Vilde Bratland Erikstad med Andrea Sveinsdottir

FÅR TILSENDT: Programleiar i Innafor, Vilde Bratland Erikstad, ser på telefonen til Andrea Sveinsdottir. Andrea viser eit penisbilete ho har fått tilsendt.

Foto: NRK

Dickpics – ein del av kvardagen

Andrea får tilsendt penisbilete ho ikkje har bedt om. Leif er van med å både få og å sende dickpics. – Eg trur kanskje eg har lært at slik er det, seier han.

– Eg visste at det å få tilsendt dickpics var blitt ganske vanleg, men at nesten alle eg snakka med hadde fått, det overraska meg veldig, seier Innafor-programleiar Vilde Bratland Erikstad.

Vilde Bratland Erikstad

OVERRASKA: Innafor-programleiar Vilde Bratland Erikstad har utforska fenomenet dickpics.

Foto: Jonas Ruud / NRK

Med dokumentarserien Innafor ville Erikstad utforske det som kallast «dickpics», eller penisbilete, og ville finne ut kvifor menn tar bilete av kjønnsorganet sitt og sender det til andre.

I ei Norstat-undersøking gjort på oppdrag frå Innafor, vart 500 personar i aldersgruppa 18 til 30 år spurt.

Av mennene har 35 prosent sendt eit dickpic, og 59 prosent av kvinnene har fått tilsendt eit slikt bilete.

– Det verka som om det var meir sjeldan å ikkje ha fått tilsendt penisbilete, enn å ha fått det, seier Erikstad.

– Det er alt mogeleg rart

Ei som har opplevd å få tilsendt penisbilete utan å ha bedt om det, det er Andrea Sveinsdottir (24), som er bloggar og tidlegare «Paradise hotel»-deltakar.

Erikstad møtte Sveinsdottir i heimen hennar.

– Under «Paradise» fekk eg fleire i veka, og no får eg kanskje eitt eller to, seier Sveinsdottir.

Ho får bilete frå mange forskjellige typar menn.

– Det er alt mogeleg rart, og det er ikkje nokon eg har nokon relasjon til. Første «møte» med dei, er eit bilete av penisen deira, seier Sveinsdottir.

– Eg trur dei sender det til alle dei har kontaktinformasjonen til, at dei tar heile lista, seier ho.

Andrea Sveinsdottir

FÅR UØNSKTE: Andrea Sveinsdottir er bloggar og har vore med på realityprogram på TV. Ho har fått mange uønskte penisbilete tilsendt.

Foto: NRK

Mange får uønskte dickpics

Sveinsdottir er ikkje åleine om å få uønskte dickpics tilsendt.

I undersøkinga svarer nemleg 45 prosent av kvinnene at dei har fått uønskte dickpics. I motsetnad svarer berre 6 prosent av mennene at dei har sendt eit dickpic uoppfordra.

– Når 45 prosent av kvinnene seier dei får uønskte penisbilete, og berre 6 prosent av mennene seier dei sender uoppfordra, så er det noko som ikkje stemmer.

– Anten oppfattar ikkje mennene at det er uønska, eller så er det nokon få som sender veldig, veldig mange dickpics, seier Erikstad.

Av kvinnene som svarte at dei hadde fått uønskte dickpics, så hadde nesten seks av ti fått det frå ein totalt ukjend.

Kvinnene som hadde fått uønskte dickpics fekk også krysse av på dei punkta som kunne seie noko om korleis dei opplevde det, og 65 prosent svarte at dei følte det var ubehageleg å få det tilsendt. 26 prosent vart ikkje påverka, 17 prosent vart krenka, 12 prosent syntest det var morosamt, og ingen kryssa av for at dei vart seksuelt opphissa.

– Blir fornærma

Sveinsdottir får ikkje gjort så mykje med det at menn sender ho penisbilete.

– Eg svarer aldri, for kva skal eg seie? Eg vil berre ha dei vekk, så eg blokkerer dei. Eg har ikkje lyst på dickpics, seier ho.

Ifølge loven er det å sende dickpics til nokon som ikkje har bedt om det seksuelt krenkande, på lik linje med blotting, og er straffbart. I eit tilfelle enda ei sak i rettssak og mannen som sende penisbilete måtte betale 12.000 kroner i bot.

Andrea Sveinsdottir synest det er ubehageleg å få penisbilete tilsendt.

– Eg blir fornærma kvar gong eg får eitt. Eg synest det er frekt. Eg vil ikkje ha det når eg ikkje ber om det. Det går over mi grense, seier Sveinsdottir.

