Hopp til innhold

- Nordmenn er stygge og dumme

«Nordmennene er store nok, men holdningen deres er keitete, og av utseende er de ikke bare lite pene, men direkte stygge», skriv Bayard Taylor.

Skjenkestue

Bayard Taylor illustrerte sjølv reiseboka frå Noreg. Her nordmenn i ei skjenkestove.

Foto: Illustrasjon: Bayard Taylor (Frifant Forlag)

Desse lite hyggjelege karakteristikkane kjem den amerikanske forfattaren Bayard Taylor med i boka Northern Travel, som kom ut på midten av 1800-tallet.

No har denne boka kome ut på norsk for første gang, med tittelen En reise i Norge i 1857.

Bayard Taylor

Reisbokforfattar Bayard Taylor var ikkje nådig i sine skildringar av nordmenn.

Taylor kom til Noreg for å oppleve midnattssol og naturen i landet, men han var ikkje spesielt begeistra for det norske folket, fortel forleggar i Frifant Forlag, Arve Torkelsen.

- Bayard Taylor syntest at Noreg og norsk natur var fantastisk. Men sjølv om han møtte nokre prestar, offiserar og professorar, som han syntest var hyggjelege, var han nærast sjokkert over tilstanden blant vanlege folk, fortel forleggar og omsetjar, Arve Torkelsen.

HØYR RADIOSAKA HER: En reise i Norge

Virkelig vakre mennesker er i Norge et sjeldent syn. De voksne kvinnene er, særlig etter at de har giftet seg, vanligvis bemerkelsesverdig lite pene. Bortsett fra noen innfødte stammer i Afrika, har jeg aldri sett så forvokste, slappe og hengende bryster som her.

Bayard Taylor / En reise i Norge i 1857 (Frifant Forlag)

Taylor reagerte også på nordmenn si manglande hygiene. Han meinte at vi var ureinslege, og han skriv i boka at han trur dei lågaste klasane i Noreg er dei skitnaste i Europa.

- I Hallingdal såg han rettnok ein ung gut som bada, men han var ung og visste ikkje betre, seier Arve Torkelsen.

En reise i Norge i 1857

Frå ein skysstasjon.

Foto: Illustrasjon: Bayard Taylor (Frifant Forlag)

Vikinghøvdingene må utvilsomt ha kjent til gleden ved renslighet og velbehaget ved et godt liv, men hvis den slags vaner var vanlige, har nasjonen degenerert mye siden den tid.

Bayard Taylor / En reise i Norge i 1857 (Frifant Forlag)

Bayard Taylor, som var ein kjend reisebokforfattar i USA då han levde, reiste med karjol frå Kristiania til Lillehammer og opp gjennom Gudbrandsdalen.

Det er antakelig ingen landsens befolkning i verden hvor umoralen har tatt slik overhånd som i distriktene Gudbrandsdalen og Hedemark.

Bayard Taylor / En reise i Norge i 1857 (Frifant Forlag)

Etter han hadde forsert Dovrefjell, som han skildrar som ei keisam slette, kom Taylor etter kvart ned til Drontheim, som han kalla byen. Derifrå tok han dampbåt langs kysten heilt opp til Varangerfjorden.

- Plassane han kjem til er han stort sett begreistra for. Men han klagar på hotellastandarden, prisane og maten. Han påstår at i forhold til det det kostar er Noreg verdas dyraste land å vere turist i, seier Torkelsen.

Båt på fjord

Bayard Taylor reiste med båt frå Finnmark til Bergen.

Foto: Illustrasjon: Bayard Taylor (Frifant Forlag)
En reise i Norge i 1857

Boka til Bayard Taylor kjem no i norsk omsetjing.

Foto: Torstein Paulsen / NRK

Frå Finnmark bar det sørover med båt igjen til Bergen. I heile landet klaga han over maten, sur mjølk, harskt smør, og tynn suppe. For første gong i livet erfarte reisebokforfattaren at fordøyingssystemet hans ikkje klarte å hamle opp med maten i eit framandt land.

Ifølgje Bayard Taylor var vi altså i 1857 stygge, skitne, dumme, late og umoralske. Mykje av dette har vonleg endra seg til det betre sidan 1857, men dei høge prisane og den vakre naturen er ting turistar framleis bit seg merke i.

I tillegg var det ein ting til Bayard Taylor la spesielt merke til hjå nordmenn:

Kanskje er det mest typiske trekket ved den norske karakteren en nasjonal forfengelighet, som alltid er på vakt, og tenner ved den minste provokasjon. Si hva du vil, bare ikke at Norge på noe område ligger etter et annet land.

Bayard Taylor / En reise i Norge i 1857 (Frifant Forlag)
  • Passar desse karakteristikkane av nordmenn framleis?

Kulturstrøm

  • «Victoria må dø» vant publikumspris

    Den norske filmen «Victoria må dø» vant publikumsprisen under årets Barnefilmfestival i Kristiansand.

    «Mounted Games» av Karen Houge vant årets pitchekonkurranse og «Smerteterskel» stakk av med prisen for beste kortfilm.

    Festivalsjef Cathrine Sordal forteller i en pressemelding at det har blitt vist 83 filmer fra 42 land under årets festival.

    Barnefilmfestivalen har i år delt ut 10 ulike filmpriser.

  • Aaron Sorkin skriv «The Social Network»-oppfølgar

    Aaron Sorkin held på med eit manus til det han kallar «ein slags The Social Network-oppfølgar», fordi han meiner Facebook har skulda for storminga av Kongressen i USA 6. januar 2021.

    Det sa Sorkin under ei direktesending av podkasten «The Town». Han vil derimot ikkje seia kvifor han meiner Facebook står bak storminga.

    Sorkin fekk ein Oscar for manuset til dramafilmen The Social Network frå 2010, regissert av David Fincher. Filmen tek for seg oppstarten av Facebook.

    Sorkin har tidlegare sagt at han ønsker å skriva ein oppfølgar som utforskar «den mørke sida» av Facebook, særleg dersom Fincher vil regissere.

    Aaron Sorkin
    Foto: GARY HERSHORN / Reuters