Dette er eit reint naturalistisk drama om skjøga Anna som til slutt kjem seg ut av prostitusjonslivet. Det har ei enkel handling og få personar: I første rekkje lektarskipparen Chris Christophersen, dottera hans Anna og sjømannen Mat Burke.
«- Personene er så sterke og klare som om de var skåret i tre», skreiv forfattaren Finn Havrevold då stykket vart sendt første gong. «- Her er hat og kjærlighet, sjalusi og stolthet så rendyrket som følelser nesten ikke har hatt lov å være det siden Freud pillet dem fra hverandre!».
Eugene O’Neill hadde sjølv vore sjømann og kjende miljøet av eiga røynsle. Omgjevnadene med havnekneipa, livet ombord i lektaren med det tåkefylde havet ikring skaper ei suggestiv atmosfære. I denne radioversjonen er skodespelet skåre ein del ned. Det er omsett til nynorsk av Ragnvald Skrede, regien er ved Nils-Reinhardt Christensen og musikken ved Bjarne Amdahl.
Dei som er med:
Chris Christophersen – Edvard Drabløs
Larry bartender – Asbjørn Toms
Marthy Owen – Astrid Sommer
Anna Cgristopherson – Eva Strøm Aastorp
Mat Burke – Øybind Øyen
Johnson – Jan Pande-Rolfsen
Musikk: Bjarne Amdahl
Omsetting: Ragnvald Skrede
Instruktør: Nils-Reinhardt Christensen
Høyr det!
Høyrespelet kan du høyre i NRK P2 søndag 29. juli klokka 15.03 og mandag 30. juli klokka 19.30. Du kan også laste ned stykket via podkast i syv dagar etter sendedato.
Her kan du laste ned høyrespelet fra og med 29. juli klokka 15.03:
Her kan du laste ned «Anna Christie»
Lenker
- Her kan du laste ned «Anna Christie»