Filmen Armadillo følgjer ein dansk kontingent i dei internasjonale styrkane til Armadillo-basen i Helmand-provinsen.
– Det er eit psykologisk portrett av kva som skjer med unge menneske når dei kjem til fronten, seier regissør Janus Metz.
Filmskaparane har med fare for sitt eige liv, gjeve danskane eit bilete av kva som går føre seg i Afghanistan.
og har trekt eit stort publikum til kinoane i Danmark, denne veka har den première i Noreg.Danningsreise i krigen
Regissøren meiner filmen er ei forteljing om kva som motiverer unge menneske til å reise i krigen. Og ei skildring av mekanismane mellom soldatane i militærleirane og sivilie afghanarar.
Filmfotograf Lars Skree og regissør Janus Metz ville få danskane til å ta stilling til krigen.
Foto: ALEKSANDER ANDERSEN / Scanpix– Sjølv om ein lagar dokumentar har ein ei banal forteljing som utgangspunkt. Her er det ei danningsreise, kven reiser ut, kva skjer undervegs, korleis har dei endra seg når dei kjem heim.
Filminga på førehand var godkjent av danske militære styresmakter. Likevel opplevde filmteamet forsøk på sensur på staden.
Debatt i Danmark
Janus Metz fortel at dei hadde eit klart formål om å få danskane til forhalde seg til at Danmark er ein krigførande nasjon
– Filmen har fått ein sjokkeffekt i det danske samfunnet. Råskapen i Afghanistan kjem inn i stovene til folk, og tvingar dei til å ta stilling, seier Metz.
Regissøren synest debatten i kjølvatnet av filmen har vore nyansert. Men om filmen kjem til å få ein liknande effekt når han vert synt i Noreg, er regissøren usikker på.
– Eg har i alle fall møtt stor interesse frå norsk media. Og publikum har stilt spørsmål etter å ha sett filmen, så det er vel mykje av den same tematikken ein lyt ta stilling til i Noreg.
Fiksjonselement
Trass at filmen er ein dokumentar nyttar, regissøren ein del element frå fiksjonsfilmar. Filmen har til dømes vorte samanlikna med fiksjonsfilmane Apokalypse nå! og Hjortejegeren med Vietnam-krigen som bakteppe.
– Sjølv om dette er ein dokumentar, er det naturleg å bruke filmspråket til å skildre ei psykologisk reise.
Det er livet ved Armadillo-basen i Helmand-provinsen som vert skildra i filmen.
Foto: Lars Skree– Eg synest ikkje eg bryt med det dokumentaristiske. Musikken peikar på det som ligg like bak det umiddelbare, seier Janus Metz.
Armadillo har premiere på norske kinoar fredag 27. august.