Ei kvinne sitt på ein stol. Ein ser ikkje andletet hennar. Ein kan sjå omrisset av andletet hennar på den kvite veggen bak ho, med skuggen skapt av sola som kjem gjennom vindauget. Foran ho står ei vase med rosa blomer, dei er ikkje i fokus.
Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK

Har ikkje lenger krav på bistandsadvokat: – Eit kjempestort problem

«Silje» orkar ikkje prate om overgrepa, men ho vil prata om tida etter og om ei lovendring som rammar andre som ho.

«Silje» sit på eit kjøkken. Ikkje heime, men på eit advokatkontor i Bergen.

Ho ser lita ut der ho sit, framfor eit svært verdskart, festa på veggen med knappenåler.

For to år sidan vart ho tilkjent snautt 9,5 millionar kroner i valdsoffererstatning.

«Silje» pustar inn med eit lite hikst, og seier:

– Eg skulle gjeve attende kvar krone for eit liv i arbeid. Ho samlar beina endå tettare under seg.

For fleire år sidan, då Silje var ei lita jente, vart ho utsett for fleire, grove overgrep frå ein vaksen mann.

Bistandsadvokat Hilde Cecilie Matre set seg ved sidan av ho.

– Men det du har brukt dei på – tryggleik og eit høve til å skape deg gode erfaringar – det er bra, seier Matre.

Bistandsadvokat Hilde Cecilie Matre sitt til venstre i biletet, ei kvinne sitt til høgre. Biletet er tatt i speilinga frå døra på ein mikrobølgeomn, så biletet bølgar seg, eller hakkar, på eit vis. Bak dei heng eit verdskart.
Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK

Kvinna NRK har valt å kalle «Silje» er i 40-åra og frå Vestlandet. Ho ynskjer å vere anonym, men NRK kjenner identiteten hennar.

Overgrepa, som varte over fleire år, starta året Silje byrja på barneskulen.

Då saka vart behandla i tingretten, slo dei fast at ho hadde vorte utsett for mellom 50 og 100 overgrep.

«På dette rommet forklarar NN at han sa ho måtte vere stille. Fornærma beskriv at han på dette rommet tek av dei begge kleda og seier ho må vere flink og gjere som han seier»

Domsavgjerd tingretten

Silje har varige seinskadar som følgje av misbruken: kompleks PTSD, angst og etevegring mellom anna.

Ho er 54 prosent varig medisinsk invalid.

Avtalen når NRK møter Silje, er at det ikkje skal vere snakk om sjølve overgrepa.

Ho vil snakke om dei som ikkje lenger har den same moglegheita for oppreising, som ho sjølv hadde.

Det gjer ho så sint at augo hennar vert blanke.

For eit par dagar sidan skreiv NRK om «Kristin», som i meir enn 10 år levde i eit sambuarskap med ein valdeleg mann.

I saka beskriv NRK korleis regjeringa, med Justis- og beredskapsdepartementet i spissen, har stramma inn reglane for valdserstatning.

Lovendringa gjeld også for born utsette for vald og overgrep, samt vaksne – som Silje – som har vorte utsett for vald eller overgrep som born.

En person med langt hår står foran to store timeglass, hvor det ene, med nummeret 12, er litt større enn det andre, hvor det står et 6-tall. Tegnet i lilla-toner.
Illustrasjon: Marco Vaglieri / NRK

– Ei skikkeleg dritpakke

– Då dei skulle lage ei ny lov, hadde me skyhøge forhåpningar om at ho skulle vareta borna betre. Så kom denne dritpakka i staden for, seier juridisk rådgjevar i Stine Sofies Stiftelse, Endre Bendixen.

Han seier det ein gong til:

– Ei skikkeleg, skikkeleg dritpakke. Ho er laga med eitt mål for auget – å spare pengar.

På spørsmål om korleis han grunngjev påstanden, svarar han fyrst at born ikkje lenger har krav på bistandsadvokat når dei skal søke erstatning.

– Me pratar med så mange som seier at dei ikkje hadde klart å navigere i denne jungelen åleine. Kvifor er ikkje valdsutsette born og unge verd denne kostnaden? spør Bendixen.

Endre Bendixen, en mann i 30-årene, står i blå dress og lys blå skjorte utendørs. Han har mørkeblondt hår gredd til siden. Han ser inn i kameraet. Bak ham er våt asfalt, grønn skog og et bygg i lysebrunt tre.

Endre Bendixen i Stine Sofies Stiftelse.

Foto: Kjell Inge Søreide

Endre Bendixen i Stine Sofies Stiftelse.

Foto: Kjell Inge Søreide

Han forklarar vidare at regjeringa har stramma inn kva for paragrafar i straffelova som opnar for å søke om valdserstatning.

– Dei har fjerna kroppskrenking frå lista. Born har difor ikkje lenger krav på erstatning viss dei vert utsette for den typen vald me ser mest av. Eg klarar ikkje finne nokon annan logisk forklaring enn eit ynskje om å spare pengar, seier Bendixen.

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) er ikkje einig.

Ho seier til NRK at dei har endra lova for å få til raskare saksbehandling og vareta ofre for vald betre.

Mehl meiner regjeringa i ny lov har funne ein god balanse i avgrensinga av lovbrot.

– Valdtekt er omfatta, til dømes. Det same er grov kroppskrenking, mens nokon andre tilfelle fall utanfor. Det vil alltid vere, uansett kva for system ein vel, nokon som hamner innanfor og andre som fall utanfor, seier justisministeren.

Emilie Enger Mehl sitter i en grønn kjole i et rom med mørkeblå vegger, en av dem med regjeringens logo. Hun har blondt hår ned til skuldrene, tatt bak det ene øret. Hendene er samlet foran på en lys bordplate. Hun ser foran seg og ser ut som hun lytter.

Justisminister Emilie Enger Mehl.

Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK

Justisminister Emilie Enger Mehl.

Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK

– Før måtte ein gå gjennom ein heilt ny søknadsprosess for å få erstatning. No kan du gå inn og registrere deg og få utbetaling, legg Mehl til.

Ho snakkar då om dei sakene med dom, der spørsmålet om erstatning vert bestemt i rettssaka.

Bistandsadvokat Anette Torgersen, medlem av utvalet for bistandsadvokatar i Advokatforeininga, seier til NRK at det ikkje er så enkelt.

– Det er mange spørsmål i skjemaet, fleire av dei obligatoriske. Du må mellom anna leggje inn politidistrikt og krysse av for rett straffebestemming. Om ikkje får du feilmelding og får ikkje sende inn skjemaet.

Ho trur mange med krav på erstatning, fall av alt her.

Teikning i lilla-toner. Ei jente står bak ei dørkarm og ser redd ut. Bak ho er ein skugge av ein vaksen mann, utydeleg og mørkelilla.
Illustrasjon: Marco Vaglieri / NRK

Og i andre tilfelle, der skadevaldar ikkje vert dømd, er prosessen meir omfattande.

Viss saka ikkje kjem til doms, men ein har rett på å søke erstatning, er det mykje info som må med.

Om ein går til sivilt søksmål må ein varsle motparten og ta saka til Forliksrådet. Om partane ikkje vert samde der, kan ein ta saka vidare til tingretten.

Ikkje berre å gå inn og registrere seg, med andre ord.

Tryggleik i det utrygge

– Å søke om erstatning er komplekst, seier Heidi Studer Andersson.

Ho er administrasjonssjef ved Senter mot seksuelle overgrep, Nok. Oslo.

Ho seier det er gjort vesentlege innskrenkingar for dei utsette i lova. Også ho meiner det er eit problem at ein ikkje lenger har krav på bistandsadvokat.

Heidi Studer Andersson, en kvinne i 40/50-årene smiler inn i kameraet. Hun har blondt, langt hår bak i en hestehale, har på brun genser og står foran et murbygg med mørkebrun plank på kryss og tvers. Det er dag og sollys.

Heidi Studer Andersson i Nok. Oslo.

Foto: Nok. Oslo

Heidi Studer Andersson i Nok. Oslo.

Foto: Nok. Oslo

– Mange ber på traume og seinskadar. Utan bistand og støtte, er det mange som ikkje klarar å søke, seier Andersson.

Det gjaldt også for Silje.

– Eg hadde ikkje klart det. Det hadde vore fullstendig uaktuelt, seier ho.

Berre det å logge inn og fylle ut kontonummer – det hadde ikkje vore mogleg.

Etter rettssaka var Silje utmatta.

– Det høyrest kanskje rart ut, men eg klarte ikkje forhalde meg til dommen då me var ferdige. Eg fekk han send til meg, men vart nesten fysisk uvel berre av å ha han i leilegheita.

Emilie Enger Mehl skriv i ein e-post til NRK at ho har forståing for at mange av dei som har opplevd vald og overgrep ber med seg traume og skadar.

Ei lys hand held på ein overarm dekt i tjukt, grønt garn i form av ei strikka genser. Kvinna som har på seg genseren kan me ikkje sjå, andletet hennar er dekt i skugge. Foran ho er eit bord med ein boks lommetørkle.
Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK

Når Silje skal svare på kva bistandsadvokat Matre har betydd for ho, strammar ho kjeven og vender blikket ut mot den gråblå vestlandshimmelen.

– Alt, seier ho.

– Ikkje berre når eg skulle søke om erstatning, men frå dagen eg kom inn på kontoret. Ho var tryggleik i alt det utrygge, og tok seg av alt det juridiske.

– Det er ein lang veg å gå, legg Silje til.

Den vegen hadde ho ikkje klart å gå åleine. Det er ho overtydd om.

«Fleire av dei karakteriserte NN sine helseplagar som noko av det aller verste dei har opplevd som behandlarar»

Domsavgjerd tingretten

Silje er ikkje åleine; 60 prosent av dei som søkte valdserstatning før lovendringa, gjorde det med hjelp frå advokat.

– Lovendringa er eit kjempestort problem for rettstryggleiken til denne gruppa. Om du har overskot til å søke, då skal du vere frisk. Om ein har vore utsett for ting som gjer at ein har krav på erstatning, er ein ofte veldig prega, seier Matre.

– Dei tar avgjersler utan å forstå kven det gjeld, legg ho til, og peikar på regjeringa.

Justisdepartementet skriv i ein e-post at skjemaa frå Kontoret for valdserstatning er enkle å fylle ut og at dei ikkje krev juridisk kompetanse.

Bistandsadvokat Hilde Cecilie Matre, ei kvinne i 40-50-åra, står foran eit kontorlandskap med kvite vegger og dørkarmar. Ho har på seg svart dressjakke, kvit bluse og har det brune håret samla i ein hestehale. Ho ser venleg inn i kameraet og smiler såvidt.

Bistandsadvokat Hilde Cecilie Matre.

Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK

Bistandsadvokat Hilde Cecilie Matre.

Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK

Ein brøkdel får dekka advokat

Justisminister Emilie Enger Mehl seier til NRK at ein som hovudregel får bistandsadvokat når ein sak kjem for retten. I dei tilfella, påpeiker ho, er det bistandsadvokatens ansvar å fremme eit krav om erstatning.

Ein kan få bistandsadvokat når ei sak kjem for retten. Der kan også advokaten fremme eit krav om erstatning. Når saka er ferdig i retten, må ein klara seg sjølv.

Du må difor også sjølv sørgje for at du får erstatninga utbetalt.

Dette gjeld i saker med dom. Svært mange saker vert lagt vekk hos politiet og kjem ikkje til retten i det heile.

«Oppdraget som bistandsadvokat omfattar ikkje å søke om valdserstatning frå staten», står det i lovteksten. Regjeringa fjerna ansvaret, eller høvet, med lovendringa 1. januar.

Ein kan betale for advokat sjølv og så søke om å få utgiftene dekka i erstatninga.

Emilie Enger Mehl sitter i en grønn kjole i et rom med mørkeblå vegger. Hun har blondt hår ned til skuldrene. Foran henne er et stort bord i lyst tre. Hun gestikulerer med hendene, som er ut til hver side på bordplaten. Foran henne sitter en journalist, med ryggen til kameraet, som Mehl prater til. Journalisten, en kvinne, har lys blå genser og blondt hår.

Justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl.

Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK

Justisdepartementet skriv til NRK at det «ikkje skal vere naudsynt» med bistandsadvokat om ein alt har fått tilkjent erstatning i ein rettssak, sjølv om det var det for Silje.

På NRK sine spørsmål om bistandsadvokat, svarar justisminister Mehl difor berre om dei som ikkje får saka behandla i retten:

– I dei tilfella er det ein del av vurderinga, når ein skal innvilge beløp, om utgifter til bistandsadvokat vert innvilga. Det er framleis mogleg å få dekka advokatutgifter, dersom det er ei kompleks eller omfattande sak, seier Mehl.

Kontoret for valdserstatning har totalt behandla 2444 søknadar om erstatning så langt i år.

Bilde av totalt antall behandlede søknader i 2023, 2444 stk. Hver søknad er visualisert med en liten, rød person.
Grafikk som viser hvor mange av dem som søkte som hadde hatt krav på bistandsadvokat - 1283 personer av 2444. De med bistandsadvokat er vist som små, blå personer. De uten bistandsadvokat er små, røde.
Grafikk som viser hvor mange som har søkt i 2023 (rødt), hvor mange som har søkt med bistandsadvokat (blått) og hvor mange av dem som har fått dekket penger til juridisk bistand (grønn).

Nokre av søknadane vart søkt med gamal lov, andre med ny.

Totalt har 18 av dei 1283 personane fått innvilga støtte til juridisk bistand.

Kontoret kunne ikkje svare på kor mange av dei 1283 som søkte om dekking av juridisk støtte.

Kor mykje det kostar med advokat vil variere frå sak til sak. Ein får ikkje vite om ein får dekka utgiftene før søknaden er ferdig behandla.

Ei jente står ved en dørkarm og ser redd til siden. Bak henne står en mannsskikkelse. Tegnet i lilla-toner
Illustrasjon: Marco Vaglieri / NRK

Fleire svar frå justisministeren finn du lenger ned.

Bør skamme seg

Det kom inn fleire titals svar då lovendringa vart lagt ut på høyring i 2020.

Mange negative. Blant dei, svara frå Advokatforeininga, Landsforeininga for PTSD, Norske kvinners sanitetsforeining og Barneombodet.

Bistandsadvokat Anette Torgersen er ikkje nådig når ho pratar om lovendringa:

– Om regjeringa forstår kva dei har gjort, bør dei skamme seg.

Bistandsadvokat Anette Torgersen fotografert foran ein grå vegg. Ho har blondt hår som heng laust, kvit bluse og sort dressjakke. Ho smiler inn i kameraet.

Bistandsadvokat Anette Torgersen.

Foto: Advokatfirmaet Torgersen

Bistandsadvokat Anette Torgersen.

Foto: Advokatfirmaet Torgersen

Torgersen har jobba med ofre for vald og valdtekt i ei årrekke. Ho ser konsekvensane av lovendringa dagleg og ventar færre søknadar til Kontoret for valdserstatning i tida som kjem.

– Ikkje fordi det er mindre vald, men fordi ofra ikkje klarar å søke åleine. Det betyr pengar spart for staten.

Ho meiner endringa difor minner om eit sparetiltak.

Her er eit utdrag frå nokre av høyringssvara frå 2020:

NKVTS

«NKVTS (Nasjonalt kunnskapssenter om vald og traumatisk stress) meiner at det nye lovforslaget vil føre til at langt færre vil få erstatning i framtida, enn med dagens ordning. Forslaget svekkjer, snarare enn styrkar, valdsutsettes moglegheiter til å få erstatning.»

