Hopp til innhold

Nytt kokevarsel på Askøy: Funn av E.coli

Askøy kommune har på ny sendt ut kokevarsel. Det er funne E.coli-bakteriar i vassprøvar som vart tatt frå eit høgdebasseng som forsyner 5.450 askøyværingar med vatn.

Høydebasseng på Askøy, Øvre Kleppe, 2

HØGDEBASSENG: Bakteriane er denne gongen funne i det andre høgdebassenget på Øvre Kleppe, det såkalla 125-bassenget.

Foto: Even Norheim Johansen / NRK

Vassprøvar tatt i går viser funn av E.coli-bakterie i drikkevatnet i Kleppe vannverk på Askøy.

Vassprøvane er tatt frå 125-bassenget som ligg på Øvre Kleppe. 5.450 personar er råka av varselet. Det opplyser Askøy kommune på sine nettsider.

Det er ikkje meldt om at nokon er blitt sjuke som følge av bakteriane.

Det er tatt rutinemessige prøvar i leidningsnettet knytt til Kleppe vannverk. 14 kontrollpunkt er innført der dei tar prøvar kvar tysdag og torsdag, opplyser kommunen.

– Prøvane har vore heilt fine fram til den som blei tatt i går. Då fann me E.coli-bakterie på to stader, seier fungerande rådmann Åge Rosnes i Askøy kommune.

Funna er gjort i same område som sist, men har ramma færre innbyggarar enn førre gong, då opp mot 15.000 innbyggarar vart råka.

Kokevarsel til over helga

Det har blitt tatt nye prøvar i dag, opplyser Rosnes. Han seier dei ventar å få svar i samband med E.coli-bakteriane i morgon, og svar på andre prøvar over helga.

Kokevarselet held fram til tidlegast måndag kveld.

Rosnes fortel at dei har tett dialog med legevakta. I helga rettar dei ekstra merksemd mot dei i tilfelle det dukkar opp folk med symptom som mage- og tarmproblem.

Sjukdomsutbrotet på Askøy var ifølge Rosnes ikkje var avgjerande for om kommunen skulle senda ut varsel eller ikkje.

– Askøy har alltid hatt praksis for å senda ut varsel raskt, me har kanskje ein lågare terskel for det enn kommunar flest, seier han.

Han legg til at det ikkje var store mengder med E.coli-bakteriar, og at kommunen har hatt ei vurdering på om dei skulle la vera å senda ut varsel.

– Men me ønsker å vera føre var, seier Rosnes.

2000 sjuke av sjukdomsutbrot

Sjukdommen som braut ut i byrjinga av juni grunna E.coli-bakterie i drikkevatnet, råka fleire tusen askøyværingar.

Kommunen slo fast at så mange som 2000 innbyggjarar blei sjuke med tarminfeksjon av vatnet på Askøy. Folk hadde oppkast, diaré og feber.

I tillegg blei to dødsfall knytt til smitteutbrotet, og over 70 var innlagde på Haukeland universitetssjukehus.