Hopp til innhold

Meiner barnevernet gav forsvarlege tenester før baby døydde

I 2022 døydde eit spedbarn som barnevernet følgde opp på Sunnmøre. Statsforvaltaren sin tilsynsrapport konkluderer no med at barnet og foreldra fekk forsvarlege tenester.

Statsforvalter Else May Botten

TILSYN: Statsforvalteren i Møre og Romsdal har gjennomført eit tilsyn med barnevernstenesta i ei kommune på Sunnmøre.

Foto: Roar Strøm / NRK

Den 29. juli i 2022 døydde eit fem månadar gamalt barn på Sunnmøre. Om lag ei veke etterpå vart foreldra til barnet arresterte og sikta av politiet. Siktinga blei seinare endra til drap eller medverknad til drap.

Sidan barnevernet hadde følgd opp barnet og familien, informerte politiet Statsforvaltaren om at dei starta ei etterforsking av foreldra.

Statsforvalteren sette også i gang eit eige tilsyn av barnevernet i den aktuelle kommunen.

– Dette er ei djupt tragisk sak for alle dei involverte. Formålet med eit tilsyn er å styrke tilliten til at ein får tenester i tråd med lovverket. Alvoret i denne saka gjorde at vi ønska å få bekrefta dette, seier statsforvaltar Else-May Botten til NRK.

Snart ferdige med etterforskinga

Politiet held framleis på med etterforskinga av foreldra. Ingen av dei erkjenner straffskuld for det dei er sikta for.

Politiadvokat Julie Ulstein seier at etterforskinga av saka no går mot ei avslutting.

Vi registrerer at statsforvaltaren har gjennomført tilsyn, og konkludert, seier ho.

Julie Ulstein politiadvokat.

Politiadvokat Julie Ulstein.

Foto: Berge Myrene / NRK

Meiner dei fekk forsvarlege tenester

I tilsynet såg dei på kva hjelp og oppfølging barnet og familien fekk frå barnevernet.

No konkluderer Statsforvaltaren sin tilsynsrapport med at dei fekk forsvarlege tenester.

– Vår oppgåve er å undersøke om lova sine krav blir følgt. Vår konklusjon er at barnevernet sikra god og tett oppfølging heile vegen, seier Botten.

Ho viser til at dokumenta i saka viste at det ikkje var stor risiko for at barnevernet hadde svikta barnet og foreldra.

– Men alvoret i saka og omsynet til tilliten til barnevernsteneste, gjorde at vi likevel ville undersøke saka nærare, fortel statsforvaltaren.

Har avslutta tilsyn

Dei har no avslutta tilsynet hos barnevernstenesta i den aktuelle sunnmørskommunen.

– Kor sikre er de på at barnet og familien fekk god nok oppfølging før dødsfallet?

– Den informasjonen vi sit på viser at barnevernet samhandla tett med helsetenestene heile tida. Og det tenestene visste der og då gav ikkje grunn til å tru at barnet skal ha blitt ha påført noko skade, seier Botten.

Vidare skal tilsynet ha vist at barnevernsteneste fortløpande henta inn informasjon om barnet og foreldra frå helsetenester og andre hjelpeinstansar.

Les også Foreldre sikta for drap på baby – han blei berre fem månader

Forsegla dør til hus

– Fekk oppfølging frå fødselen av

Botten viser til at barnevernstenesta si oppgåve er å sikre at barn og unge som lever under forhold som kan skade helsa og utviklinga deira, får nødvendig hjelp, omsorg og vern til rett tid.

– Barnevernsteneste har i denne saka samarbeidd med andre instansar om å følgje opp og hjelpe familien. Vår vurdering er at dette sikra ein kontinuitet i oppfølginga av både barn og foreldre, seier Botten.

Statsforvaltaren i Møre og Romsdal har også tatt ein gjennomgang av det medisinfaglege i saka, og konkluderer med at det ikkje er grunnlag for tilsyn med helsehjelpa som barnet fekk.

– Journalen i saka gir god oversikt over helsehjelpa barnet fekk. Undersøkingane vart gjort etter nasjonale retningslinjer, og basert på den kunnskapen dei hadde på tidspunktet. Derfor har vi ikkje ført tilsyn med helsehjelpa, seier statsforvaltaren.

Ho viser til at tilsynet deira har avdekt at dei ulike instansane som hjelpte familien i all hovudsak hadde ei felles fagleg forståing og var samd om kva barnet og familien trong.

– Foreldra og barnet fekk oppfølging frå fødselen av. Symptoma til barnet vart avklart i tråd med god praksis. Ingen i tenestene rundt familien mistenkte at barnet blei utsett for vald, seier ho.

– Trist sak

Den aktuelle kommunen seier det er fint å få vite at dei har følgt lova i denne saka.

– Vi tek den til orientering. Vi har følgt lova, vi prøver å gjere vårt ytste for å gjere ein god jobb. Dette er ein forferdeleg trist sak for alle involverte, seier den ansvarlege for barnevernstenesta i kommunen der dødsfallet skjedde.

Dei vil vidare undersøkje om det er noko frå rapporten dei kan ta lærdom av.

– Vi må sjå på kva statsforvaltaren har skrive i rapporten. Vi prøver alltid å gjere vårt beste. Det ser ut til at vi har utvikla ein god praksis, og vi må fortsette med den.

Har ingen kommentar

Forsvararen til far i saka, Sjur Engelsen Lange, seier han ikkje vil kommentere saka på noverande tidspunkt.

Forsvararen til den sikta mora, Axel Lange, seier at han noterer seg konklusjonen til statsforvaltaren, men har ikkje noko ytterlegare kommentar, då saka framleis er under etterforsking.

Axel Lange

Axel Lange er forsvararen til den sikta kvinna.

Foto: Øyvind Sandnes / NRK

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL