Arne Johannessen

Arne Johannessen var gjest i Stjerneklart 2. mai.

Arne Johannessen
Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

ARNE JOHANNESSEN SIN CV

Arne Johannessen er født 29.april 1958 i Øystese i Hardanger. Han er son av Erna og Harald Johannessen, og bror til Jon Henning og Marit.

Arne Johannessen droppa vidaregåande, men jobba i staden på møbelfabrikk og smelteverk før han gjekk på Folkehøgskule på Ringebu, der han møtte kona Jane. Etter det blei det fyrst befalsskule, deretter to år, som befal, i militærpolitiet i Bardufoss.

Politimann

Etter politiskule, frå 1980 – 82, blei Johannessen lensmannsbetjent i Luster fram til i 1988. Så venta jobben som forbundssekretær i Lensmannsetatens Landslag, før han blei forbundsleiar der i 1990.

Organisasjonsmann

I 1997 vart Johannessen forbundsnestleiar i det nye politiforbundet Politiets Fellesforbund.
I - 98 – 2000 var han lensmann i Sogndal, før han vart leiar i Politiets Fellesforbund i 2000.

Arne Johannessen har vore aktiv i politikken i Luster, er forhandlingsleiar for Unio stat sine medlemmer, han er nestleiar i Nordisk politiforbund og er styreleiar iActis. Sit og i styret i Luster sparebank

Målmann

Han har fått ”Målprisen 2005” frå Luster Mållag, og i 2007 fekk han målprisen frå Noregs Mållag. Han vart og kåra til beste debattant i 2008.

Idrettsmann

Arne Johannessen er ein aktiv mann. Han er aktiv med trening og friluftsliv, både sommar og vinter. Han engasjerer seg og i organisasjonsliv og politikk.

Familiemann

Arne Johannessen er pappa til tre og bestefar til to – snart tre. Han bur saman med kona Jane i Luster i Sogn og Fjordane. Johannessen er vekependlar til Oslo.