Det begynte med eit naust
Frå ei av branntomtene. Foto: Ernst Furuhatt.
Her hadde tre brødre eit privat museum med gamle gjenstandar frå nordnorsk kystkultur. Ingenting var igjen etter brannen. Alt dagen etter vart eit nytt naust påtent, men eigaren klarte å stoppe brannen. Ei veke seinare stod ein sauefjøs og ein garasje i lys loge. 67 sauer omkom i brannen. Vel ein månad seinare brann eit bustadhus ned til grunnen.
Brannvakter på natta
Jan Arne Birkeli. Foto: Tom Melbye
Folk på øya sov lite denne perioden. Fleire sat oppe natt etter natt. Dei begynte å låse dørene og sløkte ikkje lysa i husa om kveldane. Det frivillige brannkorpset organiserte brannvakter på natta. Dei køyrde rundt og lyste med lyskastarar, og såg dei fotspor i snøen, følgde dei spora til dei stoppa.
Rykteflaum
Grafikk: Harald Olaussen.
Nokså tidleg vart folk på øya temmeleg sikre på kven som stod bak eldspåset- tingane. Ein gjeng på tre gutar kom i søkelyset. Men etter som tida gjekk og ingen vart arrestert, vart øyfolket temmeleg utålmodige. Fleire ville ta saka «i eigne hender» dersom politiet ikkje klarte å oppklare ugjerningane.
Kor mykje kan eit lite samfunn tole?
Eit halvår etter brannane er folk på Sørarnøy framleis sterkt prega av det som hende. Det er uunngåeleg på ei øy der alle kjenner alle. Det er eit aktivt kristent miljø på øya. Og når slikt hender blir dei kristne grunnverdiane om å gi og få tilgjeving sette på prøve. Kor mykje kan eit så lite og tett samfunn tåle av sine eigne? Og kan såra nokonsinne lækjast?
Foto: Tom Melby.
Intensjonen med programmet er å vise kor sårbart eit lite samfunn er når det blir utsett for prøver, trass i at alle er innstilte på å hjelpe og støtte kvarandre. Eit lite og tett samfunn der alle kjenner alle burde kanskje ha betre føresetnader for å løyse slike flokar. Men det er vanskeleg å rette opp skader som er påført vener og naboar. Kanskje nettopp på grunn av at ein lever så tett innpå kvarandre, er det vanskeleg å snakke saman og vanskeleg å tilgi – same kor gode intensjonar ein har. Slik blir Sørarnøy eit spegelbilde på det allmennmenneskelege vi alle strevar med: Å tilgi sine nærmaste. Og korleis gjer du deg fortent til tilgjeving?
Programmet viser korleis reaksjonane arta seg frå vinteren og fram mot sommaren 2004. Sommaren er for lengst over og såra har kanskje begynt å gro. Men alt er ikkje som det var. Det idylliske Sørarnøy har mista uskulden.
Alle bilder: Avisa Nordland
«Alt kan tilgis...»
Det ulmar framleis etter brannane på Sørarnøy
Av Lars.Helge Myklebust
Teknisk regi: Kåre Johan Lund
Konsulent: Hege Dahl og Berit Hedemann
Hør på radiodokumentaren i NRK P2
lørdag 15. oktober klokken 10.15 (ingen reprise på søndag).