Hopp til innhold

– Plukka glas ut av føtene etter trening

Det svenske supertalentet John Guidetti (20) fortel om ein uvanleg veg til fotballsuksess i svenske «Sommar i P1». Han lærte sine viktigaste lærdomar då han som gut budde i Kenya og spelte barbeint i slummen.

John Guidetti

John Guidetti har hatt suksess i Feyenoord-drakta den siste sesongen.

Foto: Marco de Swart / AFP

Stockholmaren John Guidetti har den siste sesongen vore på utlån frå Manchester City til nederlandske Feyenoord, og med sine 20 mål var han sterkt delaktig i at laget kom på andreplass i Æresdivisjonen. Han måtte melde forfall til EM på grunn av skade, men er svært aktuell på overgangsmarknaden likevel.

Høyr heile programmet her: Sommar i P1 med John Guidetti

– Eg ville ha direkte kontakt med fotballen

Guidetti budde som gut i Kenya i to perioder, der faren jobba ved den svenske skulen i Nairobi, og han trivdest svært godt.

– Eg vart afrikanar andre gongen vi flytta til Kenya, seier Guidetti i programmet.

– Om morgonen tok eg på meg shorts og ei t-skjorte – aldri sko eller strømper – før eg spiste frukost og gjekk til skulen. Eg var ein kvit mann i slummen, alltid barbeint. Eg kan hugse at eg måtte plukke glas ut av føtene etter at vi hadde spelt fotball. Det var vondt, men eg brydde meg ikkje om det. Eg ville ha direkte kontakt med fotballen.

Fullt så direkte kontakt med ballen fekk han ikkje lov til å ha då han skulle spele i ungdomsturneringa Gothia Cup i Göteborg:

– Eg hadde fått i stand ei spesialstrømpe som gjorde at eg kunne ha på leggbeskyttarar og likevel spele barbeint, men fekk nei då eg ville bruke dei under Gothia Cup.

– Eg har lært meg å ikkje ha nokon problem

I Kenya opplevde Guidetti både å måtte stanse ein fotballkamp fordi himmelen vart svart av kveps, og å spele kamp med ein diger brønn midt på banen. Kenyanarane si sporty innstilling til slike utfordringar gjorde djupt inntrykk på han:

– Det eg har lært av tida i Kenya, er å ikkje ha nokon problem, seier Guidetti.

– Problema våre er ingenting mot det dei har å stri med. «Å nei, eg mista t-banen!» og så vidare. Før kvar trening samla vi oss i ein ring og takka Gud – for at vi fekk leve, for dagen og for at vi kunne spele fotball. Det førte til at eg byrja å tru på Gud sjølv: at menneske som har så lite kan vere så takksame.

– Kenya er som ein heim for meg

Erfaringane frå Kenya har vore ei sterk drivkraft for fotballspelaren seinare:

– Kva skal eg gjere dersom eg bommar på straffe framfor 50 000 skrikande tilskodarar? Eg skal trene endå hardare – ikkje berre for mi eiga skuld, men også for deira. For eg har fått sjansen dei ikkje fekk.

Guidetti skildrar tida i Kenya og reisene i landet som «eit fantastisk eventyr».

– Kenya ... energien, lukta, varmen, marknaden ... eg elskar alt. Det er som ein heim for meg, og det er der eg vil bu seinare.

Sommar i P1 vert sendt kvar dag i Sveriges Radio mellom kl 13 og 14.30.

Les også saker frå NRK sin sommarserie: Sommer i P2 2012

Kulturstrøm

  • Endrar på Taylor Swift-billettar i Sverige

    Ticketmaster gjer endringar på billettane som er selde til konsertane Taylor Swift skal halde i Stockholm neste veke, melder Expressen.

    Dei rundt 200.000 selde billettane var personlege. Det vil seie at den som kjøpte billettane, også var den som måtte bruke dei i dåra.

    Ordninga fekk kritikk, og no har Ticketmaster snudd.

    – Arrangøren har fjerna den tidlegare regelen for å gjere det enklare for fansen å bruke billettane sine, skriv dei ein e-post til kjøparane.

    Taylor Swift opptrer i en rosa paljettdrakt på Monumental stadium på Eras Tour-konserten i Buenos Aires i Argentina i november i 2023.
    Foto: Natacha Pisarenko / AP
  • Det kan bli streik under filmfestivalen i Cannes

    Ei veke før filmfestivalen i Cannes startar, kan det bli streik i filmbyen, skriv NTB,

    Rundt 100 personar, blant dei kinomaskinistar, billettseljarar og pressekontaktar, protesterer mot lønns- og arbeidsvilkår.

    Dei seier at dei ikkje ønsker å sette festivalen i fare, men få merksemd rundt spørsmål dei har prøvd å løfte fram i lang tid.