Hopp til innhold

Rekordfå unge stilte til val i fjor: Vemund (19) gjekk mot straumen

I dag er medianalderen for kommunestyrerepresentantar 49 år. – Ei stor utfordring, meiner fagsjef.

Vemund Østby Brenderyen (19) køyrer 40 mil kvar månad for bygda si.

EINSAM: Rekordfå unge stilte til kommune- og fylkestingval i fjor. Vemund Østby Brenderyen er ein av få representantar under 30 år i landet. Han køyrer 40 mil kvar månad for bygda si.

Foto: Ingrid Turtum / NRK

Til dagleg bur Vemund Østby Brenderyen på Hamar for å fullføre lærlingtida si som elektrikar.

Men kvar månad tek han den lange turen over Venabygdsfjellet til Folldal for å vere med på kommunestyremøte. 20 mil kvar veg.

Han er berre 19 år. Men har allereie blitt folkevald.

– Det er utruleg stas og ei stor tillitserklæring. Eg kjenner på eit enormt ansvar ovanfor innbyggjarane og dei unge i kommunen, det er eit ansvar eg tek på høgste alvor, fortel Brenderyen.

Vemund Østby Brenderyen sit i kommunestyret i Folldal for Senterpartiet.

Vemund Østby Brenderyen fortel at den fyrste tida som folkevalt har vore krevjande med mykje nytt å sette seg inn i. Men det har han vore førebudd på.

Foto: Ingrid Turtum / NRK

Rekordfå unge stilte til val i fjor

Vemund er ein av om lag 11.000 folkevalde som i haust vart valt inn i kommune- eller fylkesstyret i Noreg.

Tal frå SSB viser at 53.306 stilte til fylkes og kommuneval i 2023.

Av dei var det berre 5.069 i alderen 18–29 år.

Det er ein andel på 9.5 prosent. Samstundes utgjer unge i same aldersgruppe 15 prosent av folkesetnaden i Noreg.

Tal frå SSB viser at det har vore ein nedgang i unge listekandidatar som stilte til val under årets fylkes og kommuneval.

I løpet av dei siste fem valperiodane har det aldri vore så få i alderen 18–29 år som stilte til val som i 2023.

Foto: Skjermbilde / SSB

Eit demokratisk problem

Vemund er ein av få representantar under 30 år i Noreg. Det meiner KS er ei stor demokratisk utfordring som må bli tatt tak i.

– Nedgang i unge som ynskjer å stille til val under kommune- og fylkesval er ei stor utfordring, seier Dag-Henrik Sandbakken, fagsjef i KS og leiar for KS folkevaldprogrammet.

I dag er medianalderen for kommunestyrerepresentantar 49 år.

Sandbakken vedgår at dette er eit stort demokratisk problem som må bli tatt tak i.

Dag-Henrik Sandbakken
Foto: Ingvild Eide

Vidare legg han til at Noreg har eit representativt demokrati, og det vil difor vere viktig at alle samfunnsgrupper er representert på alle politiske nivå.

– Vi veit at menn og kvinner ofte ser ulikt på enkelte saker, unge menneske sitt syn kan skilje seg frå eldre sitt syn osv. Eit mangfald av folkevalde gjev eit mangfald av meiningar, interessefelt og kompetanse.

Kjenner på ei stor ærefrykt

Vemund deltok nyleg på budsjettforhandling for fyrste gong.

Før han gjekk inn var han spent.

– Eg kjenner på ei æresfrykt som får vere med å bestemme kva kommunen skal bruke dei 200 millionane på, sa Brenderyen før møtet.

Vemund Østby Brenderyen skal inn i budsjettforhandling for fyrste gong.

Han har i fleire veker førebudd seg på budsjettforhandling og brukt mange timar på å lese tallause sider med sakspapir.

Foto: Ingrid Turtum / NRK

Som ung folkevald og representant for Senterpartiet er det viktig for han å både representere partiet, men også dei unge stemmene i kommunen.

– Det bognar ikkje av ung arbeidskraft her, og som lærling sjølv gler det meg å sjå at formannskapet har gått inn for fleire lærlingplassar i kommunen, seier Brenderyen frå talarstolen.

Vemund Østby Brenderyen skal inn i budsjettforhandling for fyrste gong.

– Eg er ikkje berre ein representant for SP og innbyggjarane her, men eg skal også representere dei unge og våre interesser. Noko som fort kan føre til ei interessekonflikt».

Foto: Ingrid Turtum / NRK

Korleis går det med dei unge folkevalde?

