Kåre Smith taler på Smiths venners påskestevne i 2019
Foto: BCC

Smiths venner seier det er frivillig å gje  – her er dokumentet som tyder på det motsette

Eit lekka dokument frå eit lokallag i Smiths venner viser at det er forventa at medlemane bidrar med fleire tusen kroner i månaden.

Innkallinga til eit ekstraordinært årsmøte i Smiths venner sitt lokallag på Sørlandet avslører penge- og dugnadspress i trussamfunnet.

Dokumentet førte oss på sporet av nye, overraskande opplysningar om trussamfunnet sin internbank på Kypros. Og seks hundre millionar kroner på vandring.

Våre spørsmål rundt millionvandringa førte til at leiinga i Smiths venner hyra advokat og trua både NRK og journalistane med rettssak.

Fire medlemar frå ulike lokallag har valt å snakke ut med NRK. Anonymt. Dei opplever alle at leiinga i trussamfunnet deira prøver å skjule noko.

La oss ta det frå starten.

«4500 i månaden»

Smiths venner sitt offisielle namn er Brunstad Christian Church (BCC). I respekt for trussamfunnet vel vi å bruke det offisielle namnet vidare i artikkelen.

I februar i år fekk medlemane i BCC sitt lokallag på Sørlandet innkalling til ekstraordinært årsmøte.

Utdrag fra innkalling der det står at det forventes at alle medlemmer bidrar, familier normalt med 4500 kroner.

Kvar månad er det forventa at ein familie med normal inntekt bidrar med 4500 kroner.

Innkallinga understrekar at det blir budsjettert med at medlemane bidrar med faste trekk. Lågare satsar enn dei styret anbefaler skal berre førekome unntaksvis i kortare periodar.

Det blir og forventa at aktive medlemar startar med faste bidrag frå fylte 18 år.

Forventes at alle bidrar fra fylte 18 år

I dokumentarserien «Guds utvalde» vart BCC  kritisert for å utøve  pengepress  på  medlemane. Dette vart tilbakevist av leiinga:

Vi oppfordrer alltid til frivillighet og selvstendighet når en vurderer hva en ønsker å bidra med, om det er mye eller lite.

Berit Hustad Nilsen, styreleiar BCC / Guds  utvalde, NRK

– Pyntar på sanninga 

Varslaren som lekka årsmøtepapira frå lokallaget på Sørlandet, er medlem i BCC. Han og fleire medlemar, frå ulike lokallag, reagerer på innhaldet.

Varslaren seier han kjenner til fleire barnefamiliar i BCC, landet over, som har det tøft økonomisk.

– Dei har  eit  mykje  mindre økonomisk handlingsrom enn folk flest. Årsaka til det er penge- og dugnadspress  frå  trussamfunnet  vårt. Eg trur det er på tide å definere uttrykket «frivillighet» når  styreleiar bruker dette på vegner av  BCC, seier  medlemen  til NRK.

Anonym BCC-medlem

Brennpunkt-journalist, Inger Sunde, i møte med den anonyme varslaren. Han våger ikkje å stå fram ope i frykt for sosiale sanksjonar.

Foto: Patrick da Silva Saether / NRK

– Det er mange i vårt trussamfunn som er ressurssterke, men få har ressursar  nok til å risikere å miste heile nettverket sitt ved å stå fram ope.

Vedkomande  meiner at det er  eit stort avvik mellom realiteten i trussamfunnet og skildringa leiinga gjev overfor omverda.  

– Avviket er så stort at det er freistande å seie at dei pyntar på sanninga og på den måten unngår kvar ein form for kritikk, seier han.

Beklagar ordlyd

Even Winther Nilsen er styreleiar i BCC sitt lokallag på Sørlandet, Brunstad Kristelige menighet Sørlandet. Han svarer på vegner av styret der. Han beklagar ordlyden i årsmøteinnkallinga over for NRK.  

–  Vi kunne formulert innkallinga  betre.

Så forklarer han.

