Hopp til innhold

Ett annat liv

Sterk og gripande livsskildring frå Per Olov Enquist.

Per Olov Enquist
Foto: Roald, Berit / SCANPIX

PO Enquist: Ett annat liv
Foto: forlaget

Det låg ei viss forventning om skandale og avsløringar over det litterære Sverige før utgjevinga av forfattar Per Olov Enquists sjølvbiografi ”Et annat liv”. Ein kjente jo til det der med Enquist og alkoholen, kanskje noko med kvinner også? Men først og fremst alkoholen. Kor ille var det, eigentleg?

Då boka kom, var dette ikkje så viktig lenger. Forfattaren er så nådelaus ærleg mot seg sjølv, og samstundes så grunnleggande lojal mot andre i livet at alt snakk om skandale verka smaklaust og banaliserande.


Per Olov Enquist er ein av søylene i den svenske forfattargenerasjonen som blei fødd rundt 1930-talet, saman med namn som Kerstin Ekman, Göran Tunström, Torgny Lindgren og den litt eldre Sara Lidman. Felles for desse er at dei kjem frå utkant-Sverige og løftar erfaringane frå dei små stadene dei vaks opp på inn i store historier om kjærleiken og døden.

For Enquist gjekk den lange reisa- geografisk, språkleg og sosialt- frå fødestaden Hjoggböle, via Uppsala og ut den store verda, og nettopp dei store avstandane blir ein av dei raude trådane i sjølvbiografien. ”…han måste få det att hänga i hop, annars blir man ju tokig” er ein av fleire setningar som går igjen i den svært gjennomkomponerte og litterære teksten. Andre lett illevarslande omkved er ”Sjunker han? Ännu inte.” og: ”När allting gick så bra. Hur kunde det då gå så illa?”


Utfor stupet


Vi får altså frå starten av vite at denne livsreisa går over store høgder og ned i djupet, for ikkje å seie utfor stupet. Dei to grunnleggande spørsmåla er: Kvifor skriv Enquist? Og kvifor drikk han? Forfattaren gjev mange svar, men ingen eintydige. Lesaren blir ein aktiv medskapar av meining og forklaring av det som skjer i Enquists liv og indirekte også i eige liv. Ein treng ikkje vere stor forfattar og alkoholikar for å gjenkjenne smertepunkta i teksten.


Historia er tradisjonelt lagt opp, med kronologien som styrande prinsipp utan at det blir følgt slavisk. Den første av tre deler, ”Oskuld” handlar om barndommen i Hjoggböle i eit hus far bygde med eigne hender før han la seg ned og døydde då sonen var seks månader. Farsarven var ein bodskap krota inn i salmeboka med skjelvande skrift: ”Per Ola, bliv en kristen”.

Andre delen, ”En starkt upplyst plats” handlar om livet som student, idrettsmann og etterkvart forfattar, medan tredje delen, ”In i mörkret”, skildrar korleis livet artar seg etterkvart som alkoholen får ta styringa. Enquist pyntar ikkje på denne siste delen av historia.

Ikkje tilfeldig fortel han ein annan stad i boka om Johanne Luise Heiberg, som vaks opp på eit bordell og blei berømt skodespelar ved Det kongelige Teater i København på 1820-talet. Då ho skreiv ei bok om livet sitt, let ho vener lese gjennom manuset og dei strauk dei skitnaste partia. Seinare kom desse ut som eiga bok, og det er denne som verkeleg har sett spor etter seg. Alt dette ifølgje Enquist, som heilt klart ikkje går for å utelate dei skitnaste partia av livssoga.

Etter å ha vore tvangsinnlagt på to avrusingsinstitusjonar og rømt like mange gonger får han ein tredje sjanse og utan denne tredje sjansen hadde neppe denne boka vore skriven, for å seie det sånn. Spørsmålet: kvifor drikk Enquist? Har mange gode svar, medan spørsmålet kvifor drikk ikkje Enquist lenger? treng ingen ytterlegare svar enn denne siste delen av ”Et annat liv”.


Enquist og oldemor


Del to, ”En strakt upplyst plats” har meir memoarpreg. Den unge mannen går inn i si tid og samhandlar med den. Her svarer han på spørsmålet: Kva skjedde? og fortel - interessant, for all del - om sjølve livsprosjektet og om livet rundt bøkene han etterkvart kom til å skrive. Det er likevel ikkje til å kome bort frå at den store livskampen i del tre, saman med barndomsskildringa i del ein, er det som gjer denne boka til ei livsskildring i særklasse.

