Hopp til innhold

Alpha Dog (5)

Skilnaden mellom bekymringslaus partykultur og tungt gangsterliv – tynt som dunhåret i trynet på dei medverkande ungdommane. 

alpha dog
Foto: Foto/Copyright: Scanbox Entertainment / Photographer: Darren Michaels

Av Torfinn Borkhus, NRK

VIDEO: Se Filmpolitiets anmeldelse av Alpha Dog

”Alpha Dog” er ein ungdomsgangsterfilm i California heilt på tampen av 90-talet. Ungane av den øvre middelklassa i den solfylte dalen, sel dop, fester og ruser seg heilt utan middelklassa si innblanding. Utsjåandemessig fjernt frå verklegheita her heime, men leik, dop og drap er universelt.

Partyliv til helvete

Regissør Nick Cassavetes blandar handlinga slik ho utviklar seg med vitneforklaringar i ettertid. Dagane nummererast frå dag éin; undervegs i filmen får vi informasjon om namn på vitnar.

Eit semidokumentarisk grep som du ikkje tenkjer over, men som stadig minnar deg på at filmen er basert på den sanne historia om Jesse James Hollywood, som vart bura inne for to år sidan, etter fem år på rømmen.

”Alpha Dog” skildrar partylivet med distanse, det verkar så ufarleg og tanken på at dette kan gå gale, er langt vekk før det brått går til helvete.

For kameraet står stort sett roleg på sidelinja og skildrar begivenheitane, og eg mistenker at det er regissør Cassavetes’ mål å la oss slappe av undervegs for så å gjera oss mållause når klimakset kjem.

Rutinerte ringrever

Filmen utmerkar seg med bra skodespelararbeid, og Justin Timberlake er ikkje noko unntak. Han gjer den kule, sympatiske partyduden som om det var den mest naturlege ting i verda. Og for Justin er det vel det?

Ben Foster imponerar som Jake, klin idiot nazicrackhuestorebror, og han vann heilt fortent pris for beste gjennombrotsrolle i ”Alpha Dog”. Anton Yelchin, som spelar veslebroren, er perfekt i rolla.

Dei store fiskane i filmen er plukka ut til å gjera det dei kan best, og dei gjer det bra. Sharon Stone gjer ein imponerande og skremmande jobb. Følg godt med mot slutten av filmen.

Bruce Willis og Harry Dean Stanton er gamle, rutinerte rever, og gjer jobben som gamle, rutinerte kriminelle akkurat slik det skal gjerast.

Narkotema

”Alpha Dog” kan sjå ut til å være eit meir gjennomtenkt bidrag i kampen mot narkotika enn dei fleste filmar med narkotema, og det er bra at Cassavetes har pakka det inn slik han har gjort.

Filmen formidlar korleis det må kjennes å være til stades i det som skjer, når det går frå sol og skyfritt til tennisballhagl og orkan. Vi får ingen forvarsel om kva som skal skje, og difor blir utfallet såpass sterkt.

”Alpha Dog” blir ei anbefaling frå Filmpolitiet. Det spelar ingen rolle om du er Justin-fan eller ikkje. Dette er solid handverk frå ein regissør vi vil sjå meir til.

Kulturstrøm

  • Endrar på Taylor Swift-billettar i Sverige

    Ticketmaster gjer endringar på billettane som er selde til konsertane Taylor Swift skal halde i Stockholm neste veke, melder Expressen.

    Dei rundt 200.000 selde billettane var personlege. Det vil seie at den som kjøpte billettane, også var den som måtte bruke dei i dåra.

    Ordninga fekk kritikk, og no har Ticketmaster snudd.

    – Arrangøren har fjerna den tidlegare regelen for å gjere det enklare for fansen å bruke billettane sine, skriv dei ein e-post til kjøparane.

    Taylor Swift opptrer i en rosa paljettdrakt på Monumental stadium på Eras Tour-konserten i Buenos Aires i Argentina i november i 2023.
    Foto: Natacha Pisarenko / AP
  • Det kan bli streik under filmfestivalen i Cannes

    Ei veke før filmfestivalen i Cannes startar, kan det bli streik i filmbyen, skriv NTB,

    Rundt 100 personar, blant dei kinomaskinistar, billettseljarar og pressekontaktar, protesterer mot lønns- og arbeidsvilkår.

    Dei seier at dei ikkje ønsker å sette festivalen i fare, men få merksemd rundt spørsmål dei har prøvd å løfte fram i lang tid.