Hopp til innhold
Anmeldelse

Gresk tragedie på hjul

Eit drama på liv og død treng ikkje store plassen. Innsida av ein Toyota held i massevis.

Den amerikanske forfatteren Joyce Carol Oates. Foto: AFP/Scanpix

Joyce Carol Oates fortel om to personar som er høgt oppe og brått langt nede. Usentimentalt og skarpt studerer ho tankar, ord, gjerningar og ikkje minst drifter.

Foto: JEAN-PIERRE MULLER / AFP

4. juli i USA på tidleg 90-tal: Demokraten Kelly (26) ser senatoren Gerald Ferguson (mykje eldre) nærme seg henne i hageselskapet. Henne! Dei går tur, flørtar, ho blir med den synleg rusa senatoren i bilen til hotellet hans. På vegen skrensar ut i eit grumsete vatn. Han kjem seg ut, ho sit fast.

Dette er ramma for den intense, vesle romanen «Svart vann» av Joyce Carol Oates. Vi veit frå starten korleis det går, dermed står og fell boka på korleis Oates fortel denne historia som, ja nettopp, har klare fellestrekk med senator Edvard Kennedys fatale bilulykke i 1969 utan at det er noko poeng å gjere eit poeng av.

Senator Edward Ted Kennedy

INSPIRASJON: Oates blei inspirert til å skrive romanen i 1969, då ein rusa senator Ted Kennedy køyrde utfor vegen med ei ung kvinne i passasjersetet. Ho drukna.

Foto: AP

Kanskje bortsett frå nok ein gong å stille spørsmålet: Kvifor blir mange unge kvinner tiltrekt av eldre, mektige menn? Svaret er ikkje så enkelt som ein kunne tru, ifølgje denne romanen.

Samansette motiv

Kelly er ei ganske vanleg amerikansk jente. Flink på skulen, politisk interessert, har sørga seg ferdig etter eit forhold som gjekk skeis. Ho feirar 4. juli hjå venninna si og har avtale om å overnatte, før ho altså vel å slenge seg med i bilen til senatoren.

Blei ho pressa? Slett ikkje. Er ho forelska? Nei. Er ho tiltrekt av han? Ja. Trur ho at ho kan oppnå noko? Sannsynlegvis. Trur ho at ho skal oppleve noko, eit stort eventyr, til dømes? Ja, heilt klart.

Kelly er ung, men ikkje naiv. Ho veit kva ho gjer, og ho skjønar dealen. Heilt til senatoren tek sparketak (i henne, faktisk) for å kome seg ut av Toyotaen der ho sit fastklemt. Kva han gjer etter det skal ikkje røpast her. Vi lesarar blir i all hovudsak verande saman med Kelly i bilen, der ho pustar inn stadig dårlegare luft frå ei lita luftlomme mens det skitne vatnet stig. Sakte.

Uvanleg sterk skildring

Situasjonen går gradvis opp for henne. Lesaren, som for lengst veit, blir vitne til eit uvanleg sterkt, indre drama. Teksten sender oss stadig tilbake til episodar i livet og inn att i den fortvila situasjonen: «Kommer jeg til å dø? Sånn?» Komposisjonen passar temaet perfekt.

Kelly er eit trafikkoffer. Men er ho også eit metoo-offer, som forlaget lokkar med på baksida? Eg vil heller seie ho er offer for eiga eventyrlyst. Den fører henne inn i bilen. Derifrå og ut har ho ingen kontroll, som i ein gresk tragedie.

Jo, det handlar om unge kvinner og menn med makt. Måten han bruker makta si går det an å tenkje sitt om. Men Oates granskar kjønnsroller, makt og motiv hjå begge, og viser at ikkje alle historier der unge kvinner blir med eldre menn skildrar overgrep.

Passar for deg som

  • likar spenning men ikkje nødvendigvis krim
  • har sans for usentimentale analysar av val og prioriteringar

Kulturstrøm

  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters