Hopp til innhold

– Den beste julesongen som finst

Når Silya Nymoen skal kome i julestemning, er det ingenting som slår ei knitrande gammal plate med Bing Crosby.

Kringkastingsorkestret med Silya Nymoen. 
White Christmas av Irving Berlin/Arr: Helge Sunde
Terje Boye Hansen, dirigent
Julemeloditimen i Store studio 19. des. 2013

Silya Nymoen gjekk i haust til topps i andre sesong av NRK sin musikkonkurranse Stjernekamp. Her syng ho White Christmas med Kringkastingsorkestret.

Denne hausten har snudd opp ned på det meste for Silya Nymoen. 9. november vart ho utropt til vinnar av TV-konkurransen Stjernekamp, etter å ha framført sin eigen låt Sucka i finalen.

Les: Silya Nymoen vant Stjernekamp

Etter ein hektisk månad med mykje merksemd skaper Silya denne veka julestemning for NRK sitt publikum: Torsdag song ho to av dei største juleklassikarane med Kringkastingsorkestret i Store Studio.

– Dødskult å få gjere den med Kringkastingsorkestret

Den ultimate julestemninga er for Silya knytt til veslejulaftan: Juletrepynting i lag med broren, lukta av gran og julegraut, og lyden av ei etter kvart nokså sliten vinylplate pryda av ein blid kar med nisselue:

Bing Crosby

Bing Crosby i oktober 1942, same månaden som White Christmas gjekk til topps på amerikanske hitlister.

Foto: AP

– Det vert ikkje jul for meg utan Bing Crosby, seier Silya når eg møter henne nokre dagar før konserten med Kringkastingsorkestret.

– Når han syng White Christmas ... det er den beste julesongen som finst. Det må vere han som syng den. Den er så varm og fin at eg får lyst til å setje meg framfor peisen og opne julepresangar med ein gong. Å få gjere den songen med Kringkastingsorkestret er berre dødskult!

– Har mest lyst til Bahamas i år

Etter at den verste Stjernekamp-stormen hadde roa seg i november, reiste Silya tilbake til heimebasen i New York for å slappe av. Det gjekk ikkje heilt som planlagt:

– Eg har ikkje så lett for å slappe av, så eg jobba mykje i studio og feira sigeren i lag med venene mine som hadde følgt med frå USA. Så var eg plutseleg tilbake i Noreg med fullt køyr i to veker. Då merkar ein plutseleg at ein er litt sliten.

Dermed er behovet for julefred ekstra stort i år, og ho reiser difor tilbake til New York allereie 22. desember – og kanskje vidare derifrå også?

– Eg har ikkje tenkt å boikotte jula, men eg kunne tenkt meg å dra til ein varm stad – eg treng litt ferie. Det kan hende eg blir i New York utan å gjere så mykje, men eg har aller mest lyst til å dra til Bahamas heilt åleine og ligge i ei hengekøye!

Sjå Silya synge The Christmas Song:

Kringkastingsorkestret med Silya Nymoen. 
The Christmas Song av Mel Tormé og Robert Wells/Arr: Lars Erik Gudim
Terje Boye Hansen, dirigent
Julemeloditimen i Store studio 19. des. 2013

Silya syng The Christmas Song med Kringkastingsorkestret, dirigert av Terje Boye Hansen.

– Stjernekamp opna ei velkomstdør

Med to søsken som bor utanlands og reiseglade foreldre, er alternativ julefeiring blitt normalen for Silya sin familie. Løysinga for den julekjære artisten vert å fylle på med julestemning før sjølve julehelga:

– Eg tenkjer det blir førjulsfeiring med foreldra mine før eg reiser, ein treng jo ikkje vente til julaftan. Det er lenge sidan vi har hatt ei sånn ordentleg norsk jul med heile familien, eg har feira jul både i Florida, New York og New Jersey. Men eg har mange norske vener i USA og har fått ribbe likevel – eg har til og med klart å lage riskrem.

Stjernekamp-sigeren har opna nye dører for Silya både i Noreg og i USA – utan at ho vil røpe kva som er på gang «der borte». Her i Noreg er det duka for konsert på Sentrum Scene 25. januar og truleg plateslepp i mars. Og det er heilt annleis å vere Silya på norsk jord etter denne hausten:

– Stjernekamp vart noko mykje meir enn eg trudde det skulle bli. Eg skulle berre svippe innom Noreg, og trudde ikkje eg skulle vere med til slutten. Men utover i konkurransen vart den så viktig for meg, og etter at eg vann, har eg fått svært mykje fin tilbakemelding frå folk. Stjernekamp har liksom opna ei slags velkomstdør heim til Noreg.

Du kan høyre konserten med Silya og Kringkastingsorkestret i Julemeloditimen på P1+ 21. desember kl. 15.03 eller i NRKs nettradio.

Kulturstrøm

  • Får støtte frå pappa

    Den svenske artisten Eric Saade markerte støtte for Palestina under eit Eurovision-arrangement tysdag.

    No får han støtte frå pappa Walid Saade, melder Expressen.

    – Vi viser at vi finst og at det som pågår ikkje får skje, seier han til avisa.

    Besteforeldra til Eric Saade flykta frå Palestina til Libanon i 1948.

    Sweden Eurovision Song Contest Semi-Final
    Foto: Martin Meissner / AP
  • Regjeringen gir en million kroner til Rørosmartnan

    – Rørosregionen er en viktig region for Norge. En investering i kvalitet for investering for Rørosmartnan gir et godt bidrag. Sammen med det lokale næringslivet vil regjeringen bidra til at kulturhistorien og tradisjonene blir sikret på Røros og bevilge 1.000.000 kroner til Rørosmartnan, sier Jonas Gahr Støre.

    Støre var i vinter på besøk på Røros og åpnet arrangementet som første statsminister. Bidraget kommer I forbindelse med revidert nasjonalbudsjett, som legges fram 14. mai.

    – Dette er en merkedag for oss på Røros, og et viktig signal om at Rørosregionen er viktig også for hele Norge, sier ordfører Isak Veierud Busch (A).

    Støre på Rørosmartnan
    Foto: Statsministerens kontor
  • Regjeringa gir 300 millioner i satsing på lærebøker i papir

    – Starten på en tydelig markering av skrift og bøker, sier statsminister Jonas Gahr Støre.

    Pengene er øremerket fysiske bøker.

    – Forskning viser at elever lærer mer ved å lese fysiske bøker, sier kunnskapsminister, Kari Nessa Nordtun.

    Hun sier regjeringen nå tar grep for å snu dårlige lesetall.

    – For mye iPad, skjerm og for lite bøker har ikke vært bra for leselysta, sier statsministeren.