Hopp til innhold
Anmeldelse

Var mordet på Olof Palme ein innsidejobb?

I Lena Anderssons serie om sosial­demokratiske synder og syndarar er turen no komen til Palme-mordet.

Lena Andersson og Koryfeene

FOR IVRIG: I iveren etter å kritisere den sosialdemokratiske makteliten, blir romanen «Koryfeene» unyansert og overtydeleg.

Foto: Henric Lindsten/Gyldendal
Bok

«Koryfeene»

Lena Andersson

Oversatt av Gøril Eldøen

Roman

Februar 2023

Gyldendal

I «Koryfeene. En konspirasjons­roman» heiter stats­ministeren rett nok Carl Stjärne og politi­sjefen Rolf Utterström, men alle forstår kven det handlar om.

Kva får henne til å ta opp denne over 30 år gamle saka, no når etterforskinga er avslutta og ein mann er peikt ut som sannsynleg gjernings­mann?

Det kan og skal diskuterast, men eg vågar å påstå at Andersson ikkje er ute etter å avsløre kven som eigentleg stod bak mordet, for no å bruke konspirasjons-lingo.

Han husket den gangen Stjärne hadde latt noen lettelsens ord falle da han leste i avisen at en potensiell utpresser hadde avgått ved døden.

Utdrag frå «Koryfeene» av Lena Andersson

Globalt skrekkscenario

Romanen opnar i notid, med den middels vellykka journalisten Roger Lilja. Han får i oppdrag å skrive ein artikkel om mordet på Stjärne, og oppsøkjer Nils Niia, ein eldre kar som har vore aktiv i debatten om kva som ja, eigentleg skjedde.

Heldigvis for Lilja og oss andre, har Niia nyleg arva nokre topp­hemmelege papir frå ein død ven som var høgt oppe i dei hemmelege tenestene.

Niia veit så mykje at han faktisk kan operere som allvitande forteljar i boka. Lesarane får bli med han bak kulissane. Der ser det ikkje bra ut.

Etter­retninga meinte å vite at Palme – unnskyld, Stjärne – hadde som mål å få alle statar til å innføre sosial­demokrati. Sovjet­unionen skulle vere første stat ut, og flørten med Sovjet var allereie godt i gang.

Dette prosjektet ville rokke verds­ordninga og truge den svenske velferds­staten. Dermed måtte etter­retninga gjere jobben, for å berge oss alle.

Ja, det er tynt. Og det er heller ikkje dette som er kjernen i konspirasjons­romanen.

Olof Palme med ettertenksomt blikk. Bildet er fra 1979.

PALME BLIR STJÄRNE: I «Koryfeene» står statsminister Carl Stjärne utvitydig fram som ein fiktiv utgåve av Olof Palme (bildet), som vart skoten og drepen 28. oktober 1986.

Foto: SVT Bild / SVT

Bakomhistoria

Det putrar vesentleg heftigare i gryta når vi blir kjent med dei som rottar seg saman for å ta kontrollen etter mordet: sosial­demokratiske politikarar, pressefolk, og ikkje minst politi­etterforskaren.

Kort sagt: På toppen i Sverige finst eit gigantisk ugjennomtrengjeleg makt­apparat der personar er tett saman­sveisa. Av ideologisk over­tyding kanskje, men særleg fordi svært mange har noko på kvarandre. Noko som kan sende den uheldige hovud­stups ut av makt­posisjonen om dette «noko» kjem ut.

Desse moralsk svært fleksible mennene, som er uløyseleg vikla inn i eit angst­fullt skjebne­fellesskap, forstår at dei må ta kontrollen over mord­historia frå første stund. Kjelder må innsjå at det kostar å snakke. Kritiske røyster må stilne.

Sanninga må ikkje kome ut. Dei treng ein «metaforisk morder», ein som passar inn i historia dei kokar i hop. Etter­forskinga var tåke­legging frå første stund.

Niia sparer ikkje på noko. Manøvrane er elleville, og vår mann som skal skrive artikkel anar ikkje kva han skal tru.

Riksdagen i Sverige

SKJULER SANNINGA: Riksdagspolitikarar, politi og journalistar konspirerer for å ta kontrollen over narrativet etter drapet på den svenske statsministeren i «Koryfeene».

Foto: INTS KALNINS / Reuters

Lena Anderssons rulleblad

«Koryfeene» svarer på kven som drap Olof Palme, og kvifor sanninga aldri har kome fram.

Når eg tvilar på om det er poenget med «Koryfeene», så handlar det dels om at konspirasjonen er for usannsynleg, men ikkje minst om at eg har ei viss innsikt i Lena Anderssons rulle­blad.

I dei to siste romanane sine, «Sveas sønn» og «Datteren», har Andersson skildra det sosial­demokratiske prosjektet frå ein sped kamp for rettferd tidleg på 1900-talet og til det forsteina makt­apparatet det har blitt i dag.

Skildringa er naturleg nok prega av at Andersson er liberalist og motstandar av ein stor og aktiv stat, noko ho er tydeleg på både i den faste spalta si i Svenska Dagbladet, og i sakprosa­boka «Om falsk och äkta liberalism».

Den som snippar innom tekstane hennar, vil også vite at ho har stor tru på rasjonell tenking. Dersom Lena Andersson står inne for Nils Niias konspirasjonar, må ho ha vore gjennom ei radikal omvending sidan sist bok.

Ho slår altså i to retningar her: både mot makt­apparatet og mot konspiratorikarane.

Anmeldelse av «Datteren» «Provoserande og underhaldande om nyare svensk historie»

Lena Andersson gir ut boka "Datteren" i 2021.

Men er det ei god bok?

Det er alltid interessant å lese Lena Andersson. Men der dei jamne sosial­demokratane i dei to første romanane hadde menneskelege trekk, er ho denne gongen i makteliten der folk gjennomført dårlege døgnet rundt.

Mangelen på nyansar er uheldig nok. Men rett som det er, set makt­mennene seg også ned og køyrer spontane studiesirklar i ideologi og politisk teori.

Trass i perfide portrett, skarpe observasjonar og artige formuleringar: Denne gongen har ideologen Lena Andersson sigra over roman­forfattaren.

Eg gler meg til Lena Andersson for alvor når fram til vår tid, der sosial­demokratiet har ein mindre dominerande posisjon enn på 1980-talet.

Hei!

Eg er hovudkritikar av skjønnlitteratur i NRK. Les gjerne bokmeldingane mine av «Aleksandra» av Lisa Weeda, «Tillit» av Hernan Diaz eller «Fri. En oppvekst ved historiens ende» av Lea Ypi.