Advokatforeininga

«Me fryktar at ofre for vald som ville hatt rett til full erstatning etter dagens ordning, ikkje vil kunne hevde si rett til å ta imot full erstatning, dersom departementets forslag vert vedteke.

Dette vil kunne ramme dei ofra for vald som har dei største skadane og minst menneskelege ressursane til å saksøke skadevaldar i eit sivilt søksmål.»

Barneombodet

«Når eit barn er utsett for vald eller overgrep, er det ofte frå dei næraste. Det er ein ekstra stor belastning for eit barn å melde desse sakene til politiet.»

Landsforeininga for valdsofre

«Endringane i den nye ordninga vil gje særleg god grobotn for auka mein for valdsoffer. Justisdepartementets framlegg er ikkje berre uetisk, men barbarisk.»

Stine Sofies Stiftelse

«Er overordna sterkt imot departementets framlegg, då det vil svekke ordninga drastisk og ta frå dei fleste barn utsett for vald moglegheita til å få erstatning.»

Norske kvinners sanitetsforeining

«Resultatet av det nye lovforslaget er å leggje enda meir ansvar over på offeret.»

NRK har vore i kontakt med instansane, som seier dei står inne for svara også i 2023.

Heidi Studer Andersson i Nok. Oslo seier ho også ventar at ei følge av lovendringa vert at færre vil søke erstatning.

– Sjølv om dei har krav på oppreising grunna det dei har opplevd i barndomen.

Andersson seier valdserstatning har stor tyding for mange. Ikkje berre økonomisk, men også symbolsk.

– Det gjev ei kjensle av å bli trudd, seier ho.

Prisen for tryggleik

Bistandsadvokat Hilde Cecilie Matre ser bort på Silje og seier saka var krevjande for dei begge.

– Min jobb har vore å skape trygge rammer, sikre dine rettar og å gje deg all informasjon eg kan. Men med ditt mot har du gjort hovudarbeidet, seier ho. Og legg til:

– Det har vore utruleg gjevande, fordi arbeidet fekk eit positivt resultat. Fordi det har gjeve deg tryggleik, og eit betre liv.

– Ja, svarar Silje.

Tryggleik er ei sjeldan kjensle for Silje. Den vart teken frå ho for mange år sidan.

Ei kvinne er fotografert bakfra. Ho står med andletet mot fleire vindauge. Det er sterke kontrastar i biletet, så kvinna er nær eit sort omriss mot skydekt himmel på utsida. Ein kan så vidt skimte at ho har håret festa med strikk bak hovudet.
Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK
Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK

Etter at ho fekk erstatninga, har ho gjort mykje for å få han attende.

Somme av dei i heimen. Noko anna var å kjøpe seg ein trygg bil. Sterk sosial angst gjer det uaktuelt for Silje å ta taxi, kollektivtransport eller å køyre ein bil som kanskje får motorstopp.

I eitt år skal ho også betale for timar hos privat psykolog, fordi tilbodet ho hadde vart strupa.

Ein økonomisk rådgjevar hjelpte ho då ho fekk oppreisinga. Nokre av pengane måtte ho gje attende til staten som skatt. Ein del vart set av til pensjon, ein annan til sparing i fond.

Rådgjevaren spurde også om det var noko anna ho ville gjere med pengane.

– Då kom eg til å tenkje på at me hadde ei hytte då eg var lita. Der kjende eg meg alltid trygg, for der kunne det ikkje skje noko.

Så då vart det hytte på fjellet eitt år etter at pengane hamna på konto. Ei investering i framtida.

Ei jente sitter med hodet bøyd ned mot knæra på en benk utendørs. En mannsskygge står ved siden av henne. Bildet er tegnet i lilla-toner. I bakgrunnen er bygg, andre mennesker og et par lyktestolper.
Illustrasjon: Marco Vaglieri / NRK

No øver Silje på å bruke hytta. På å kjenne seg trygg der åleine.

Ho er evig takksam for pengane. Samstundes har ho dårleg samvit.

– Kvifor skulle eg få dei, på ein måte, undrar ho.

Bistandsadvokat Matre bryt inn.

– Erstatning skal setje deg i null økonomisk. Det er ingen som skal tene på erstatning, og det var ingen andre grunnar til at du ikkje har hatt eit normalt arbeidsliv, utover det han gjorde.

Bistandsadvokat Hilde Cecilie Matre sitt ved eit bord. Ho ser til venstre, mot ei kvinne som er skjult bak ein stolrygg. Matre har kvit bluse og sort dressjakke og har det brune håret i ein hestehale. Ho lyttar.
Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK

Silje tek opp eit lommetørkle. Det handlar om tryggleik, gjentek ho. Ho trur det er lett å gløyme for folk.

– Dommen var det viktigaste, men etter den skal du stable deg på beina og skape deg eit liv. Då kom dei pengane godt med, seier ho og held fram:

– Den endringa i lova. Eg hadde aldri klart å ta tak i erstatninga sjølv. Då hadde eg gått glipp av alle desse høva for trygging.

Kvifor skal ikkje ofre for vald og overgrep få den same hjelpa, undrar Silje.

– Det er ikkje rettferdig. Eg var heldig som smatt inn den døra før ho lukka seg. Det å vite at andre ikkje skal få same moglegheiter som meg, og at dei missar høvet til å kome seg attende til livet – det er utruleg vondt.

«NN utvikla i perioden og tida etter psykiske skadar i form av mellom anna dissosiative lidingar og PTSD grunna overgrepa.»

Domsavgjerd tingretten

Ein plass i livet

Silje er ærleg om at å prate om erstatninga og korleis ho har det, gjer ho utmatta.

Denne friske oktoberdagen er det andre gong på fem år ho har vore åleine i Bergen.

– Eg ynskjer å delta i livet, seier ho og kastar endå eit blikk ut vindauget.

Ho fortel om førre gong ho var i byen åleine. Då ville ho ta med ein kaffi til Matre og fekk spørsmål om ho skulle ha enkel eller dobbel latte?

– Då tenkte eg dobbel, for den er jo sikkert stor? seier ho og flirer.

Så kom spørsmål om kva for mjølk ho ville ha i kaffien.

– Finst det fleire typar mjølk, tenkte eg då, smiler Silje.

– Utan samanlikning elles, seier Matre – men dei som har sete i fengsel i fleire år, dei må også finne ut av ting på nytt når dei kjem ut. Du har også sona, på eit vis. Du har vore frårøva fridomen din grunna angsten, seier ho til Silje.

Silje nikkar. No gjeld det å bli kjent med samfunnet på nytt.

– Eg vil finne min plass. Eg vil bidra. Det var også ein av grunnane til at eg sa ja til dette intervjuet. Eg veit kor vondt det er.

To kvinner sitt bak eit bord. Biletet viser dei frå kragebeina og ned. Foran dei står ein boks med tørkepapir. Kvinna til venstre har på seg grønn, strikka genser. Kvinna til høgre har kvit bluse og svart dressjakke og har begge armane på bordet. Ho held eit glass med vatn i ei hand.
Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK

Når ho får spørsmål om kva for andre mål ho har, fortel Silje hjarteleg: Ho ynskjer å gjere noko innan helse – kanskje dele eigne erfaringar. Kanskje vere ei stemme som skapar endring? Ho vil halde foredrag, og skrive bok.

– Men det er draumar, seier ho.

– Å, ikkje sei det, seier Matre.

– Å møte framande og fortelje om dette, det hadde ikkje vore mogleg for deg, tidlegare.

– Nei, det er jo sant, svarar Silje.

Justisministeren har lese kritikken som kjem fram i saka. Hovudpunkta i svaret hennar, kan du sjå under:

Hei!

Har du tankar eller noko du ynskjer å dele etter å ha lest denne saka? Eller har du tips til andre saker me bør se på?

Me har det siste året granska temaet valdtekt, for å kasta ljos over konsekvensane det får, både for oss som enkeltmenneske, men også for oss som samfunn. 

Det kjem fleire saker om temaet framover.