Vilde Bratland Erikstad og Andrea Sveinsdottir

GRENSE: Andrea Sveinsdottir snakkar opent om penisbilete til Erikstad, og seier ho mislikar å få slike bilete tilsendt. Det går over grensa, seier ho.

Foto: NRK

Sender på Snap til «daten»

Omgrepet «dickpics» dukka for første gong opp i norske media i 2015. Fenomenet skaut sannsynlegvis fart då biletdelings-appen Snapchat kom, i 2011.

Snapchat viser seg nemleg å vere den desidert mest brukte dickpics-plattforma blant mennene som kryssa av på alle plattformene dei brukar å sende dickpics med.

Mennene kunne også krysse av på fleire alternativ då dei vart spurt om kven dei sender penisbilete til. Berre 1 prosent innrømmer å ha sendt til mange kvinner på ein gong, medan åtte av ti svarte dei sende til ein kjærast eller ein dei gjekk på date med.

Når kvinnene kunne velje fleire alternativ, og kryssa av på kven dei fekk penisbilete frå, så svarte 57 prosent at dei hadde fått det frå nokon dei hadde ein romantisk relasjon med.

36 prosent hadde fått penisbilete frå ein dei har ein seksuell relasjon til, og 38 prosent svarte at dei hadde fått bilete frå ein nettflørt som dei har fått kontakt med til dømes gjennom datingappen Tinder.

Heile 47 prosent kryssa av at dei hadde fått penisbilete frå ein dei ikkje visste kven var.

Dersom ein ser på undersøkinga til Innafor, så svarer 74 prosent av mennene som er avsendarar at dei sender dickpics som sexting. 19 prosent gjer det fordi det er pirrande, og 30 prosent gjer det fordi dei ynskjer å få nakenbilete av den andre personen attende.

Lo vekk nakenbilete-spørsmål

Erikstad snakka med fleire kvinner om det å få tilsendt penisbilete, og fann ut at det var mykje skam hjå dei jentene som opplever dickpics som noko ubehageleg.

– Fellesnemnaren for kvinnene eg har vore i kontakt med er at dei ikkje ynskjer å bli sett på som pripne eller som «dramaqueens», seier Erikstad.

Ei kvinne fekk Erikstad møte med lovnad om at ho fekk vere anonym. Difor møttest dei i ei lånt leilegheit, og ho som blir kalla «Pernille» fekk låne klede frå kostymelageret til NRK.

Pernille kunne fortelje om ein kollega som ho la til på Snapchat. Ho hadde eit godt auge til han, og då han sende meldingar til ho, trudde ho at han ville bli kjend med ho.

– Etter kvart vart det meir og meir i ein seksuell retning. Han spurte om eg hadde lyst til å sende han eit nakenbilete. Det hadde eg ikkje lyst til, for eg hadde aldri sendt nakenbilete til nokon. Eg lo det vekk, og prøvde å vere kul på det, seier Pernille.

– Plutseleg sende han eit dickpic. Eg syntest ikkje det var så veldig kult, men eg var gripen av han, så eg spelte berre litt med. Eg ville vere kul, og vere med på leiken.

Anonym kvinne som fekk penisbilete tilsendt

FEKK TILSENDT: Denne kvinna, som ynskjer å vere anonym, følte seg pressa til å sende nakenbilete til ein kollega som bad om det.

Foto: NRK

Kvinner sender nakenbilete

Å sende nakenbilete er noko fleire av dei spurte kvinnene i undersøkinga har gjort, faktisk heile 43 prosent har gjort det. Akkurat som med mennene, så sende flest det til nokon dei hadde ein romantisk eller seksuell relasjon til. 14 prosent av kvinnene som hadde sendt, kryssa av på at dei følte seg pressa til det.

Av dei som har sendt nakenbilete, så har også ein god del sendt eit «pussypic», altså eit bilete av kjønnsorganet sitt, vulva. Dei fleste kryssa av på at dei hadde sendt dette til nokon dei hadde ein romantisk eller seksuell relasjon til. 7 prosent seier dei vart pressa til å sende bilete av vulva.

– Har gått med på det

Pernille har også sendt nakenbilete. Ho gjorde det til slutt, for kollegaen gav seg ikkje.

– Han godsnakka mykje med meg, sa «ver så snill», og gav meg kompliment og sånn. Eg følte meg spesiell. Så byrja eg å sende nakenbilete tilbake, seier ho.

Bileta sende ho fordi ho håpa kollegaen ville bli kjend med ho, på ordentleg.