– Slik vi har planlagt budsjettarbeid og behandling av dette i  BKM Sørlandets årsmøte, er  det  lagt opp etter heilt ordinær foreiningsdrift. Medlemane bestem aktivitetsnivå og behov for inntekter. Vi anslår i budsjettet  eit  estimat per person eller husstand. Dette for å dekke inn det aktivitetsnivået vi normalt har.  

I fylgje Winther Nilsen skal pengane blant anna brukast på søndagsskule, møter, temadagar og barne- og ungdomsarbeid.

Om lag ein tredjedel skal gå til internasjonal misjon, deriblant den interne TV-kanalen til trussamfunnet.

– Alt er frivillig 

Det står svart på kvitt at det er forventa at  medlemane  skal betale inn faste  månadlege  beløp. Likevel  hevdar  styreformannen på Sørlandet  at det er heilt frivillig. Han skriv at dette vart  presisert av  styret  under  årsmøtet og at det er snakk om anbefalte beløp.  

– Det er ingen andre enn  medlemane  som kan  avgjere  kostnads- eller aktivitetsnivået i vårt  lokallag.  

Lokallaget på Sørlandet har rundt 400 medlemar. Om lag halvparten er over 18 år og har stemmerett. I underkant av ein fjerdedel av desse deltok på møtet.

I fylgje styreleiaren vart budsjettet vedteke med 33 stemmer for. Sju stemte blankt og to stemte imot.

Business og elitesamfunn

Eit anna aktivt medlem bestemmer seg også for å snakke med oss. Han fortel at han har vakse opp i trussamfunnet med fokus på å vere nøysam. Han opplever at det har vore ei markant endring sidan 90-talet.

– Det har vore ei endring i verdisynet. Eg opplever at vi lever i eit lukka samfunn på leiinga i trussamfunnet sine premissar. Vi har eigne sjargongar, ja eit slags stammespråk. Businessen styrer i stor grad og det utviklar seg eit elitesamfunn på toppen.

På grunn av familieband og konsekvensar ynskjer heller ikkje han å stå fram, men han får støtte frå nok eit medlem. Også han meiner at businessen har teke over styringa.

– Då Kåre Smith sa «you cant save the world if you are broke», opplevde eg at BCC gjekk over frå å vere ein ideell organisasjon til å bli drifta som eit konsern, seier medlemen, som vil vere anonym.

Begge kjeldene seier at utsegn frå leiinga i BCC rundt økonomien, kan opplevast forvirrande.

Leiinga ynskjer ikkje å kommentere desse utsegna. Dei skriv at BCC ikkje ynskjer å medverke til «forfølging av seg selv».

Tar avstand frå pengepress

Når det kjem til pengepress og utsegna om at leiinga pyntar på sanninga, uttaler styremedlem Trond Eivind Johnsen seg, på vegner av leiinga i BCC.

Han svarer at BCC ikkje har noko interesse av å lyge eller pynte på sanninga.

Tvert imot så jobber vi aktivt for åpenhet og medlemsmedvirkning.

Trond Eivind Johnsen, styremedlem i BCC

Han reagerer på påstandane om pengepress.

– Vi tar avstand frå påstandar om at BCC påfører medlemar økonomiske problem ved pengepress, skriv Johnsen.

Han skriv at trussamfunnet heller ikkje har fått meldingar om at medlemar slit økonomisk fordi dei har gjeve gåver til trussamfunnet.

Han viser til at BCC utfører årlege medlemsundersøkingar og har etablert ei varslingsordning nettopp for å fange opp eventuelle kritikkverdige forhold.

Kalvild gård

Lokallaget på Sørlandet  kjøpte garden i 2009. Etter  eit  omfattande  renoveringsarbeid  er  eigedomen  no  i kommersiell drift.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

På toppen av det heile: Dugnad 

Tilbake til møteinnkallinga på Sørlandet. Her kjem det fram at det også er forventa at kvar husstand skal jobbe dugnad. For rundt 2000 kroner i  månaden. Dette er i tillegg til det månadlege beløpet på 4500 kroner.

Det forutsettes dugnad for 2000 kr. per husstand

Dugnadspengane  skal betale ned lånet på det luksuriøse konferansesenteret  Kalvild  Gård, i Lillesand.  

Renoveringa  av Kalvild gård var i stor grad  basert på dugnadsarbeid  frå  medlemane. No må  altså medlemane  jobbe  meir  dugnad.

Dette for å  tene  inn pengar som kan betale ned gjelda på  eigedomen. Det dreier seg om 40  millionar  kroner som lokallaget  skuldar  den lokale banken.

Styreleiaren  på Sørlandet skriv til NRK at også dugnaden er frivillig.   

– For å unngå overraskingar rundt økonomien og for å planlegge nedbetaling av lån, er det budsjettert med eit estimert bidrag per husstand for å vise omfanget. Så er det opp til den enkelte kva dei ynskjer å bidra med.

Kalvild gård

Den  tilbyr  konferansar, julebord, bryllaup, kulturarrangement og  event.

Foto: Per-Kåre Sandbakk / NRK

Har stor gjeld, men låner ut pengar

Men i innkallinga kjem det fram at laber dugnadsinnsats får økonomiske konsekvensar – for medlemane:

Ved mindre dugnad må det kompenseres med ekstra innsamlingsaksjoner

Nedbetalinga av gjelda på 40 millionar kroner er altså i stor grad avhengig av arbeidsinnsatsen og lommeboka til medlemane.

Samtidig  oppdagar  vi noko anna i dei lekka årsmøtepapira. At lokallaget har  lånt ut 19 millionar kroner.

Det skal vise seg at dette utlånet har si heilt eiga forhistorie. Millionane har vore på ei lang og til dels innfløkt reise. Ei reise som starta i eit kjent og solfylt skatteparadis.

Lånte ut hundrevis av millionar

I 2005 etablerte BCC  sin eigen internbank på Kypros, eit land som er kjent for lave  skattar  og lite innsyn. I  arbeidet med dokumentaren «Guds utvalde»  fekk  Brennpunkt lekka  eit  omfattande  materiale frå  drifta av denne internbanken, som vart kalla BCC Financial.  

Internbanken skulle drive med det  ein  på finansspråket  kallar «cashpooling». Slik  verksemd  krev konsesjon  frå  Finanstilsynet i Noreg. På Kypros var det  enklare.

BCC har lokallag over heile verda. Desse kunne no plassere sparepengane sine i internbanken på Kypros. Så skulle pengane bli lånt ut vidare. I fylgje retningslinjene skulle dei gå til bygginga av BCC sitt konferansesenter på Brunstad i Vestfold, samt «kristne og humanitære formål».

Det er her dei 19 millionane til lokallaget på Sørlandet kjem inn i bildet. Sørlendingane plasserte nemleg desse millionane i internbanken.  

BCC Financial vart avvikla i 2015–16. Då hadde sørlendingane, saman med andre lokallag, uteståande 611 millionar kroner i internbanken. Desse pengane hadde internbanken igjen lånt ut til privatpersonar, selskap og organisasjonar rundt om i heile verda.

Kåre Smith

Dei private selskapa til åndeleg leiar, Kåre Smith, og tidlegare styremedlem, Bernt Aksel Larsen, var blant  dei  som  fekk  låne  millionar  frå  internbanken.

Foto: BCC

Men  kva  skjedde  eigentleg  med  dei utlånte  sparepengane  til lokallaga då  banken vart avvikla?

Altså 611 millionar kroner.

Dette var pengar som lokallaga blant anna hadde skaffa seg gjennom tallause timar med dugnadsinnsats. Eller gjennom innsamlingar blant medlemane.

Trussamfunnet tok over gjelda

La oss halde fast ved dei 19 millionane som BKM Sørlandet lånte ut til BCC Financial. Vart dei betalt tilbake frå internbanken til sørlendingane då kyproseventyret var over?

Overføringen er ikke gått fysisk via våre bankkonti, men flyttet som tilgodehavende mot BCC istedenfor BCC Financial.

Even Winther Nilsen, styreleiar i BKM Sørlandet

Dette opplyser Nilsen i ein e-post til NRK. Så svaret er nei.

Sørlendingane fekk ingen pengar då internbanken vart avvikla. Men dei fekk ein ny debitor, nokon som hadde overtatt gjelda til internbanken. I dette tilfellet var det altså BCC sentralt.

Det vart gjort ei lang rekke liknande avtaler då banken på Kypros vart avvikla.

Millionar på millionar

NRK har kontakta 17 av BCC sine 19 lokallag i Noreg.

13 av desse har stadfesta at internbanken i skatteparadiset aldri betalte pengane tilbake til dei. Det var BCC sentralt som tok over internbankens økonomiske plikter.

Totalt viser det seg at BCC overtok 66 ulike låneavtalar frå BCC Financial.

Sluttsummen på kassalappen var på heile 611 millionar kroner. Dette stadfestar styremedlem i BCC, Trond Eivind Johnsen.

Med nokre pennestrøk vart gjelda flytta. Frå internbanken. Til BCC sentralt. Dermed gjekk Kypros-banken sitt rekneskap i balanse då den vart avvikla i 2016. Saldoen for utlån var null, bortsett frå eit mindre tap som vart nedskrive.

Men desse opplysningane får oss til å undre.

Leiinga i BCC har fortalt at all gjeld til internbanken var betalt tilbake i forbindelse med avviklinga av banken, med unntak av eit delbeløp. I september 2020 viste leiinga til rekneskapen til BCC Financial frå 2009–16 i eit møte med NRK.

Alt er tilbakebetalt

Kan det vere korrekt?

Pengane var plassert

NRK har bedt leiinga i BCC forklare inntrykket som blir skapt: Nemleg av at gjelda i internbanken vart betalt tilbake i 2016 – frå selskap og organisasjonar som hadde lånt store summar.

Styremedlem Trond Eivind Johnsen svarer:

– Sjølvsagt sat ikkje BCC Financial med innskota i likvide midlar, det er jo heller ikkje poenget med ein cashpool.

Han held fram:

– Sidan dei aller fleste låneavtalane ikkje hadde forfall før i utgangen av 2020, var pengane plassert for å få avkastning.

Trond Eivind Johnsen

Styremedlem i BCC, Trond Eivind Johnsen, hevdar at BCC aldri oppfordrar medlemar til å gje over evne.

Foto: BCC

Hundrevis av millionar i gjeld vart altså berre flytta på papiret. Ut av internbanken BCCF og over til BCC sentralt. Pengane BCC Financial hadde lånt ut til selskap og organisasjonar, var framleis ikkje betalt tilbake til internbanken.

Dei var «plassert», slik styremedlem Johnsen forklarer. Tidlegare har leiinga i BCC altså sagt at BCC Financial fekk betalt tilbake alle sine utlån. Det ser ikkje ut til å stemme.

Varslaren ifrå BCC reagerer på dei nye opplysningane som kjem fram.

– Begge deler kan ikkje vere sant samtidig

Han har nemleg også forstått det sånn at alle pengane som vart lånt ut frå internbanken på Kypros, vart betalt tilbake ved avviklinga i 2015–16.

– Dette gjer at eg mister all tillit til styret. Årsaka er at det dei har sagt tidlegare, og det dei seier no, er motstridande. Begge deler kan ikkje vere sant samtidig. Dei plukkar ut deler av ei sanning og skapar eit gale inntrykk. Dei utelét dei brikkene som ville gjeve eit komplett og totalt bilete av tematikken, seier han.

Når vi ber leiinga i BCC om å kommentere denne utsegna, har trussamfunnet hyra ein advokat som svarer oss. Han viser til ein dom om ærekrenking frå Den europeiske menneskerettsdomstolen og skriv blant anna:

«Du planlegger å publisere en alvorlig og uriktig anklage om løgn fra BCC. Uriktige løgnanklager vil generelt medføre erstatningsansvar for mediet og journalisten.»

Meir om advokaten og truslane litt seinare.

Utfordrande fordringar

Tidlegare har styremedlem Trond Eivind Johnsen understreka at BCC ikkje berre overtok gjelda til internbanken på Kypros.

– BCC  tok sjølvsagt ikkje på seg gjeld utan å ta imot tilsvarande verdiar.

Johnsen stadfestar at desse verdiane var fordringar. Det vil seie at dei ulike selskapa og organisasjonane som hadde tatt opp lån i internbanken på Kypros, no skulda BCC sentralt dei same pengane.

Då står fylgjande spørsmål igjen: Kva er status på denne gjelda i dag?

Ta di gjeld og la den vandre

Då Kypros-banken vart avvikla, sat altså det kristne trussamfunnet med ei betydeleg gjeld til lokallaga.

611 millionar kroner. Men fekk lokallaga nokon gang tilbake pengane dei hadde lånt ut?

Trond Eivind Johnsen i BCC-styret seier at BCC Financial, ved desse debitorskifta, ytte fullt oppgjer for si gjeld til lokallaga.

Ja vel.

La oss halde oss  til  BKM  Sørlandet.  

Lokallaget hadde som kjent 19 millionar plassert i internbanken på Kypros. Utlånet vart, som vi har vist, overtatt av BCC sentralt i juni 2015. Så nærmar vi oss jul same år. 4. desember 2015 startar ein spesiell operasjon.

BCC tar no pengar frå kassa si og betaler tilbake utlånet til lokallaget. 19 millionar kroner blir sett inn på sørlendingane sin konto.

Pengevandringa stoppar  ikkje  der. Tre  dagar  seinare, 7. desember, blir akkurat  det same beløpet lånt ut  vidare  til Brunstadstiftelsen.

Dermed skulle sørlendingane ha gjort ei solid plassering som gav lokallaget gode renteinntekter kvart år?

Eller?

Brunstadstiftelsen eig den 350 mål store eigedomen Brunstad i Sandefjord kommune, som er bygd opp av trussamfunnet. Utbygginga er i stor grad basert på pengeinnsamling og dugnad frå medlemane.

God økonomistyring

No skal vi tilbake til det lekka dokumentet frå februar i år.

Dei 19 millionane som BKM Sørlandet på dette tidspunktet hadde lånt ut til Brunstadstiftelsen, dukka nemleg opp igjen på årsmøtet i lokallaget.

Papira viser at styret vil utsetje  å få renteinntekter på dette utlånet:

Renter blir ikke utbetalt

Det dreier seg om årlege renteinntekter på utlånet til Brunstadstiftelsen på ein dryg million.

Når vi spør kvifor lokallaget vel å utsejte å få renteinntektene, svarer styreleiar i BKM Sørlandet, Even Winther Nilsen, at styret meiner utsetjinga er god økonomistyring.

– Vi har høgre rentesats på vårt utlån til Brunstadstiftelsen enn vi har på vår gjeld i den lokale banken. Styret informerte årsmøtet om at dei også for 2021 meinte det var fornuftig å få rentes rente framfor å betale ned på lån i bank, skriv han til NRK.

Vidare skriv styreleiaren at å bruke renteinntektene til å nedbetale gjeld ville redusert BKM Sørlandet sin inntekter.

– Det ville igjen medført at vi dei neste åra måtte redusert vår aktivitet eller auka gåve- og dugnadsinntektene.

Likevel.

Kypros – BCC – Brunstadstiftelsen

Samstundes som dette skjer, er det venta at medlemane på Sørlandet skal jobbe dugnad for å nedbetale lånet på 40 millionar til den lokale banken.

Først i 2028 skal  sørlendingane  få tilbake  pengane som dei i si tid plasserte i BCC Financial på Kypros.

Undersøkingar NRK har gjort viser  at  ei rekke lokallag har gjort det  same som BKM Sørlandet.

