Hopp til innhold

– Korset kan ha vore ein påle

– Det står ingen stad i Bibelen at Jesus vart korsfesta, meiner ein svensk prest og lektor.

Svensk forskar sår tvil om Jesus vart korsfesta

Svensk forskar sår tvil om Jesus vart korsfesta, slik skodespelaren Frederik Mayet førestiller på Oberammegau-teateret sør i Tyskland.

Foto: Matthias Schrader / Ap

Forskaren Gunnar Samuelson ved Gøteborg Universitet meiner det ikkje nødvendigvis stemmer at Jesus vart hengt på korset.

Han trur ei feil oversetting kan ha gitt idéen om korsfestinga.

– Tekstane i Det nye testamentet er veldig knappe. Dei omtalar at Jesus måtte overgi seg, at så står det eit gresk ord, «stauron». Dette omset vi til «korsfesta», men det betyr ikkje berre «korsfesta», det betyr også «henge» på fleire ulike måtar, seier Samuelson til Jyllands-Posten.

– Kors kan vere påle

– Vidare står det at han bar sitt «stauros», som er det tilsvarende substantivet, men det betyr ikkje berre kors, det betyr også «påle», «stav», «stang» og så vidare, seier han.

Samuelson er klar på at han ikkje seier at Jesus ikkje vart korsfesta, men at han er i tvil om at det faktisk stemmer.

– Om eg har rett, er det ei enorm skandale, seier han.

Jesus Christ Superstar

Nyttårsaftan 2009 fekk 200 heimlause, fattige og trengande sjå Jesus på korset i musikalen Jesus Christ Superstar.

Foto: Thomassen, Christian / Scanpix

Det er ikkje norske religionsforskarar nødvendigvis samde med han i.

Vemund Blomkvist er ekspert på gresk og Det nye testamentet og lektor på Det teologiske fakultet ved Universitetet i Oslo.

– Han har eit poeng. Det kan vere misvisande å bruke ordet «kors», men vi har ikkje andre ord å bruke heller, seier han.

Romersk straffmetode

Blomkvist fortel at sjølv om det ikkje er sikkert at Jesus vart hengd på eit kors, så vart han hengd på ein påle, og på den pålen var det ein tverrbjelke, om enn ikkje så lang som i korset som er mest brukt i kristen symbolikk.

Han seier at sjølv om symbolet i kristendommen ikkje nødvendigvis er det same som Jesus hang på, så treng ein likevel ikkje kalle korsfestinga noko anna enn nettopp det.

– Det er klart at romarane hadde ein straffemetode, den vi kallar korsfesting. Om det ikkje faktisk var eit kors, har vi ikkje noko betre ord for straffmetoden uansett, fortel han.

– Blir litt tomt i kyrkja

Kors

Den svenske forskaren meiner det kan bli litt tomt i kyrkja om korset misser symbolverdien.

Foto: Keilen, Berit / SCANPIX

Samuelsson disputerte for korsteorien sin i mai og har møtt stor motstand etterpå, mest fordi korset er så viktig for kristne over heile verda.

– Det kan jo vere at eg tek feil. I morgon kan det vere nokon som skriv ei bok som viser at eg har teke heilt feil. Det er det som er forsking: Vi legg fram hypoteser som anten blir stadfesta eller avkrefta, seier Samuelson.

På spørsmål om korleis han trur det går med symbolverdien til korset om det stemmer at Jesus ikkje vart korsfesta, svarar han at han personleg ikkje vil begynne å plukke ned kors frå kirkeveggane, men at dersom symbolverdien er borte:

– Ja, då blir det litt tomt i kyrkjene, seier han.

Statue av Olav den Heilage

Statue av Olav den Heilage som held korset mot himmelen. Det avgjerande slaget om kristninga av Noreg stod på Stiklestad i 1030. Kong Olav II Haraldsson fall i slaget.

Foto: Kallestad, Gorm / SCANPIX

Det trur ikkje ekspert på kyrkjehistorie og liturgikk Geir Hellemo noko på. Han er rektor ved Det praktisk-teologiske seminar ved Universitetet i Oslo.

– Symbolet fungerer uansett

– Eg ser ingen grunn til å kvitte seg med dette symbolet, som har fungert fint så lenge. Symbolikken vil vere den same, uansett om denne forskaren har ei anna oppfatting av korleis korset såg ut, seier han.

Hellemo meiner at så lenge fakta ikkje er sikre, må vi forholde oss til det.

– Det finst mange slags ulike kors-former. Ingen skal utestengast. Mangfaldet er viktig, seier han.

Han viser til at evangelia ikkje er eit forsøk på å framstille det som faktisk skjedde, og at korset som symbol heller ikkje er forsøk på å etterlikne kva Jesus hang på.

– Om religion står og fell på kva forskarar til ei kvar tid finn ut, er det eit risikabelt prosjekt å halde på med, seier han.

Kors

Korset står støtt som symbol i kristendommen, meiner Geir Hellemo, ekspert på kyrkjehistorie

Foto: ED Jones / AFP

Kulturstrøm

  • Sjette førsteplass på albumlisten for Ariana Grande

    Ariana Grande sikrer seg sin sjette førsteplass på den amerikanske albumlisten med sitt sjuende studioalbum.

    – En uke med evig solskinn, skrev Ariana Grande i helgen på Instagram – og siktet til suksessen som hennes sjette album, kalt nettopp «Eternal Sunshine», har.

    Utgivelsen solgte det som tilsvarer 227.000 albumenheter i sin første uke, noe som er årets beste hittil, ifølge Billboard. Blant annet ble låtene strømmet 195 millioner ganger. Den nye platen, som også topper VG-lista her hjemme, er laget i samarbeid med svenskene Max Martin og Ilya Salmanzadeh.

    Grande har tidligere toppet albumlisten med «Positions» (2020), «Thank U, Next» (2019), «Sweetener» (2018), «My Everything» (2014) og «Yours Truly» (2013). 2016-platen «Dangerous Woman» kom «bare» til en andreplass.

    Ariana Grande
    Foto: AFP
  • Fem land vil ha «Cammo»

    NRK har inngått opsjonsavtale med Tyskland, Frankrike, Spania, Belgia og Nederland om nyinnspillinger av dramakomedien «Cammo».

    Over 700.000 så første sesong av «Cammo». Serien handler om influenseren Cammo, som går konkurs og må ta på seg jobben som støttekontakt for Kamilla med Downs syndrom.

    – Dette er helt surrealistisk! At humoren og historien i «Cammo» kan treffe både spanjoler og tyskere er skikkelig gøy. Jeg gleder meg til å se hvordan de forskjellige landene tolker manus, og er så takknemlig og glad for at historien om Cammo og Kamilla potensielt skal bli fortalt til så mange millioner mennesker, sier Caroline Glomnes, serieskaper og hovedrolleinnhaver.

    Katelyn Garbin og Caroline Glomnes i rollene som Kamilla og Cammo.
    Foto: NRK

Flere kulturnyheter