NRK har snakka med fire unge folkevalde om korleis den fyrste tida som kommunestyrerepresentant har vore.

– Den fyrste tida har vore hektisk, men spanande. Det er både skremmande og flott å få ein slik tillit, fortel Mathias Engeli Johansen (23) som er kommunestyrerepresentant for FrP i Ringsaker.

– Ungdom blir meir og meir utsett for kansellerings-kulturen i samfunnet, noko som gjer at fleire unge kvir seg for å bruke stemma si. Det er difor enda viktigare å få rekruttert unge inn i politikken, slik at alle stemmer blir høyrt, understrekar Johansen.

Vårin Dagsgard-Marstein (19) vart i haust valt inn som kommunestyrerepresentant for Sosialistisk Venstreparti i Lom.

– Det fyrste halvåret har vore veldig bra, eg har blitt tatt veldig godt imot, og opplever at eg får lov til å vere meg sjølv og blir tatt på alvor.

– Det som er fint med å ha slike verv er fyrst og fremst det å forstå betre det som skjer rundt ein, og kvifor det skjer.

– Det er noko heilt anna å vere offentleg person no enn før. Debattklimaet på nett er hett! Noko eg trur kan gjere at fleire unge vegrar seg for å engasjere seg, legg Dagsgard-Marstein til.

Omar Svendsen-Yagci (19) er kommunestyrerepresentant for Venstre i Gjøvik kommune. Han har opplevd den fyrste tida som utruleg gjevande og lærerik.

– Eg opplever at oppfølginga har vore god, nyleg deltok eg på KS sitt Folkevaldprogram. Samstundes har eg sakna fleire unge å sparre med, seier nittenåringen.

– Læringskurven har vore utruleg bratt, men heile kommunestyre har vore oppmuntrande. Vi har vore gode på å støtte kvarandre sjølv om vi har ulikt syn på politiske sakar, seier Tuva Rognås Strømmen (18), kommunestyrerepresentant for Arbeiderpartiet i Nord-Aurdal kommune.

– Eg har fått god hjelp av partifellar, men eg har til tidar kjent meg aleine som den einaste unge i kommunestyret.

– Eg skulle ønskje at oppfølginga av unge folkevalde var noko betre, til dømes betre innføring i lesing av sakspapir. Det er mykje nytt og krevjande ein skal sette seg inn i , legg Strømmen til.

Støtta frå partifellar har vore utruleg viktig

Som den yngste representanten i Folldal kommunestyre har det tette samarbeidet og oppfølginga frå partifellane vore utruleg viktig for Vemund Østby Brenderyen no i starten.

– Det er mykje nytt og nokre gongar er det litt overveldande, så det har vore heilt avgjerande at eg har gode folk omkring meg som svarar på dumme spørsmål og inkluderer meg i diskusjonane.

Som den yngste representanten i Folldal kommunestyre har det tette samarbeidet og oppfølginga frå partifellane vore utruleg viktig for Vemund Østby Brenderyen no i starten.

Før kvart kommunestyremøte har Brenderyen møte med sine partifellar. Her kan han stille spørsmål og få innspel frå erfarne politikarar som har vore i «gamet» ei lang stund.

Foto: Ingrid Turtum / NRK

Samstundes som partifellane har vore ein viktig ressurs for Brenderyen, har han også vorte ein viktig ressurs for oss i kommunestyret, understrekar Jon Olav Ryen, lokallagsleiar i Senterpartiet.

Jon Olav Ryen, lokallagsleiar i Senterpartiet er glad for å få fleire unge med på laget.

Jon Olav Ryen, lokallagsleiar i Senterpartiet, opplever at det er vanskeleg å få rekruttert unge inn i lokalpolitikken. Han er difor takksam for at partiet har fått med Brenderyen på laget.

Foto: Ingrid Turtum / NRK

– Vemund er ein utruleg engasjert og dyktig politikar allereie, han tek med seg eit ungt perspektiv som er verdifullt for oss i partiet og for heile kommunen, seier Ryen.

Møtet er ferdig for denne gong og i morgon ventar kvardagen i Hamar som elektrikar-lærling igjen, men den unge politikaren ser ikkje mørkt på å ta fatt på det vidare arbeidet som folkevald også no på nyåret.

– Budsjettforhandlingane gjekk over all forventing. Det er eit gjevande verv som eg ser fram til å arbeide med, eg ser ikkje for meg at eg kjem til å gje meg med det fyrste.

Vemund Østby Brenderyen
Foto: Ingrid Turtum / NRK