Hopp til innhold

Blei kopla på smitta vassverk utan å få beskjed

Nabolaget på Askøy trudde dei fekk vatn frå ei anna vasskjelde. Så fekk dei sms frå kommunen om at dei måtte koke vatnet. No beklagar varaordføraren.

Fekk kokevarsel på ny

FRUSTRERTE: Annika Daly (f.v.), Asbjørn Halsne Juvik og Christine Dyrøy bur på Øvre Strand. Juvik fortel at han blei overraska og frustrert då dei fekk kokevarselet fredag.

Foto: Jan Erik Storebø / Askøyværingen

Fredag ettermiddag fekk husstandar i Strand, saman med andre innbyggjarar sør på Askøy, igjen beskjed om å koke vatnet.

Kommunen har funne E.coli-bakteriar i vassprøvar som blei tatt frå eit høgdebasseng som forsyner 5.450 askøyværingar med vatn. Funna er gjort i same område som sist, då 2000 askøyværingar blei sjuke.

Det er så langt ikkje meldt om sjuke etter funnet.

Men fleire reagerte i går på at dei fekk SMS-en frå kommunen, fordi dei trudde dei fekk vatn frå ei anna vasskjelde.

Det var Askøyværingen som først omtalte saken.

Informerte ikkje

23. juli blei innbyggjarane i områda Strand, Solhola, Kleiva og Olahaugen kopla over frå Ingersvann til Kleppe vannverk, fortel varaordførar Bård Espelid til NRK.

Han stadfestar også at kommunen ikkje informerte innbyggjarane om bytet av vassverk.

– Eg forstår veldig godt at folk blir litt forvirra når dei får varselet, og dei trudde dei var kopla opp mot eit anna vassverk, seier Espelid.

Ifølgje varaordføraren kan det vere snakk om meir enn hundre husstandar.

Inngang til fjellbasseng på Kleppe på Askøy

NYTT VARSEL: Innbyggjarar på Askøy må igjen koke vatnet etter funn av E.coli. Kokevarselet held fram til tidlegast måndag kveld.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

Frustrerte

Asbjørn Halsne Juvik var blant dei som blei overraska over SMS-en frå kommunen. Han fortel til Askøyværingen at han blei frustrert og tok kontakt med kommunen.

– Kvifor har dette skjedd? var blant spørsmåla han ville ha svar på.

Husa i området han bur i er vanlegvis knytt til Kleppe vannverk, men akkurat då smitteutbrotet råka øya, var dei ikkje det.

Etter å ha koka vatnet i ei veke i juni, fekk innbyggjarane beskjed om at dei fekk vatn frå Ingersvann og ikkje trong koke det likevel.

Det trudde naboane dei framleis var. Heilt til meldinga tikka inn fredag.

Varaordfører på Askøy Bård Espelid

FOR DÅRLEG: Varaordførar Bård Espelid beklagar at husstandane ikkje fekk beskjed om at dei blei kopla til Kleppe vannverk.

Foto: Simon S. Brandseth / NRK

Tar sjølvkritikk

Leiar for vann og avløp i Askøy kommune, Anton Bøe, seier det er vanleg at dei ikkje informerer om slike bytte.

– Abonnenten skal ikkje merke kor vatnet kjem frå. Dessutan er det praktisk vanskeleg å bruke tid på å varsle kvar gong, då ville vi brukt all tid på det.

Han forklarar at området ligg midt mellom to vassverk, og at kommunen treng fleksibiliteten i å kunne bytte mellom dei.

Varaordførar Bård Espelid har likevel forståing for at innbyggjarane i området ynskjer å bli informerte når dei får ei ny vasskjelde

– Det er noko med informasjonen her som må forbetrast, det er det ingen tvil om, seier Espelid.

Han understrekar at dei ikkje har diskutert saka i kommunen enno, men han meiner dei må ta sjølvkritikk på informasjonen som har kome gjennom SMS-ane.

– Vi må bli meir presis i SMS-varsla så folk forstår både meldingane dei får og risikoen.