Ole Fredrik, Jan Arve, Unni, Pål og Idar.
Det er vanlegvis fire brannfolk på kvar bil, og eg fekk vere med brannfolka på brannbil nr 211. Jan Arve, Ole Fredrik, Pål og Idar prøvde å lære meg opp til å bli brannmann på ein dag. Det er viktig at brannfolka held seg i god form, for dei må kunne reagere veldig fort når alarmen går, og det er hardt arbeid å slukke ein brann. Derfor byrjar dei alltid arbeidsdagen sin med å trene. Kvar veke gjer dei i tillegg ulike brannøvingar for å vere heilt sikre på kva dei skal gjere når det verkeleg brenn. Den dagen eg var der, øvde vi på røykdykking og ei øvingsutrykking til eit brennande bolighus.
Korleis kan ein ”dykke” i røyk?
Unni har fått på seg røykdykkar-utstyret.
På same måte som ein ikkje kan puste under vatn går det heller ikkje an å puste inne i eit hus som er fullt av røyk. Derfor må brannfolka ha med seg tankar med luft som dei kan få luft frå, nesten slik som som dykkarane bruker. Brannmennene kallar dette for eit røykdykkerapparat, og dei ber det på ryggen. Det er som å bere rundt på ein ganske tung ryggsekk. I tillegg må brannfolka ha på seg tjukke, spesiallaga klede med ullundertøy under, som beskytter dei mot flammane. Eg kan fortelle at det er blytungt å gå rundt med alt det utstyret på seg. Puh!! Etter at alt utstyret var på, gjekk Pål og gøymde seg inne i eit rom i ein gang på brannstasjonen, og så skulle Ole Fredrik og eg prøve å finne han og få han ut av ”brannen”.
Eg ser jo ingenting!
Ole Fredrik og Unni fann Pål og fekk han ut
Når det er fullt av røyk i eit hus, blir det sjølvsagt også veldig vanskeleg å sjå, det er nesten som å gå inn i med bind for augene. For å gjere øvinga vår på brannstasjonen litt meir ekte, fekk eg derfor eit mørkt klede framfor røykdykkarmaska mi, slik at eg ikkje såg nokon ting. Når ein går inn i eit røykfylt hus, bruker brannfolka ein spesiell søkemetode for å finne fram. Røykdykkarane går alltid inn i huset to og to saman, og så søker dei langs veggane med hendene og bruker beina til å kjenne om det ligg noko på golvet. Ein har kontakt med kvarandre gjennom ein radio for å fortelle kva ein møter på, og i tillegg har ein kontakt med brannfolka utanfor huset, slik at dei veit kva som skjer der inne. Til slutt fann vi Pål og fekk bore han ut.
Når alarmen går..
Brannkorpset 20 meter over bakken.
..må brannfolka sleppe alt det dei held på med og komme seg ned til brannbilen fortast svint! Derfor finst det brannstenger som startar i 6. etasje og går heilt ned til garasjen der bilane står. Der er kleda til brannmennene klare utanfor og inne i bilen, slik at påkledinga tar kortast mogleg tid. Eg syntest det var skummelt å skli ned brannstanga første gong, så det tok litt lengre tid for meg å komme fram enn dei proffe brannfolka. Heldigvis var det berre ei øving då alarmen gjekk denne dagen…
Her kan du sjå på video korleis røykdykkinga gjekk: