Hopp til innhold

30 år sidan ho snusa på gullpalmen

Ingen norsk film har nådd opp til hovudprogrammet i Cannes sidan.

Anja Breien
Foto: Aaserud, Ivar / SCANPIX

Palme d'Or

Den gjevaste statuetten, Palme d'Or.

Foto: festival-cannes.com

I 1979 konkurrerte Anja Breiens film «Arven» om den prestisjetunge gullpalmen ved filmfestivalen i Cannes.

Filmen om bitre familiefeidar hausta stor norsk og internasjonal begeistring, men nådde ikkje heilt til topps, i konkurranse med «Apokalypse nå!» og «Blikktrommen».

NRKs legendariske filmjournalist, Pål Bang-Hansen, rapportere den gongen om ein stolt, norsk filmbransje.

- Anja Breiens verk har verkeleg opna augene for norsk film generelt. Visning av «Arven» på kino og fjernsyn over heile jorda betyr også samtidig plassering av Norge som noko anna enn ryggsekk-landet.

Tretti magre år

Arven

Arven, 1979.

Før 1979 hadde Norge til saman sju filmar i hovudprogrammet. På femtitalet sette Arne Skauen norsk film på kartet med fire filmar i hovudprogrammet.

No har det gått 30 år sidan Breien blei valt ut til hovudprogrammet i Cannes.

Etter det, har Norge delteke i ulike sideprogram, men ingen norske filmar har fått æra av å konkurrere om Gullpalmen sidan 1979.

Bent Hamer har delteke fire gongar, og seier til NRK at norsk film klarer seg utan Cannes, men at det alltid er positivt for ein film å få vere med der.

Anja Breien var glad for å vere med, men hadde ikkje berre godord å seie om filmfestivalen i 1979.

- I Cannes ser du kva den store filmindustrien er. Dei køyrer rundt i Rolls Royce. Du ser pengane, og du ser mykje drit, altså.

- Viktig for smal film

Kjetil Lismoen

Kjetil Lismoen, redaktør i Rushprint.

Foto: Rushprint

Kjetil Lismoen, redaktør i filmtidsskriftet Rushprint, trur deltaking i Cannes hadde gjort norsk film godt.

- Det er noko magisk ved hovedprogrammet. For ein liten, smal film kan deltaking der vere avgjerande for å få internasjonal distribusjon innanfor si nisje.

- For dei fleste norske filmane er det mindre viktig, fordi dei er laga for å appellere til massene. Men for dei eksperimentelle, kunstnariske filmane er Cannes viktig. Slike filmar må ut i verda for å bli omfavna av fleire - vi er ikkje mange nok i Norge til at det løner seg her.

- Treng meir lobbyverksemd

Yngve Sæther

Filmprodusent Yngve Sæther.

Foto: BRUN/AGNETE

Filmprodusent Yngve Sæther trur det er vanskelegare å lage politisk eller kunstnarisk ambisiøs film i Norge i dag.

- Vi har nok fokusert på å gjenskape ein tillit til det norske kinopublikummet gjennom å underhalde. Og det må dei fleste også gjere for å klare å finansiere film i dag. Men samtidig er det viktig for norsk filmbransje å komme seg på kartet.

- Er ikkje ambisjonane i Norge høge nok i dag?

- Når det gjeld å nå ut med internasjonal filmkunst, har ikkje ambisjonane vore høge nok nei. Men det ligg nok for lite økonomi i det.

Sæther trekkjer fram suksessfilmen «Nord» som ein film som truleg ikkje ville ha fått merksemd i Berlin utan utanlandske salsagentar.

- Det er kjempeviktig å knyte kontakter. Kjem vi først dit, og klarer å lage filmar som blir oppfatta som interessante, så vil augene bli vendt mot Norge.

- På nittitalet var både «Insomnia» og «Budbringeren» i Cannes, og det blei snakk om ei "Nor-wave" - men vi klarte aldri å utnytte det.

Kulturstrøm

  • Gustav Klimts siste maleri solgt på auksjon

    Maleriet «Portrait of Miss Lieser» av den østerrikske kunstneren Gustav Klimt ble solgt på auksjon i Wien for 30 millioner euro, som tilsvarer rundt 350 millioner kroner.

    Klimt startet på portrettet i 1917, og det skulle bli hans siste maleri før han døde året etter. Han fikk aldri gjort det helt ferdig.

    Maleriet var savnet i nesten 100 år før det dukket opp på auksjonshuset i Wien tidligere i år, skriver BBC.

    Det har vært flere debatter om hvem kvinnen på bildet er, og hva som skjedde med bilde under 2. verdenskrig.

    Auksjonsleder Michael Kovacek, co-administrerende direktør for Kinsky Auction House taler ved siden av Claudia Moerth-Gasser, Klimt Expert, i begynnelsen av en auksjon for den østerrikske kunstneren Gustav Klimts portrett ble auksjonert ut.
    Foto: Reuters