Askil Holm er eigentleg historia om nok ein Namsos-musikar som ville opp og fram. Det byrjar etterkvart å bli ein del av dei. Har du ikkje høyrd om Prudence, kjenner du definitivt til D.D.E. eller Åge Alexandersen. Denne gongen handlar det om ein 22 år gammal kar som brått fekk noko å tenkje på då han som fjortenåring høyrde Jeff Buckley for fyrste gong.
Askil Holm kjem og på NRK1 med eigen dokumentar. På NRK Tyholt i Trondheim, fekk han sjå utdrag av filmen som kjem på skjermen seinare i år. Foto: Øyvind Andrè Haram, NRK.
Ville forme si eiga plate
- I det eg lytta på den plata til Jeff Buckley, fekk eg auga opp for kva slags plate eg ein gong ville lage. Han gav meg så masse inspirasjon at eg forstod verkeleg kva musikk var for noko. ”Daydream receiver” er det eg i alle år har drøymd om å lage.
- Kva har plata?
- Den har ei blanding av svært masse. Enkelte vil vel karakterisere den som høgoktanrock med popprefreng. Musikalsk så har den masse inspirasjon frå den britiske punken og det som skjedde i Amerika på same tid. Sper du det med det britiske lydbilete frå 90 talet er du i nærleiken.
På ”Daydream receiver” har Askil fått med seg fleire kjende artistar. Du kan blant anna høyrer han i duett med Kristin Asbjørnsen frå Dadafon på songen "Waving Goodbye".
Askil Holm har holdt gnistrande konserter ei rekkje stader. Her under Norwegian Wood i fjor. Foto: Per Ole Hagen, NRK.
Lars Horntvedt frå Jaga Jazzist har og vore med og arrangert stryk og blåsearrangement. Det faste band består av Freddy Bolsø, Bård Ingebrigtsen, Morten Strøm og Sander Olsen. I fjor reiste Askil og bandet til legendariske Silence Studios utanfor Arvika i Sverige. Der arbeida dei med Anders Lind som blant anna har gjort ting for bob hund, The Hellacopters og Melody Club.
Hype?
Det meste har gått rette vegen for Askil sidan han og bandet Attack vant talentkonkurransen ”Under 17” på NRK i 1995 med songen ”Stup”. Den gongen var Askil berre 15 år gammal. I etterkant har han rukke å bli kanskje ein av dei mest omtala talenta i Noreg akkurat no. Under by:Larm i Kristiansand i fjor blei han kåra til beste liveartist av NRK Petre og VG. I tillegg ville Norsk Musikkforleggerforening ha det til at "The Boy with the Boomerang" var den beste songen i 2002.
- Det meste har gått min veg. Eg trur det handlar om å ha tru på seg sjølv, og vere heilt dønn ekte. Ein del av dette er sjølvsagt flaks. Men å bruke tid på det ein har trua på er ein viktig faktor. Bruk tid og arbeid masse med det du vil at andre skal høyre, er oppfordringa frå Askil.
På filmlerretet i USA
Denne våren vil du nok heilt sikkert legge merke til namsosingen Holm. NRK1 lagar ein dokumentar om Askil som vert sendt seinare i år. I tillegg har han greitt det unike å kome med på soundtracket til ein amerikansk film.
- Den norske regissøren Harald Zwarts ville gjerne ha med ein norsk artist på sin nye film ”Agent Cody Banks”. Eg sendte inn mitt bidrag, og ikkje lenge etter tok Zwarts kontakt.
Filmen har premiere i USA 14 mars. I sin førre film ”One Night at McCool's” var A-ha med på soundtracket. Sist veke tok Askil turen over til USA for å møte Zwarts
- Det var utruleg morosamt å få møte han der borte. I tillegg snakka eg masse med folk innan musikkbransjen i USA. Det gjer det kanskje lettare å ta kontakt når eg kanskje kan tenkje på utlandet ein gong i framtida?
Glad i heimbyen
Namsos har skapt svært mange artistar gjennom langt tid. I tillegg har det og skjedd mykje positivt dei siste åra. Namsos Rock Festival seinare i år eit godt prov på det som skjer i byen akkurat no.
- Vi har eit svært bra musikkmiljø i Namsos. Eg trur det har masse å gjere med at folk trur på kvarandre og hjelp kvarandre fram. Namsos er ein by å vere stolt av, sjølv om eg då er født i Trondheim og med det kan kvalifiserast som råekte trønder, humrar Askil.
Filmen Agent Cody Banks kjem på lerret i Noreg til sommeren. Foto: www.agentcodybanksmovie.com