Av:
Frode Grytten
«Flytande bjørn»
Det Norske Samlaget
Lat meg få presentere ein kollega: Han heiter Robert Bell og er tilsett på Odda-kontoret til Bergens Tidende. Han er glad i brennevin, og køyrer gjerne bil heim etter nokon whisky, for slik er det for ungkarar på bygda som ikkje har kjerring til å køyre seg. Han har null respekt for vaktsjefen som stadig melder seg frå hovudredaksjonen i Bergen, han går på jobben når han vil og spelar kabal på PC-en heller enn å utføre oppdrag han synst er tøvete.
Mellom to stolar
Frode Grytten har henta dei beste klisjeane frå journalistyrket og kombinert dei med klisjeane om kriminaletterforskaren for å lage hovudpersonen i romanen «Flytande bjørn». Og han hentar endå fleire etterkvart som det viser seg at nettopp denne lett forfylla og vanskeleg styrbare journalisten er den som kjem nærmast løysinga på mordgåta som rammar Odda ein altfor varm sommardag. For sjølv om serbarane på asylmottaket har godt med motiv for å ta livet av ein av plageåndene sine, så er det ikkje dermed sikkert at det er dei som har tvinga bilen hans til å køyre på sjøen.
«Flytande bjørn» er altså einslags kriminalroman. Eg seier ein slags, fordi det rettnok er både eit mord og ei gåte her, men forfattaren let fleire heilt opplagte thrillerinnslag berre gli ut i sanden. Han vil heller peike på andre saker: forfallet i media, forfallet på industristaden Odda som etter nedlegginga av fabrikkane har slått seg på asylmottak, ei endring med biverknad: den raude industristaden er no blitt eit framstegspartireir. Eit klart forfallsteikn i følgje kollega Robert, som også eksponerer sitt eige rettnok tvitydige forfall utover i romanen.
Ja, det er mykje forfall her. Heldigvis for boka er forfallet skildra på ein svært velformulert og til tider humoristisk måte. Dessverre for boka er mykje av dette forfallet slikt som eg, og dermed dei fleste andre, har lese før: bygderasisme og skruppellause journalistar er liksom ikkje akkurat nye tistlar i det sosialdemokratiske bedet. Dermed fell romanen mellom to stolar: det blir for lite krim til å vere kriminalroman og for opplagt kritikk til å vere ein verkeleg bitande politisk roman.
«Flytande bjørn» er ikkje dårleg, men av Grytten skal ein vente meir enn dette.
Kulturnytt, NRK P2, 28. september 2005
Lyd og video
Lenker