Hopp til innhold

Den lille piken som elsket fyrstikker

På Litteraturfestivalen på Lillehammer blei hovudføredraget halde av den fransk-kanadiske forfattaren Gaétan Soucy. Romanen han fekk sitt internasjonale gjennombrot med er ein rå fabel om å vekse opp mot alle odds.

G. Soucy: Den lille piken som elsket fyrstikker. Gyldendal 2008

Tittelen henleder oppmerksomheten på et kjent eventyr, men romanens handling er mer grotesk enn eventyrlig.

Foto: Gydlendal

Det er like godt å gløyme HC Andersens eventyr om jenta med svovelstikkene med ein gong. For der Andersen var ein romantikar som fekk oss til å lide med den arme skapningen ute i snøen, så er Soucy - ja, kva er han, eigentleg? Det som er sikkert, er at han er ein diktar. Og akkurat det har han felles med HC.

Særeige univers

Soucy byggjer eit lite og svært særeige univers frå grunnen av. I dette universet er det to brør, ein far, ein hest, ein forfallen herregard med eit bibliotek i full oppløysing, og ein kjellar med fryktelege løyndommar. Den eldste av brørne, som viser seg å vere ei jente, fortel historia. Her frå starten av romanen.

G. Soucy: Den lille piken som elsket fyrstikker. Gyldendal 2008

Gaétan Soucy: 'Den lille piken som elsket fyrstikker'. Omsett frå fransk av Sissel Lie. Gyldendal 2008

Foto: Gydlendal

”Vi måtte ta hånd om universet, min bror og jeg, for en morgen like før daggry oppga pappa ånden uten å si ifra. Hans jordiske hylster, sammentrukket i en smerte som det bare var skorpen igjen av, hans forordninger som så plutselig ble støv, alt hvilte i rommet der pappa så sent som kvelden før ga oss alle sine ordrer. Vi måtte ha ordrer min bror og jeg for ikke å gå i oppløsning, det var vårt faste holdepunkt. Uten pappa kunne vi ingenting. På egen hånd var det så vidt vi kunne nøle, være til, være redde, føle smerte.” (s 9)

Allereie her er det klart at vi har med ein stor diktar å gjere, desse ti linene viser alle teikn på det: Vi får eit plot: far er død, kva vil skje med barna, vi får ein særeigen tone: pappa oppga ånden uten å si ifra. Og vi får nokon gåter, som i første runde fortel at dette ikkje er nokon A4-familie.

Fabel eller satire?

Alle gåter skal ikkje røpast her. Men desse barna har knapt sett andre folk enn pappa. I det sterkt fuktskadde biblioteket finst leksikon, riddarromanar og av alle ting: Spinozas etikk. Dermed sit forteljaren på avanserte kunnskapar, samstundes som ho manglar dei mest grunnleggande, som til dømes innsikt i kva kjønn ho tilhøyrer. Kvinner kjenner ho berre til frå riddarlitteraturen, derfor veit ho at det finst to sortar, nemleg horer og madonnaer. Kosteleg er scenen der ho rir inn i landsbyen for første gong i sitt liv og møter ei gammal kvinne som blir skremt ved synet av henne. For å roe ned den gamle, ropar ho ”Måtte gud bevare deg, gamle hore!” - før ho rir vidare for å få tak i ein slik boks som ein legg lik i.

Men går ikkje an berre å ri inn i landsbyen og kjøpe ein slik boks, og dramaet spissar seg til, parallelt med at forteljaren skildrar, heilt tilforlateleg, ein ekstrem oppvekst i ekstrem isolasjon og med ekstreme løyndommar i kjellaren.

Og der er vi tilbake ved spørsmålet: Kva slags bok er dette? Det kan vere ein satire over alle bøker om elendig oppvekst. Det kan vere ein fabel, der moralen er at ein kan overleve det mest utrulege, det kan også vere ei historie om korleis eit liv kan bli om ein endrar radikalt på alle reglar, som i Tarzan eller Aksel Jensens ”Epp”.

Sikkert er det at ein ikkje kan lese denne romanen utan å tenkje på familien Fritzl i Amstätten. Av og til tangerer realitetane dei mest absurde fantasiar.

Kulturstrøm

  • Endrar på Taylor Swift-billettar i Sverige

    Ticketmaster gjer endringar på billettane som er selde til konsertane Taylor Swift skal halde i Stockholm neste veke, melder Expressen.

    Dei rundt 200.000 selde billettane var personlege. Det vil seie at den som kjøpte billettane, også var den som måtte bruke dei i dåra.

    Ordninga fekk kritikk, og no har Ticketmaster snudd.

    – Arrangøren har fjerna den tidlegare regelen for å gjere det enklare for fansen å bruke billettane sine, skriv dei ein e-post til kjøparane.

    Taylor Swift opptrer i en rosa paljettdrakt på Monumental stadium på Eras Tour-konserten i Buenos Aires i Argentina i november i 2023.
    Foto: Natacha Pisarenko / AP
  • Det kan bli streik under filmfestivalen i Cannes

    Ei veke før filmfestivalen i Cannes startar, kan det bli streik i filmbyen, skriv NTB,

    Rundt 100 personar, blant dei kinomaskinistar, billettseljarar og pressekontaktar, protesterer mot lønns- og arbeidsvilkår.

    Dei seier at dei ikkje ønsker å sette festivalen i fare, men få merksemd rundt spørsmål dei har prøvd å løfte fram i lang tid.