Politiet: Eittåring på Askøy døydde av blodforgifting

ASKØY (NRK):Obduksjonsrapporten syner at drikkevatnet kan ha medverka til å forverre tilstanden for eittåringen frå Askøy.

Dronebilde fra Askøy

SJUKDOMSUTBROT: Fleire tusen har blitt sjuke av drikkevatnet på Askøy.

Foto: Alrik Velsvik / NRK

Den førebelse obduksjonsrapporten av eittåringen på Askøy som døydde, syner at han hadde streptokokkar i tillegg til campylobacter.

Campylobacterbakterien guten var smitta av, kan truleg bli kopla til drikkevatnet på Askøy, medan streptokokkane ikkje har nokon kopling til drikkevatnet, skriv politiet i ei pressemelding.

Streptokokkane har gjeve guten blodforgifting som forårsaka at han døydde.

To bakterietypar

Kvar for seg utgjer streptokokkar og campylobacter liten fare for elles friske menneske. At eittåringen hadde begge typar samstundes, kan ha medverka til dødsfallet, skriv politiet.

Ekspertar ved Haukeland universitetessjukehus slår fast at det ikkje er dekning for å seie at campylobacter-bakterien, som er funne i drikkevatnet på Askøy, har forårsaka blodforgiftinga.

Men campylobacter kan ha hatt indirekte påverknad ved at bakterien kan ha redusert allmenntilstanden til barnet og dermed gjort guten meir sårbar for ein alvorleg streptokokkinfeksjon.

Dette vil bli undersøkt nærare fram mot den endelege obduksjonsrapporten. Det vil truleg ta månader å få den ferdig, ifølgje politiet.

Campylobacter, testing på Haukeland universitetssjukehus

CAMPYLOBACTER: Fredag blei det kjent at bakterien campylobacter var funne i prøvene frå eittåringen.

Foto: Helena Viktoria Johnsen / NRK

– Ikkje alle svar

Familiens bistandsadvokat Kjetil Ottesen skriv i ein SMS til NRK at den førebelse rapporten gjev nokre svar, men ikkje alle svar. Han har ikkje meir å føye til politiets pressemelding no.

Familien ber om forståing for at dei treng fred og ro i ei vanskeleg tid, skriv Ottesen.

Politiet fekk torsdag ettermiddag ein førebels versjon av rapporten, men ville ikkje dele innhaldet i den før dei hadde snakka med foreldra til guten. Det kunne fyrst skje etter gravferda, som var før helga.

Søndag møtte politiet foreldra til eittåringen. No deler dei resultatet av obduksjonen.

Allereie fredag stadfesta fylkeslegen i Vestland, Helga Arianson, at det var funne bakterien campylobacter hos eittåringen.

Bård Espelid

ALVORSTYNGA: – Dette må aldri skje igjen, sa varaordførar Bård Espelid då han møtte pressa på Kleppestø måndag morgon.

Foto: Adrian Nyhammer Olsen / NRK

Hadde tarminfeksjon

Guten døydde i starten av juni etter å ha blitt lagt inn på Haukeland universitetssjukehus med ein tarminfeksjon. Men til no har det ikkje blitt stadfesta at dødsfallet var direkte knytt til forureininga av drikkevatnet på Askøy.

Fylkeslegen i Vestland har starta tilsyn i samband med dødsfallet til eittåringen. Dei jobbar no med å hente inn opplysningar i saka, blant anna om helsetilstanden til eittåringen før han blei sjuk.

Også politiet undersøker dødsfallet.

Varaordførar Bård Espelid møtte pressa etter at politiet offentleggjorde dei førebelse resultatane av obduksjonen.

– Vi har høyrd det frå innbyggjarar, og direkte frå pårørande i denne saka: Dette må aldri skje igjen. Det er ein bodskap som alle i Askøy kommune må ta til seg, anten vi er tilsette eller politikarar. Vi skal aldri gløyme det som har skjedd, i framtida skal vi levere sikkert, godt og trygt drikkevatn til innbyggjarane, sa Espelid.

I ei pressemelding skriv kommunen at tankane deira først og framst går til barnet sin familie som no står midt oppe i sitt livs største krise.

Mange smitta

Ei 72 år gammal kvinne har også døydd med påvist campylobacter-smitte. Dette dødsfallet blir òg undersøkt om det har samanheng med drikkevasskrisa på Askøy.

Til no har over 60 personar frå Askøy blitt lagt inn på sjukehus etter å ha blitt sjuke av drikkevatnet. 176 personar har fått påvist campylobacter på øya, ifølgje ferske tal.