«Jeg har lett for å bli sint når jeg er stressa.» Slik opnar Jovanovic forfattarskapet sitt, eitt av fleire lovande i år: 2020 ser ut til å bli ein sterk årgang for debutantar.
I romanen «Etter hvert vil øynene venne seg til mørket» er det Damjan som fører ordet. Og sjølvkarakteristikken stemmer: Hjå Damjan skal det ikkje mykje til før han blir sinna og ser for seg ulike måtar å banke, tyne, skade og plage folk på. Det er nok at dei oppfører seg dumt i trafikken.
Av og til går valdsfantasiar over i handling. Kva er det med Damjan?
Det er det denne boka handlar om, og historia gjer inntrykk.
Det er noko med mor
Kort fortalt er Damjan ein pen, veltrent ung mann som kom frå Bosnia til Noreg med foreldra sine på 90-talet. Han har jobb, og er kjærast med Filip.
Men så er det mor. Mor har vore psykisk ustabil så lenge Damjan kan hugse. Inn og ut på institusjonar. Piller og behandlingar. Periodar med omsorgssvikt. Far forsvann ein gong for lenge sidan.
Dette er ikkje berre ei sorg og eit problem, det er ei skam. Etter nok eit mislykka institusjonsopphald bestemmer Damjan at mora skal bu heime hjå han til ho blir «frisk». Men ingen, ikkje ein gong Filip, må vite det. Særleg ikkje Filip.
Kjærleik og maktbrunst
Damjan er altså ikkje den typen som er open om problem og set ord på kjensler. Han blir «sint når han blir stressa». Men Jovanovic viser fram ambivalensar, gråsoner og samansette motiv.
Er han ein kjærleg og oppofrande son som bergar mor frå eit fornedrande liv på institusjon? Eller gøymer han henne bort fordi han skammar seg over henne? Ein kan heller ikkje sjå bort frå at det er gleda ved makt som styrer han.
For makt og kontroll er sentralt for vår mann. Både i senga og i det sosiale livet må Damjan ha regien.
Bakgrunnen hans høyrer også med i dette samansette portrettet. Her er det ikkje snakk om krigstraume, men om ei mor som insisterer på at ho er bosnisk innanfrå og ut, og som stadig forklarer Damjan korleis ein skikkeleg bosniar «er». Ho er svært oppteken av at han må finne seg ei bosnisk jente. For kva skal ho snakke med ei norsk om, har han tenkt på det?
Fascinerande debutroman
«Etter hvert vil øynene venne seg til mørket» er ei enkel historie der mange spørsmål er fletta inn. Damjan er ein minoritetsmann både etnisk og seksuelt og er alltid på vakt. Det handlar om å jage eller bli jaga.
Det er rett fram og effektivt fortalt, sjølv om historia står og trør ein fase i midten før den overraskande slutten der forfattaren køyrer på med opp- og nedturar.
Den psykisk ustabile mora er ein figur som urovekkjande ofte dukkar opp i samtidslitteraturen. Det er såleis ikkje eit originalt tema Bruno Jovanovic har valt for debutromanen sin. Men prøva ligg i om ein greier å skape eit heilt spesifikt verk ut av det allmenne. Det har han gjort.
Både Damjan og mora er skildra så ein hugsar det. Og Dajmans «sinne» har fascinerande mange nyansar som krev at lesaren må tenkje sjølv.
Derfor er Bruno Jovanovic ein lovande debutant.