Hopp til innhold

«Eternals» blir trekt frå kinoar i Saudi-Arabia, Kuwait og Qatar

Disney skal ha nekta land å klippe vekk ei scene som inneheld eit kyss mellom eit par av same kjønn, no blir han trekt frå kinoar i fleire land.

Superheltene i «Eternals» må beskytte menneskeheten mot monstre.

MANGFALD: «Eternals» er den fyrste Marvelfilmen som viser lhbt+-karakterar.

Foto: Marvel Studios / Courtesy of Marvel Studios

Kjelder som den amerikanske avisa The Hollywood Reporter har snakka med, fortel at det var kysset mellom rollene Phastos (Brian Tyree Henry) og Ben (Haaz Sleiman), som har ført til at den no blir trekt frå kinoar i Gulf-regionen. Disney skal, ifølgje kjeldene, ha nekta å endre filmen.

Dette er fyrste gong ein Marvel film har med lhbt+-karakterar i ein film. Til avisa Metro sa manusforfattar Kaz Firpo, før det blei kjent at filmen var trekt, at inkluderinga av kysset ikkje var skodespel.

– Det er sanninga, det er kjærleik, og det er det du får sjå i denne filmen, at kjærleik kjem i mange formar.

Disney har framleis ikkje kommentert rykta om kvifor filmen blir trekt.

Land kan gjere tilpassingar

På same tid har nyinnspelinga av «Tre nøtter til Askepott» premiere i Noreg, òg den inneheld ei scene med eit kyss mellom to av same kjønn.

Filmprodusent Frederick Howard fortel at dei filma mange versjonar av denne scena.

– Det handlar ikkje om at vi skal lage fleire filmar, det handlar om moglegheita til å velje i etterarbeidet. Det har til dømes vore ein diskusjon om vi ynsker å trekke fokuset vekk frå prinsen og Askepott ved å introdusere eit kyss som kan opplevast som kontroversielt i nokre land.

Cengiz Al blir prinsen i nyinnspillingen av «Tre nøtter til Askepott».

Cengiz Al og Astrid Smeplass spelar hovudrollene i nyinnspelinga av «tre nøtter til Askepott»

Foto: Nordisk Film

Det var då dei klipte filmen at dei, ifølgje Howard, såg kor vakkert kysset var, og ynskte ha det med i filmen. Om dei leverer filmen til andre land, vil kysset vere med i versjonen dei sender over.

– Men når vi sel filmar til andre land, sel vi òg rettigheitene til å tilpasse den filmen. Alle land som kjøpar filmen, har rett til å gjere tilpassingar til den lokale marknaden.

Om dei skulle selje filmen til land i Midtausten, kan dei kanskje finne på å klippe vekk den scena. Han understrekar at filmselskapet ikkje har den klausulen, som er ei avgjerd eller eit vilkår i ein kontrakt, og han er og usikker om andre har han i utgangspunktet.

– Det er mogleg at Disney-konsernet med all sin autoritet har moglegheit til det. Dei kontrollerer filmen i alle ledd, men eg er ikkje kjent med den typen klausul i nokon film.

«Tre nøtter til Askepott» er allereie selt til fleire land, og per i dag er det ingen som har sensurert han.

Å ta eit standpunkt

Homofili er framleis ulovleg i fleire land, mellom anna Saudi-Arabia, Kuwait og Qatar. I 2020 blei Pixarfilmen «Fremad», trekt frå kino i desse landa, på grunn av ein replikk som refererte til eit forhold mellom to kvinner.

– Det er vanskeleg med sensur. Den scenen i «Eternals» er nok viktig for Disney. Dei skal ikkje bli skulda for å springe Saudi-Arabias ærend, seier høgskolelektor i film og TV ved Westerdals Høgskulen Kristiania, Frode Søbstad.

«Fremad».

TREKT: Filmen «Fremad» blei ikkje vist på kinosalar i Saudi-Arabia, Qatar og Kuwait for å referere til eit lesbisk par i ein replikk

Foto: © 2019 Disney/Pixar. All Rights Reserved. / PIXAR

Han trur Disney og Storm Film AS, som er selskapet som står bak «Tre nøtter til Askepott», bruker slike scener fordi dei vil vise eit mangfald i filmane sine.

– Eg vil tru det er viktig for Disney å ta eit standpunkt for homofile sine rettar.

Han fortel at det normalt sett er produsenten som har siste ord i korleis filmen blir klippa.

– Dette er jo jus og kontraktar. Det kjem an på kva ein har i sine kontraktar til distributøren. Ein kan skrive i kontrakten at det ikkje skal vere moglegheit for å klippe vekk slike scener, men da får ein kanskje ikkje selt filmen.

Vil ikkje bli vist i Kina

Howard har fått med seg nyheita om kinonekten av «Eternals», han trur at grunnen til at Disney har nekta å selje filmen til Saudi-Arabia, Kuwait og Qatar, handlar om at filmen ikkje vil bli vist i den enorme kinomarknaden i Kina, uansett.

– Regissøren Chloé Zhao, har tidlegare kritisert den kinesiske staten, så derfor vil han nok ikkje bli vist i Kina, då er det kanskje lettare å ta det standpunktet, seier Howard.

I eit intervju med «Filmmaker Magazine» frå 2013 sa Zhao, om oppveksten i Kina, at det var eit samfunn kor det var løgner overalt. Utsegna førte mellom anna til at hennar namn blei sensurert i Kina, og filmen «Eternals» har så langt ikkje nokon premieredato i landet.

Kulturstrøm

  • Britney Spears inngår forlik med faren sin

    Popstjerna har inngått eit forlik med faren sin Jamie Spears, meir enn to år etter at ei rettsavgjerd avslutta verjeordninga som har gitt han kontroll over livet hennar. Det melder CNN.

    Sidan verjeordninga vart avslutta, har Britney Spears og faren vore i retten fleire gonger i samanheng med advokathonorar og skuldingar om upassande oppførsel under verjeordninga. Far hennar har heile tida motsett seg skuldingane.

    Vilkåra for forliket er ikkje offentleggjort, men advokatane til Spears stadfestar forliket til CNN.

    (FILES) US singer Britney Spears arrives for the premiere of Sony Pictures' "Once Upon a Time... ...
    Foto: AFP
  • Girl in Red med historisk milepæl

    Ho er den første norske kvinnelege artisten som har fått éin milliard strøymingar på ein song på strøymetenesta Spotify.

    Det er låten «we fell in love in october» som har bikka éin milliard, ifølgje VG. Låten blei gjeve ut i 2018.

    Marie Ulven Ringheim, som ho eigentleg heiter, seier til avisa at ho synest det er veldig gøy at ei låt som ho har skrive, produsert, miksa og mastra har resonnert så mykje.

    Girl in Red
    Foto: ANNA KURTH / AFP
  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.