Hopp til innhold

Austerrikes «døtrer» vil inn i nasjonalsongen

Politikarar vil inkludere kvinner i teksten til den austerrikske nasjonalsongen. Endringa kan kome i 2012, etter tiår med kamp.

AUSTRIA-HISTORY-CULTURE

Tidlegare kvinneminister og parlamentsmedlem Maria Rauch-Kallat har kjempa for ei endring i nasjonalsongen i mange år. No kan ho få ønsket sitt oppfylt.

Foto: Kaz / AFP

Dei store austerrikske partia vart nyleg einige i Parlamentet om å endre teksten på nasjonalsongen innan eit halvt år, for å inkludere referansar til kvinner. Etter fleire tiår med debatt skal no ei tekstlinje bli endra frå «Du er heimen til store søner» til «Du er heimen til døtrer og søner».

Endringa blir formalisert ved stemming i Parlamentet til hausten og teksten kan bli endra 1. januar 2012.

Høyr nasjonalhymna i originalversjon HER

Vart saksøkt for endring

Ironisk nok er den originale teksten skrive av ei kvinne, Paula von Preradovic, i 1946. Musikken vart komponert på slutten av 1700-talet, eigentleg av Johan Holzer, men det var Wolfgang Amadeus Mozart som tok æra for den.

Då keisardømet Austerrike braut saman i 1919 bytta ein nasjonalhymne. Men det var først etter den andre verdskrigen at «Land am Berge, Land am Strome» vart nasjonalsong. Tittelen tyder «Land av berg, land ved floda».

Heimat bist du grosser Söhne.

Land der Berge, Land am Strome

skal bli:

Heimat grosser Töchter, Söhne.

Land am Berge, Land am Strome

Rockestjerna Christina Stürmer song hymna med ny tekst i fjor, men vart då saksøkt av familien til tekstforfattaren. Ho vart frifunne av austerriksk høgsterett.

– Kan identifisere meg

NRKs reporter i Austerrike, Johan Tollgert, spurde vanlege austerrikarar kva dei synest om endringa. Maria Pfurschaler kjenner seg ikkje diskriminert av teksten i nasjonalsongen.

– Som kvinne kan eg også identifisere meg med landets søner, i teksten slik som vi har sunge den i fleire tiår, seier ho til NRK.

Journalist i austerriksk statleg radio, Patricia Jilt, er imot ei endring av teksten, men av ein annan grunn.

– Ein har ikkje rett til å endre originalverk som ein vil. Om ein byrjar å gjere det, vil mange fleire verk bli vanskapte i framtida, seier ho til NRK.

(Artikkelen held fram under biletet)

Austria soccer fans

Den austerrikske nasjonalsongen blir endra 1. januar 2012, dersom Parlamentet stemmer ja.

Foto: Czarek Sokolowski / AP

Ingen mannlege politikarar uttaler seg

Austerrike er på 25. plass blant EUs 27 medlemsland når det gjeld lønsforskjellar mellom menn og kvinner, berre i Estland og Tsjekkia er forskjellen større. Kvinner tener 32 prosent mindre enn menn, ifølgje Austrian Independent.

Det konservative partiet har blitt kritisert fordi ingen av deira mannlege parlamentsmedlemer har uttalt seg om endringa av nasjonalsongen. Tidlegare kvinneminister og no parlamentsmedlem, Maria Rauch-Kallat frå Folkepartiet, har jobba for å få gjennom endringa i fleire år.

I 2005 krevde kvinneministeren ei endring, men møtte då hard motstand frå media. Men det er no svært truleg at endringa går gjennom, sidan dei største partia er einige.

Høyr i Kulturnytt:

Den austerrikske dirigenten Bernard Sieber er overtydd om at forslaget kjem til å bli vedtatt.

– Vi lever gudskjelov i eit land der menn og kvinner har same rettar. Difor er det morsomt at teksten heng etter utviklinga, meiner han.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters