Maria Zähler står framføre ei trapp og nokre lys som lagar ei firkanta ramme rundt ho. Maria ser rett i kamera, har laust hår, og smiler litt.
Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK

Ho blogga seg til topps i Oslo Frp

Maria Zähler (29) vart mobba som barn. Som bloggar blei ho handplukka til Resett. No stig ho som ei stjerne på Frp-himmelen.

I dag blei Maria Zähler valt til politisk nestleiar i Oslo Frp, berre tre år etter at ho meldte seg inn i partiet.

Då NRK følgde Frp-politikaren i TV-serien «Folkevalgt», gjesta ho den satiriske podkasten Løvebakken. Der vart ho introdusert som eit vedunderbarn:

«Ho har gjort ei kometkarriere i Oslo Framstegsparti.»

Vidare fekk lyttarane høyre at ho er konservativ, at ho kler seg som Audrey Hepburn, og at ho er ein kompromisslaus person som ikkje er redd for å gå i klinsj med det som er urett.

Den andre intervjuaren heldt fram med å introdusere æresgjesten: «Kven er du? Og kvar begynte reisa?»

Maria Zähler gjestar podkasten Løvebakken. Ho ser engasjert ut og snakkar inn i ein mikrofon. Programleiaren ved sidan av ser ut til å lytte, og held eine handa framføre munnen.

Frå «rosablogg» til politikk

Maria vart fødd i Fredrikstad i Østfold, og akkurat som fylket har ho vore gjennom endringar. Før ho begynte på ungdomsskulen, skifta ho namn til Maria, etter tanta Mari. I åra som kom valde ho å gjere ei full kjønnskorrigerande behandling.

– Eg er fødd gut frå biologien si side. Det har naturleg nok gitt utfordringar. Det var veldig mange tøffe år. På ungdomsskulen var det både fysisk og psykisk mobbing.

– Det var eit personleg helvete.

Maria Zähler som barn, der ho har på seg knebeskytterar, store joggesko, truse og singlet. Ho har blondt og kort hår og ser rett i kamera. I bakgrunnen er det ein kommode og med ein lampe i tre på.
Maria Zähler som barn. Ho er i eit basseng, har på seg singlet og shorts, er våt å det halvlange håret, og har eit metallsmykke med svart reim.
Maria Zähler som ung. Ho sit på golvet og blar i ei bok, har håret i laus strikk, og snur hovudet mot kamera og smiler. Ho har på seg ein beige kjole, svart strømpebukse, og eit stort armband med eit hjarte på. I bakgrunnen er det ein tv-benk med eit grønt tent lys oppå. I vinduskarmen bak står det ei grøn plante.

Som 17-åring skreiv Maria det ho kallar for ein slags rosablogg. Der stod ho fram og fortalde erfaringane sine som trans.

Bloggen hamna fort blant dei mest lesne, men Maria la han likevel ned etter kort tid. Det gjorde ho mest fordi mora hennar var redd for at nokon skulle gjere noko ille mot Maria.

Maria blir blank i augo når ho snakkar om foreldra sine.

– Dei har vore dei beste. På alle måtar. Gjennom ei veldig vanskeleg tid har dei vore til stades for meg og sett himmel og jord i rørsle for at eg skal ha det bra. Kjempa for meg. Eg er veldig glad i dei.

Då Maria var 19 år flytta ho til Oslo, men det var først som 24-åring ho fekk start på karrieren. Ho var på ferie med kjærasten, og på ei strand føreslo han at ho burde «starte blogg eller gjere noko på sosiale medium». Det vart blogg.

– Det var første gong eg engasjerte meg offentleg om politikk. Den bloggen var på ein måte ei slags byrjing. Ei veldig rappkjefta byrjing. Veldig.

Maria Zähler går opp ei trapp på Hotel Bristol. Ho har svarte klede med beige kåpe utanpå.
Maria Zähler sit i ein beige stol i velour på Hotel Bristol. Ho bøyer seg litt fram og drikk kaffi frå ein tyrkis kaffikopp. På bordet er det eit tefat og på denne ligg det ei skei. Ved siden av Maria heng ei dus gardin og lyset fell fint inn i rommet. Håret til Maria er rett, og ligg fint ned mot skuldrene.
Maria Zähler sit i ein stor velourstol på Hotel Bristol. Ho ser ut vindauger og lyset fell fint i ansiktet hennar. Ho har hendene samla i fanget. Deler av biletet viser ei gul velourgardin, på høgre side.

Overskrifter å klikke på

Maria seier at før bloggen hadde ho grave seg ned og marinert seg sjølv i si eiga misnøye med mykje i det norske samfunnet. Engasjementet hadde bygd seg opp inni ho, og no hadde ho ønske om å utgjere ein forskjell for folk.

Ho hadde ein trong til uttrykkje meiningar som det kjendest risikabelt å seie høgt, og kjende eit kall til å engasjere seg for eit trygt og stabilt Noreg.

Med overskrifter som «Ikke-vestlig innvandring øker forskjellene og raserer velferdsstaten» fekk Maria mange tilbakemeldingar på bloggen sin. 24-åringen skreiv «Muslimer er rasistiske mot norske jenter» og «Stopp Islamiseringen av landet mitt».

– For meg var det viktig å komme med det eg meiner er veldig fortent kritikk av negative haldningar og generelle trendar i muslimske miljø.

– Eg merka at det betydde veldig mykje for folk som hadde følt at dette var veldig vanskeleg å ta tak i, og snakke om, utan å bli misforstått eller overtolka. Eller sett på som eit dårleg menneske.

Likevel innrømmer ho at ho hadde nokre overskrifter kunne ho spart seg for, som overskrifta «Multikulturalisme er kreft». Ho angrar på nokre ordval på bloggen, og meiner at ho ikkje var konstruktiv nok. Men responsen ho fekk, lærte ho mykje av.

– Eg fekk litt korreks, og det var det behov for.

Maria Zähler jobbar på Hotel Bristol. Ho ser inn i den bærbare macen som står på bordet, og ved sidan av står det ein grøn kopp. I bakgrunnen er det ein skulptur av ei ørn laga i messing.

Kritisk til transbevegelsen

Kort tid etter ho starta bloggen, vart ho plukka opp av den omdiskuterte nettavisa Resett. Der er ho i dag vaktsjef og skribent, og har også skrive om det å vere trans.

Når ho blir spurt om kva ho meiner om debatten om kjønnsidentitet i dag, er svaret hennar er ein politikar verdig: Ho meiner det er ein viktig debatt å ta.

– Eg synest det er veldig viktig å ta til motmæle mot faktisk diskriminering, dritslenging og hets. Men, eg synest også at det er viktig å ha to tankar i hovudet samtidig.

Ho har tidlegare uttala seg svært kritisk til LGBT-bevegelsen og transaktivisme, og no lener ho seg fram når ho pratar om det.

– Eg har ikkje valt å bli fødd med kjønnsdysfori. Det var ein veldig, veldig krevjande situasjon å stå i. Særleg i tenåra. Uansett kva ein meiner, må ein behandle dette med empati, for dette er såpass vanskeleg at ein som utanforståande ikkje kan forstå eller sette seg inn i det.

Ho understrekar at ho ikkje blir personleg fornærma om nokon skulle seie at ho er mann.

– Eg veit nøyaktig kva biologien min er, og kva som har leia til at eg sit her i dag som den personen eg er.

Maria Zähler står framføre ein spegel, eit bord og nokre stolar på Hotel Bristol. Duse tullgardiner, og grøne og tunge gardiner heng på begge sider.

Første verv i Frp

Året 2019 var så vidt i gang då 27 år gamle Maria melde seg inn i politikken. Ho var lei av å berre snakke og skrive om politikk. No ville ho gjere noko.

Mellom anna fordi familiemedlemmer er Høgre-tilhengarar, visste ho at ho stod på høgresida.

Frp vart hennar parti.

– Fordi eg tar utgangspunkt i det enkelte menneske. Individet sin fridom er viktig for meg, individet sin ukrenkelege rett til å leve sitt liv i fred og fordragelegheit, med minst mogleg tvang.

Eit halvår etter innmeldinga i partiet, oppretta Maria ei Facebookside i sitt eige namn, og la ut postar som kunne tolkast som at ho støtta Frp.

Dette trur ho førte til at ho i byrjinga av 2020 vart kontakta av lokallagsleiaren i Grünerløkka Frp. Ville ho sitte i styret?

Spørsmålet svarte ho ja til. På årsmøtet vart ho føreslått som studieleiar og medlemsansvarleg og blei vald utan motkandidat. Ho fekk sitt første verv.

Seinare same år blei fylkeslaget til Oslo Frp sett under administrasjon, og leiaren ekskludert frå partiet. I et fylkeslag i krise var moglegheitene store for å stige i gradene.

Året etter vann Maria Zähler plassen som fjerdekandidat for Oslo Frp si stortingsliste.

På digital valkampopning i Frp sine lokale på Karl Johan fekk Maria taletid, og den tida nytta ho til å uttrykke takksemd for å få lov til å stille til val:

Folkevalgt

SJÅ VIDEO: Maria Zähler: – I andre land kunne ikkje eg stått her som kandidat til nasjonalforsamlinga.

Den første debatten

Maria sin aller første debatt som Frp-politikar gjekk føre seg på Antirasistisk senter i Oslo. Ho visste på førehand at dette ikkje kom til å bli ein lett sundagstur.

– Det er ikkje å dyppe tåa nedi, for å seie det slik. Det er å stupe rett uti det djupaste vatnet du kan finne. Det er det eg skal. Så håper eg at dei andre som kjem i dag har den same innstillinga som eg har, at dei ikkje hatar for mykje. Me kan godt vere rykande ueinige, men eg håper å unngå å bli kalla ting, då.

Debatten var retta mot ungdommar, og gjekk verre enn ho hadde frykta.

Maria fekk sagt at «å kjempe mot rasisme og hatkriminalitet er viktig, og eg trur ingen av oss som er her i dag er tilhengarar av rasehat, og iallfall ikkje Framstegspartiet», men så gjekk det i svart. Maria gløymde kva ho skulle seie.

Ho såg publikum himle med augo og le. Ho følte at dei syntest det ho sa var dumt.

– Det eg ville formidle, var at eg har den største empati og omtanke og ønske om å lytte til folk som kan fortelje at dei har opplevd rasisme.

Folkevalgt

SJÅ VIDEO: Maria i debatten i dokumentarserien «Folkevalgt».

Etter debatten stilte ho seg nokså alvorlege spørsmål knytt til det politiske engasjementet sitt. Ho tvilte på seg sjølv, på om ho var rett person å satse på, om ho ville gjere ein god jobb for partiet.

Etter debatten sa ho noko ho også har tatt med seg etter valkampen:

– Jo meir du lærer, jo meir du gjer noko, di meir skjønar du kor lite du veit.

– Det er det eg har skjønt, særleg i valkampen. Eg er framleis fersk og veldig uferdig som politikar. Eg har veldig lite erfaring, og har ikkje vore i mange debattar for partiet. Eg har representert meg sjølv før eg begynte som politikar.

Maria Zähler er på valgkampstand for Frp. To partifeller står inni ein konteiner med bannerar inni, og Maria står ved eit bord med Frp-banner på. Ho snakkar med eit barn og mora til barnet står ved sidan av.
Maria Zähler og partifella står ved sidan av kvarandre framføre valbua. Maria smiler. Ho har på seg ei mørkeblå dressjakke, og partifella har på seg ei blå Frp-tskjorte.
Maria Zähler er på valkampstand for Frp. Ho ser rett på to som snakkar med ho.

Nøgd likevel

Då det nærma seg valdagen i september 2021, var Maria spent på resultatet.

– I framtida ser eg for meg ein stortingsplass. Eg trur eg skal vere med å utgjere ein forskjell for det norske samfunnet, men også for verda. Det har eg tenkt å gjere med glede og masse pågangsmot.

Maria Zähler står framføre Stortinget. Ho har på seg ei beige kåpe med pelskant, og svarte klede under denne. Ho ser rett inn i kamera, og ser sjølvsikker ut. Håret legg seg litt til sida, så det ser ut som om det er litt vind. Det er kveld, og framføre Stortinget er det is på plenen. Det er lys i vindauga på Stortinget.

Valkampen til Maria gjekk føre seg både på stand for partiet og på Facebooksida hennar. Sjølv som nybegynnar i politikken, seier ho at ho har ein følgarskare på storleik med ein liten norsk by.

– Det er ikkje så verst. Det er mange stortingspolitikarar som ikkje har den reachen eg har. Det er eg ganske stolt av.

Når ho skriv innlegg i dag, er ho opptatt av å vere tydeleg, sakleg og edrueleg.

– Eg må passe på nokre gonger at eg ikkje tar for hardt i. Eg har veldig lite lyst til at kommentarfeltet skal fløyme over av hat.

Maria Zähler jobbar i sofaen i heimen sin. Ho ser på macen i fanget og har beina opp på sjeselongen. Sofaen er grå, veggane kvite, gardinene er kvite, og bak ho heng eit bilete som er blått. Ho har på seg svarte klede, ein grå cardigan utanpå, og lysegrå sokkar. På handleddet har ho ein stor hårstrikk.

På valdagen møtte Maria opp på Hotel Bristol i Oslo. I den dempa blå belysninga i salen var Maria god til å småsnakke med partifellane. Sjølv om valet ikkje gjekk som Maria hadde håpt, beit ho tennene saman og sa kva ho tenkte til sidemannen:

– Uansett. Eg er tredje vara, så eg er vararepresentant på Stortinget. Eg er nøgd, eg.

Ho skåla i bobler, og etter litt fekk ho likevel noko å juble for, som til dømes at Miljøpartiet dei grøne låg under sperregrensa.

Maria Zähler er på valvaken 20. september 2021. Ho sit på ein stol ved eit bord som det står eit stetteglas på. Munnen hennar er halvåpen i eit smil, og der ser ut som om ho klappar i hendene.

«Fornuft og logikk kjem til å sigre»

Sjølv om det ikkje blei fast plass på Stortinget for Maria denne gongen, er ho langt frå ferdig med Frp. Som tredje vara på Stortinget, leiar i Grünerløkka Frp og som politikar i fylkesstyret i Oslo Frp, er det mange som har store forhåpningar til henne.

I Frp sine lokale på Karl Johan gjekk Maria i januar 2022 inn til styret i Frogner Frp, sa hei til alle og spurde kvar ho skulle stå når ho skulle opne årsmøtet deira. Ein av dei andre testa lyden.

– Eg er litt fan av Maria, innrømte ein av styremedlemmene.

– Ho er flink til å argumentere, sa ein av dei andre.

Maria Zähler opnar årsmøtet til Frogner Frp. Ho står i enden av bordet og ser på damene som sit til høgre for ho. Mennene som sit til venstre for ho sit og ser på ho. Ho ser engasjert ut. Høgrehanda er halvvegs løfta opp, med bøyd alboge. Rett bak ho kan ein sjå Frp-logoen på eit blått banner.
Maria Zähler talar til Frogner Frp på årsmøtet deira. Ho har handflatene opne, og opp mot taket, litt ut frå kroppen sin. Ho ser engasjerande ut. Bak ho er ein Frp-banner.
Maria Zähler talar for Frogner Frp. Ho står ved enden av møtebordet med Frp-banneren bak seg. Ho vippar hovudet litt mot si høgre side og smiler til damene som sit på hennar høgre side av bordet. Både dei to damene, og dei fire som som sit på venstre side for Maria, ser på ho. På bordet er det mykje papir og nokre kaffikoppar og møtemat.

Møtet vart sett i gang på nett. Maria talte med entusiasme og tydelegheit:

«Eg trur at fornuft og logikk kjem til å sigre til slutt, og difor trur eg også på oss, på vårt parti, vår fortreffelege politikk, og på det fantastiske arbeidet me gjer saman.»

Orda hennar fekk lang applaus av dei seks andre i rommet.

Sjå serien «Folkevalgt» i NRK TV

Folkevalgt - key bredde - NRK TV

SJÅ DOKUMENTARSERIE: Dei er frå ulike parti, men har ein ting til felles. Dei skal inn i sitt livs viktigaste jobbintervju.