Fleire av dei norske lokallaga i BCC, som hadde lånt ut pengar til internbanken på Kypros, fekk altså pengane sine tilbake. Via BCC sentralt. Lokallaga hadde pengane i ei kort stund, før millionane vandra vidare til Brunstadstiftelsen.

Men det står att eitt viktig og sentralt spørsmål.

Er gjelda på 611 millionar kroner, som BCC tok over frå internbanken, i dag betalt tilbake frå dei ulike lånetakarane rundt om i verda?

Vi ber styremedlem Trond Eivind Johnsen svare på dette. Og får fylgjande svar i ein e-post:

BCC har fått fullt oppgjør for de 611 millionene i fordring som BCC overtok ifm. debitorskiftene i 2015 og 2016.

Trond Eivind Johnsen, styremedlem BCC

Men vi er ikkje heilt nøgde. Dei siste tilgjengelege rekneskapane viser nemleg at BCC har langsiktige fordringar på over ein milliard kroner. Difor spør vi om NRK kan få dokumentasjonen på at dei gamle kypros-låna er betalt tilbake.

Det er då tonen endrar seg.

Ein av Noregs mest profilerte injurieadvokatar svarer oss.

Carl Bore

Carl Bore har vore advokat i fleire kjende rettssaker.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

Rettslege etterspel

På vårt spørsmål til leiinga i BCC, om dokumentasjon for at utlånte pengar er betalt tilbake, viser advokat Carl Bore til revisorgodkjende rekneskap.

Han skriv at revisor har konkludert med at årsrekneskapa, som er sendt til Brønnøysund, gjev eit riktig bilete av BCC sin faktiske økonomi. At revisor har konkludert med at rekneskapane overheld alle lover og reglar.

Dette må NRK ta omsyn til og legge til grunn i sine saker om BCC.

Så informerer Bore om ein ting til: At det kan kome det han kallar «rettslige etterspill.»

Så der står saka.

Leiinga i BCC hevdar at dei 611 utlånte millionane no er betalt tilbake. Men når vi spør om dokumentasjon på dette og korleis det har skjedd, får vi ikkje det. Vi kan heller ikkje lese ut av dei tilgjengelege revisorgodkjende rekneskapane til BCC, kor vidt dei utlånte millionane er betalt tilbake.

Dette er bakgrunnen for at vi ber vi styremedlem Trond Eivind Johnsen BCC svare på fylgjande spørsmål:

Svaret kom frå advokat Carl Bore. Vi fekk ikkje svar på nokon av spørsmåla. I staden fekk vi truslar om rettsleg forfylging. Både mot NRK og journalisten.

Kjeldene ifrå BCC reagerer på leiinga si handtering.

– Det eg ikkje forstår, er kvifor ikkje leiinga i trussamfunnet prøver å kome til botns i kva som har skjedd? Eg fryktar grunnen til det er at dei har noko å skjule, seier varslaren.

Anonym BCC-medlem

Varslaren frå BCC ynskjer å sjå dokumentasjonen som viser kor vidt dei 611 millionane framleis er lånt ut eller betalt tilbake.

Foto: Patrick da Silva Saether / NRK

– Informasjon blir borte

Dei to andre medlemane ynskjer også å sjå dokumentasjonen på at utlåna frå internbanken er tilbakebetalt. Dei er begge opprørt over manglande informasjon frå leiinga.

– Den informasjonen vi har fått om trussamfunnet sin business dei siste 10–15 åra, har vi stort sett fått av gravande journalistar. Når leiinga blir konfrontert med spørsmål rundt forretningsdrifta, er svara som oftast lite opplysande og forvirrande. Også for oss internt, seier den eine anonyme medlemen.

Den andre kjelda reagerer på måten trussamfunnet svarer på.

– Eg har stått og jobba og slite helg etter helg. Har sikkert jobba inn hundretusenvis av kroner personleg. Eg tykkjer det er ein god ting å samle inn pengar i flokk. Men. Det som ikkje er bra er om vår tillit til systemet har blitt misbrukt. Mistanken om det blir sterkare når leiinga truar med rettssak mot NRK når dokke stiller spørsmål. Det tenner ei varsellampe hos meg umiddelbart.

Dei reagerer begge på at journalistiske funn blir omtalt som feil og løgn. Samtidig som dei meiner at tilstrekkeleg informasjon og svar blir borte.

– Eg vil påstå at det er svært få på grasrota i trussamfunnet som har noko særleg innsikt i kva som eigentleg har gått føre seg, seier den eine av dei to medlemane.

– Berre å ta kontakt

Styremedlem i  BCC, Trond Eivind Johnsen, avviser at leiinga i  trussamfunnet  forsøker å skjule  noko.  

– Dette viser vel berre kor godt  NRK og andre  medium  har lukkast med å skape eit inntrykk av økonomisk rot  i  BCC, til trass for at dei  eigentleg  ikkje har grave fram noko som helst.  

Han skriv at medlemar som ynskjer rettleiing om kor dei kan leite for å finne meir detaljerte svar på sine spørsmål i økonomiske saker, alltid kan ta kontakt via medlemsportal  eller med styret i sitt lokallag.

Her sluttar korrespondansen med leiinga i BCC.

Dokumentasjonen på at 611 millionar kroner er betalt tilbake, er framleis ikkje sendt til NRK.

Tilbake sit medlemar som undrar seg over kva som eigentleg skjedde med sparepengane som lokallaga lånte ut til internbanken på Kypros.

– Uvitande og naive

I siste sving kjem ei fjerde kjelde på banen. Også ho er aktivt medlem. Oppvaksen i BCC. Kvinna ynskjer heller ikkje å stå fram i frykt for konsekvensane det kan få for familie og vener. Ho er svært glad i trussamfunnet sitt, men er ikkje overraska over funna til NRK.
Kvinna meiner at tilbakehald av informasjon er eit problem i trussamfunnet.

– Nokre av medlemane er uvitande og naive. Dei har veldig stor tillit til leiinga. Dette gjev leiinga rom til å utnytte medlemane si gjevarglede og arbeidsvilje, seier ho.

Stevne på Brunstad

Medlemane si tillit til leiinga er stor, seier kvinna som har vore medlem heile livet.

Foto: BCC

Via advokat Carl Bore melder BCC at dei har ingen kommentar til desse utsegna.

Den opphavlege varslaren seier det er trist at styret i BCC har valt å true NRK framfor å legge fram dokumentasjonen som blir etterspurt.

– Når vi som medlemar ikkje ser annan utveg enn å gå til journalistar med vårt bodskap, så er det fordi vi fryktar dei personlege og sosiale konsekvensane ved å krevje transparents rundt lån og spørsmål om tilbakebetaling, seier han.

– No opplever vi altså at journalistane som vidarebringar vårt bodskap og våre spørsmål, blir trua med rettslege etterspel av dyre advokatar som blir leigd inn av trussamfunnet sitt styre. Til sjuande og sist er det vel også BCC sine medlemar som betalar rekninga frå advokat Bore, seier varslaren.

Når vi ber leiinga i BCC imøtegå dette, får vi nok ein gong svar frå advokat Carl Bore.

Han understrekar at NRK og journalisten vil bli rettsforfølgd om BCC blir skulda for løgn i media. Så avsluttar han med fylgjande:

«Medlemmer har dessuten alle muligheter til å kontakte BCC via deres etablerte ordninger og får ingen sanksjoner for å reise spørsmål i BCC.»

Men den anonyme kvinna opplever ikkje at det er eit stort og trygt ytringsrom innanfor trussamfunnet.

– I samfunn der det er plass for intern kritikk, kan feil korrigerast før dei veks seg så store at dei hamnar i NRK Brennpunkt, avsluttar ho.

Det er ved Guds nåde at nokon er fattige og andre er rike, seier den åndelege leiaren i Smiths Venner. Er det difor han sjølv er så rik?

Det er ved Guds nåde at nokon er fattige og andre er rike, seier den åndelege leiaren i Smiths Venner. Er det difor han sjølv er så rik?