Historia om oppvekst aleine saman med mor i Hjoggböle ei ei gripande historie, samstundes som den heile tida sirklar rundt sjølvbiografiens sentrale spørsmål som nettopp ikkje er memoarbokas problemstilling: ”kva skjedde?” men: ”korleis blei eg den eg er?” Dermed går det ei bru frå livet som medlem i ungdomsavdelinga i Blå kors, kalla ”Hoppets här” og til avrusingsinstitusjonane.

Det går ei line frå den einaste skrivande før han i slekta og til han sjølv som skriv for å ”få det att hänga i hop, annars blir man ju tokig”. Før han var det oldemor. Ho miste seks barn i ein epidemi, og blir funnen gåande langs vegen med det sjuande og siste barnet under armen og ein kniv på veg mot skogen for å gjere slutt på alt. Etter dette blir ho låst inne på eit kammers og resten av livet skriv ho, først på papir, og seinare, når dei har tatt papiret frå henne, med ein spikar på veggen.


Å redigere sitt liv

Det finst også liner gjennom boka av litt lettare karakter: Frå den einsame barndommen i huset saman med mor, og til ungdomsliv i Uppsala, der første boka han kjøper heiter ”Takt och ton i umgängeslivet”. Boka er full av slike liner og av slike historier, som er med på å gje boka kvalitet.

Men boka også er full av manglande historier, og det er også ein kvalitet. Ta lengten etter kvinner i ungdommen, ein lengt han utbroderer på ulikt vis og over mange år: Plutseleg ser han den seksuelle debuten i bakspegelen; han har snikt seg til å debutere seksuelt utan at eg, lesaren, fekk lov til å vere med! Det same gjeld spriten som han har lært av mor og av ”Hoppets här” at ein må passe seg for. Og han passar seg og passar seg, heilt til vi får vite at han har smakt både det eine og det andre, igjen utan at vi får ta del i debuten.

Ekteskap, barn, skilsmisse, nytt ekteskap er skildra med små, knappe setningar i ein elles fyldig tekst. Ein distanserande effekt er også bruken av tredje person. Enquist kallar ikkje seg sjølv for ”jag”, men for ”han”. Dette er til dei grader ei bok skriven av ein forfattar. Han redigerer sitt liv, han kuttar bort, hoppar over og vel ut nokon få tyngepunkt: Kvifor skriv Enquist? Kvifor drikk Enquist? Djupt rørt etter endt lesing ønskjer eg at han vil halde fram med det første og halde seg borte frå det siste. ”Et annat liv” er blant Enquists beste, eg ser med forventning fram til korleis han skriv seg vidare herifrå.

Denne kritikken er basert på den svenske utgåva. Per Olov Enquist: Ett annat liv. Norsteds 2008.

Boka finst også på norsk, under tittelen ”Et annet liv”.

Kulturstrøm

  • Politiet etterforskar trugsel mot J. K. Rowling etter Rushdie-tweet

    Politiet i Scotland etterforskar ei melding om trugslar retta mot forfattar J. K. Rowling etter at ho la ut ei fordømmande melding om knivstikkinga av forfattar Salman Rushdie på Twitter. Det melder Reuters.

    Harry Potter-forfattaren skreiv at ho følte seg veldig kvalm etter at ho høyrde om knivstikkinga, og at ho håpa det vil gå bra med Rushdie. Ein brukar svarte «Ikkje bekymra deg, du er neste».

    Seinare tvitra ho at Twitter ikkje meinte at meldinga var i strid med deira retningslinjer, og deretter at politiet var involvert i saka.

    J.K. Rowling tvitrer: Feeling very sick right now. Let him be ok. 
Anonymisert bruker svarer: Don't worry you are next
    Foto: Skjermdump / Twitter
  • Rushdies bøker på salgstoppen igjen

    Knivangrepet mot forfatteren Salman Rushdie har utløst fornyet interesse rundt bøkene hans, som nå inntar toppen på salgslistene.

    Ulike utgaver av Rushdies bok «Sataniske vers» fra 1988 – en bok som av iranske ledere er blitt anklaget for å være blasfemisk og som har utløst oppfordringer til å drepe ham – inntok lørdag de tre øverste plassene på Amazons «Movers & Shakers»-liste. (NTB)