«Big bird» pensjonerer seg
Skodespelaren Caroll Spinney (84) pensjonerer seg, melder New York Times. Amerikanaren har spelt rolla som «Big bird» og «Oscar the Grouch» sidan oppstarten av «Sesame street» i 1969. Det finst ikkje eit eksakt tal på kor mange episodar Spinney har vore med i, men ein talsperson for TV-programmet seier det er snakk om fleire tusen.