Hopp til innhold

– Punken blei ikkje fødd i England

– Sex Pistols hadde aldri blitt til utan dragmiljøet i New York, meiner forfattar og tidlegare punkar Stephen Colegrave. Han er i Noreg med ei ny utstilling som utfordrar den vanlege oppfatninga av punken som eit særskild engelsk fenomen.

– Mange assosierer punk med hanekammar, skitne gater i London og kanskje høgrevridd ideologi. Vi vil vise at punk vaks ut av eit kreativt miljø som blomstra opp i New York etter at hippierørsla gjekk inn i ein narkotisk bakrus, seier Colegrave.

Han er initiativtakar til utstillinga Drag Queens, Rent Boys, Rock Stars and Punks.

Fabrikkerte superstjerner var originalpunkarane

joao friezas

FØREBUR UTSTILLING: Fotograf Joao Friezas vel ut bilete til utstillinga.

Foto: Ana Leticia Sigvartsen / NRK

På veggane i galleri TM51 i Oslo heng fotografi av Iggy Pop, David Bowie og Patti Smith side om side med bilde av dragdronningar og nakne mannlege prostituerte. Bileta er tekne av fotografen Leee Black Childers, som vanka i miljøet rundt Andy Warhol og «stjernefabrikken» hans, The Factory i New York.

The Factory samla kunstnarar, musikarar og sjølvutnmende superstjerner under eitt tak. Her kunne folk kome og gå som dei ville, og få sine femten minutt som berømte viss Warhol fann dei interessante nok til det. Festar og narkotiske stoff mangla det ikkje på, og fleire miste kontrollen og leid ublide lagnader etter ei tid under Warhols venger.

Warhol blei vendepunkt for Bowie

Men ut av miljøet rundt Warhol vaks også band som Velvet Underground og New York Dolls, som skulle bli store inspirasjonskjelder for til dømes Sex Pistols. Og han som i stor grad introduserte britane for den amerikanske protopunken var nettopp fotografen Childers, meiner Colegrave.

– Leee drog over til London med Warhol si kontroversielle teaterframsyning Pork, som gjorde stort inntrykk på David Bowie. Frå å vere ein ganske grå og vanleg mann gjekk han over til å bli ein fargesprakande og androgyn Ziggy Stardust, seier Colegrave.

Erkeengelsk opprør eller amerikansk anarki?

I boka Punk: The Definitive Record of a Revolution (2004) viser Colegrave i bilete korleis Childers brakte punken til England gjennom å bli turnémanager først for Bowie, så for Iggy Pop. Han jobba også med The Ramones før han gjekk vidare med sitt eige band, Johnny Thunders & The Heartbreakers.

Det var sistnemnde han drog på turné med i 1976, saman med ingen ringare enn Sex Pistols, The Clash og The Damned. Anarchy-turneen blei startskotet for det mange tenkjer på som den erkeengelske punken, som blei omfemna av ungdom, bannlyst av foreldre landet over og eit kulturfenomen med knapt noko sidestykke.

Stephen Colegrave

FRÅ LEGENDARISK BUTIKK I LONDON: Stephen Colegrave viser fram eitt av trykka til Vivienne Westwood, som ho selde i butikken SEX i London.

Foto: Ana Leticia Sigvartsen / NRK

Sex Pistols sin manager Malcolm McLaren og kjærasten og designeren Vivienne Westwood spreidde det visuelle punkuttrykket gjennom bruktbutikken SEX i London. Westwood sine silketrykk er også del av utstillinga i Oslo.

Eit kortliva fenomen med varig innverknad

Sjølv om Colegrave seier seg einig med kritikarar som meiner punkrocken reint konkret var nokså kortliva i England, framhevar han innverknaden punk har hatt i ettertid.

– Punk reflekterer meir enn noko anna ei haldning, som i USA kom fram i motstand mot Vietnam-krigen og misnøye med styresmaktene. Det kreative episenteret for punkrock i London kom og forsvann i løpet av halvtanna år, men det var ei bølgje som skylde over og endra tankesettet til ein heil generasjon, og som stadig skyller inn over nye generasjonar, seier Colegrave.

Intervjuet med Stephen Colegrave kan du høyre i Kulturhuset på NRK P2 måndag 4. juni.

Kulturstrøm

  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser. Her kan du lese om alle vinnerne.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters