Hopp til innhold

Jens Vidar var Noregs første muslimske lensmann

Under FN-teneste i Libanon møtte han kvinna i sitt liv. Av respekt for henne og familien, konverterte han til islam.

Jens Vidar Bjørkedal fekk ein koran i gåve ei god stund før han konverterte til islam. No lurer han på om det kunne vere eit teikn på det som skulle komme.

Jens Vidar Bjørkedal fekk Koranen i gåve ei god stund før han konverterte til islam. No lurer han på om det kunne vere eit teikn på det som skulle komme.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

– Eg konverterte av kjærleik, slår han fast.

På den tida var Jens Vidar Bjørkedal allereie utmeld av statskyrkja, så han ofra ikkje ein annan religion for å konvertere.

– Det var eit enkelt val å bli muslim av respekt for Amon og familien hennar, seier Bjørkedal.

Fekk ja

Jens Vidar Bjørkedal var FN-soldat i fjellbyen Chebaa i Libanon, heilt på grensa til Syria, då han møtte Amon Daher. Ho som han seinare skulle gifte seg med.

Ho var lærar, han blei kalla «Kongen av Chebaa» som kaptein og troppssjef i den norske FN-styrken.

Jens Vidar Bjørkedal elskar Libanon, og sit ofte og mimrar tilbake.

Jens Vidar Bjørkedal elskar Libanon, og mimrar ofte tilbake til tida han hadde der. – Det er min andre heimstad, i tillegg til fødestaden Bjørkedalen i Volda er det der eg høyrer heime. Eg kunne godt tenkt meg å leve mine siste år i Chebaa, seier han.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Det vart etter kvart klart at kjenslene han fekk for den vakre læraren blei gjengjeldt. Ho var ei ettertrakta dame som hadde sagt nei til mange beilarar, men «Kongen av Chebaa» fekk si dronning.

– Familien hennar var nok litt skeptiske, men eg hadde eit godt rykte i byen, og det var til hjelp.

Jens Vidar Bjørkedal og familien i VG.

Jens Vidar Bjørkedal og familien i VG i oktober 2001. Overskrifta var: Lensmannen er muslim.

Faksimile: Faksimile / VG

Lensmann i Haram

I juli 1999 blei han konstituert lensmann i Haram og same år konverterte han til islam og gifta seg. Seinare fekk han lensmannsstillinga fast.

Då det ei stund etter vart kjent at han var blitt muslim, tok regionavisa Sunnmørsposten kontakt.

Dei ville skrive om landets første muslimske lensmann, og dei var ikkje dei einaste. Fleire aviser og vekeblad tok kontakt for å få skrive om denne eksotiske kjærleikshistoria.

Jens Vidar Bjørkedal blei muslim av kjærleik til kona Amon. Då det blei kjent at han var Norges første muslimske lensmann, strøyma avisene og vekeblada til for å intervjue han.

Då det blei kjent at Jens Vidar Bjørkedal var Noregs første muslimske lensmann, strøyma avisene og vekeblada til for å intervjue han.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Sjølv tok Jens Vidar Bjørkedal alt oppstyret med knusande ro. Han var den same gamle.

– Eg synest ikkje det var noko å skrive om, seier han.

Men han trur likevel det kom noko positivt ut av alle artiklane om at han hadde konvertert.

– Det kom fram at det går fint an å vere noko anna enn kristen og jobbe i det norske politiet. Den gongen var det få, men no er det mange og det er viktig.

Vennar og familie i Libanon, på si side, synest det var litt spesielt at kommunen han tok med Amon til heiter Haram. Dei har fleipa mykje med det.

– Haram! sa ho? Veit du ikkje kva det betyr, Jens? Nei, sa eg, eg hadde ikkje peiling, ler han.

Det er ingen problem å vere muslim i Haram kommune, sjølv om haram ikkje er særleg bra i islam, seier Jens Vidar Bjørkedal.

– Det er ingen problem å vere muslim i Haram kommune, sjølv om haram ikkje er eit positivt lada ord for muslimar. Her har vi alt vi treng, seier Jens Vidar Bjørkedal.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Politiet er avhengige av tillit

Seksjonssjef HR i Politidirektoratet, Kjersti Jørgensen, er einig med Bjørkedal i at det er viktig med mangfald i politiet.

– Mangfald og inkludering er ei styrke. Vi treng medarbeidarar med ulik kompetanse, erfaring og perspektiv.

Direktoratet meiner mangfald i politiet kan bidra til at dei leverer betre tenester til innbyggarane.

Politiet skal bygge gode relasjonar til alle grupper av innbyggarar og er avhengige av tillit for å kunne utføre samfunnsoppdraget på ein god måte.

Kjersti Jørgensen, Seksjonssjef HR, Politidirektoratet.

Kjersti Jørgensen, seksjonssjef HR ved Politidirektoratet, seier de i treng medarbeidarar med ulik kompetanse og erfaring.

Foto: Politidirektoratet

Ho seier det er viktig at alle tilsette har kunnskap og kompetanse om religion, kultur og språk for å kunne løyse oppgåvene sine på best mogleg måte. Dette gjeld også islam.

I år arrangerer Politidirektoratet i samarbeid med Politiets fellestenester og Politiets IT-teneste «Festen etter fasten på arbeidsplassen» for andre gang.

Målet er inkludering og auka kunnskap om islam, ramadan og id, seier Kjersti Jørgensen.

Har på seg fine klede og feirar id

Jens Vidar Bjørkedal og Amon Daher er no gift på 25 året. Han er pensjonist, ho jobbar som lærar. Dei bur framleis i Brattvåg i Haram. Dei to døtrene dei fekk saman, og dottera Jens Vidar hadde frå eit tidlegare forhold, har flytta ut.

I denne retninga ber Amon. Jens Vidar Bjørkedal er muslim, men sjølv ber han ikkje. Men han høyrer gjerne på kona når ho ber.

Jens Vidar Bjørkedal viser i kva retning kona vender seg når ho ber.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

Når det gjeld ramadan, gjer Jens Vidar Bjørkedal det på sin måte. Han kan ikkje faste 100 prosent på grunn av helsa, men prøver å halde seg til vatn gjennom dagen, før han og Amon har eit godt måltid saman om kvelden.

– Ho fastar og ber, og eg respekterer henne og følger med på bøna, men ber ikkje sjølv, seier han.

Når det er id, tar han og Amon på seg fine klede og reiser til Ålesund for å feire på ein fin restaurant.

– Eg har aldri angra på at eg vart muslim. Det har gitt meg ei fantastisk kone, og etter kvart to nydelege døtrer i tillegg til ho eg hadde frå før.

– Men eg hadde aldri konvertert om det ikkje var kjærleik inne i bildet, slår han fast.

Lensmannen Jens Vidar Bjørkedal møtte kjærligheten i Libanon. Han var FN-soldat, traff Amon og ble muslim.

Lensmannen Jens Vidar Bjørkedal møtte kjærleiken i Libanon. Han var FN-soldat, møtte Amon og blei muslim.