– Han blei nesten besett, for det verka som om han ville ha meir og meir. Han kunne sende til meg mens me var på jobb, og ville at eg skulle sende tilbake, ville at eg skulle gå inn på toalettet og ta bilete.

– Kvar gong eg kom heim frå jobb, og kvar gong eg skulle legge meg «poppa» det inn. Etter kvart skjønte eg at han ikkje var interessert i meg på nokon som helst annan måte enn akkurat den snappinga.

Sånn som du fortel om det, så høyrest det ut som du fortel om eit overgrep? Er det sånn det følast?
– Nei, for eg veit veldig godt at eg har gått med på det. Det følast berre meir som at han har manipulert meg. At han spelte på at han visste at eg likte han nok til å gi han det han ville ha.

Vilde Bratland Erikstad og "Pernille"

SENDE NAKENBILETE: «Pernille» fekk dickpics tilsendt frå ein kollega, og sende nakenbilete attende. Ho likte kollegaen godt, og gav han det han ville ha. Pernille ville vere anonym, og møtte Erikstad i lånt leilegheit, og fekk låne klede.

Foto: NRK

– Har lært at slik er det

Leif-Erik Sørensen er aktiv på Grindr, ein nettstad for homofile, bifile, trans, og skeive. Erikstad møtte Leif over ein grillmiddag med vener av han, for å få vite litt om korleis ein homofil mann kan oppleve å få og sende dickpics.

Leif fortalde at han har blitt nokså van med å få tilsendt dickpics.

Kvifor blir ikkje du skremt, sur, eller støtt av å få dickpics?
– Eg trur kanskje eg har lært at slik er det, på Grindr. Ein skal vere OK med det, men så kjenner eg jo at eg ikkje har noko problem med det, seier Sørensen.

Leif-Erik Sørensen

SENDER OG FÅR: Leif-Erik Bråten Sørensen er aktiv på datingappen Grindr, og både får og sender penisbilete. Han meiner det er noko som berre er slik.

Foto: NRK

Kameraten til Leif, seier noko spøkefullt at det er som eit raudt flagg om ein blir spurt om dickpics, og vel å ikkje sende det.

– Det blir som å gå på eit marknad og kjøpe ei vare, så står det ikkje ingrediensliste, liksom. Kva har du hatt i dette, som eg ikkje får sjå, seier Markus Langen.

Markus Langen

RAUDT FLAGG: Litt spøkefullt seier Markus Langen at det er eit raudt flagg dersom nokon ikkje sender dickpics når dei blir bedt om det.

Foto: NRK

– Kan la vere å bruke appen

Når Sørensen brukar Grindr, så sender han også bilete sjølv. Bileta han har sendt blir lagra, så han har bilete tilgjengeleg dersom han ynskjer å sende, som ein «biletbank».

– Eg tar ikkje nye kvar gong. Eg kan ikkje ligge og vere stiv heile tida for å ta eit slikt bilete. Det høyrest ut som om eg sender 14.000 bilete om dagen, men det er ikkje så ille, seier Sørensen.

Slik du beskriv det, så høyrest det hyggeleg ut?
– Det er heilt fantastisk.

Erikstad er ikkje van med å få dickpics, så for å sjå kor fort det går før Leif får eit, så tar han «ein runde» på Grindr. Etter fem minutt får han fleire penisbilete, også uoppfordra. Det er ikkje noko som gjer han skeptisk.

– Det er gjennom ein skjerm, gjennom internett, det er ikkje nokon som kan gjere meg noko. Det plagar meg ikkje. Eg kan jo berre la vere å opne den appen, så får eg ikkje opp nokon dickpics.

Det får Erikstad til å lure, at dersom kvinner også er på ein sjekke-app, så må dei kanskje også forvente å få tilsendt penisbilete.

Så, om kvinner er på Tinder, så bør dei berre vente å få dickpics?
– Det burde ikkje vere sånn, men i den verda me lever i, så ja, seier Sørensen.

Denne saka har blitt redigert etter første publisering.

SJÅ INNAFOR I NRK TV:

Hvorfor sender menn bilder av penisen sin til vilt fremmede damer? Juger damene når de sier at de ikke liker det? Programleder Vilde Bratland Erikstad undersøker vår tids store kommunikasjonskrasj: Dickpics.

SJÅ PROGRAM: Kvifor sender menn bilete av penisen sin til vilt framande damer? Innafor-programleiar Vilde Bratland Erikstad undersøkjer vår tids store kommunikasjonskrasj: Dickpics.