Hopp til innhold

– Gjennom­snitts­mennesket eig mellom 3000 og 6000 ting

«Kjekt å ha, kjekt å ha. Ikke kast det, du får nok bruk for det en vakker dag.» Den japanske forfattaren Fumio Sasaki kunne ikkje vore meir ueinig med Øystein Sunde. Han oppfordrar folk til å kvitte seg med det aller meste.

Gunn-Helen Øye viser fram bokhylla som ho nesten har tømt.

Sjå Dagsrevyinnslaget.

Gjennomsnittsmenneske har mellom 3000 og 6000 ting, ifølge den japanske forfattaren, Fumio Sasaki. Han kvitta seg med 90 prosent av alle tinga sine og skreiv bok om det. Nå kjem boka i norsk utgåve på Pantagruel forlag.

– Putt tre til fire gjennomsnittsmenneske med alle dei tinga i éin bustad, så blir liva våre til ei 24 timars «to-do»-liste som vi aldri kjem igjennom, seier forleggar Alexander Elgurén i Pantagruel forlag.

LES OGSÅ: Advarer mot å rydde seg ihjel

Trendforskar Gunn-Helen Øye har meint at mykje har vore kjekt å ha, men det var fram til ho oppdaga den japanske forfattaren og boka «Farvel Ting».

– Bokhylla var stappfull. Eg tok ut alt, og beheldt nokre få ting. Det morosame var at når eg tok ut ei av desse bøkene så sat det ein svær snigle på den. Det seier noko om kor lenge det er sidan eg har brukt boka, seier Gunn-Helen Øye.

Verdsett tomrom

Fumio Sasaki

MINIMALISME: Den japanske forfattaren Fumio Sasaki blei ein lykkelegare mann etter at han kvitta seg med nesten alle sine eigedelar.

Foto: Pantagruel Forlag

Den japanske forfattaren Fumio Sasaki er ifølge det norske forlaget Pantagruel berre ein vanleg fyr. Han var stressa på jobb og samanlikna seg konstant med kva andre hadde, inntil han ein dag bestemte seg for å kvitte seg med 90 prosent av sine eigedelar.

Nå bur Sasaki i ei særdeles lita leilegheit i Tokyo og er ein fanatisk ekspert på minimalisme.

I boka «Farvel Ting» forklarar forfattaren korleis ein blir lykkelegare med færre ting. Boka, som kom ut i Japan i 2015, har blitt eit bestseljande fenomen i heimlandet, og er nå selt til ei rekke land.

Gunn-Helen Øye

LYKKELEG: Trendforskar Gunn-Helen Øye følte fridom etter å ha kasta mange av sine eigedelar.

Foto: Ragnar Gulset Berge / NRK

Gunn-Helen Øye har kvitta seg med mange ting, men saknar ingen av dei. I staden føler ho ein slags fridom.

– Du syns ikkje det er litt tomt her?

– Tomrom skal få vere tomrom. Grunnen til at nokon meiner det ser tomt ut, er fordi dei har eit skapt bilete i hovudet av korleis ein norsk heim vanlegvis ser ut, seier Øye.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters
  • Begravelses-musikal basert på Løvlands sanger.

    I september kommer begravelses-musikalen «You Raise me up» på Lillestrøm kultursenter, i samarbeid med komponist Rolf Løvland, skriver de i en pressemelding.

    Musikalen er en romantisk dramakomedie som utspiller seg i et begravelsesbyrå. Lisa Stokke og Øyvind Boye Løvold spiller hovedrollene.