, at rikskringkastaren kan tilpasse seg.

Kulturstrøm

  • Fausa og Antonsen til scenen sammen

    Atle Antonsen, Trond Fausa og Vidar Magnussen er blant skuespillerne som er klare for komedien «Peter Pan går til helvete» på Chateau Neuf i januar 2025.

    Ifølge en pressemelding blir oppsetningen den første norske versjonen av «Peter Pan Goes Wrong», som er spilt på Broadway og West End tidligere.

    Kim Haugen skal regissere og Bjarte Hjelmeland er produsent, og også Siw Anita Andersen, Nils-Ingar Aadne, Kristine Grændsen, Jan Martin Johnsen, Modou Bah og Tiril Heide-Steen står på rollelisten.

    Lena Kristin Ellingsen og Trond Fausa Aurvag på «Oppenheimer»-premiere i London i 2023.
    Foto: Vianney Le Caer / Invision / AP
  • Forfatteren Paul Auster er død

    Forfatteren Paul Auster er død, 77 år gammel, melder New York Times.

    Den svært produktive forfatteren ble beskrevet som en «litterær superstjerne». Han ble kjent på 1980-tallet med sin postmodernistiske gjenopplivingen av noir-romanen.

    Forfatteren var for nordmenn mest kjent for New York-trilogien, «Moon Palace» og «Brooklyns dårskap». Bøkene kom ut i henholdsvis 1985-1987, 1989 og 2005. Auster skrev også dikt, essays og filmmanus, blant annet.

    Han døde i sitt hjem i Brooklyn, etter komplikasjoner i forbindelse med lungekreft.

    Auster giftet seg i 1981 med norskættede Siri Hustvedt, som også er forfatter. Paret har vært på flere turer til Norge og har også deltatt på Aschehougs hagefest sammen.

     Paul Auster fotografert i 2011. Han har grått hår, gredd tilbake, mørk frakk og skjorte. Han ser bestemt, men vennlig inn i kameraet.
    Foto: BOB STRONG / Reuters
  • Gérard Depardieu stilles for retten i overgrepssak i oktober

    Skuespilleren Gérard Depardieu anklages for seksuelle overgrep og stilles for retten i oktober, opplyser fransk påtalemyndighet.

    Depardieu ble mandag løslatt etter å ha blitt avhørt om angivelige seksuelle overgrep, opplyser skuespillerens advokat. Skuespilleren nekter selv for å ha gjort noe galt.