Anmeldelse

Provoserande og underhaldande om nyare svensk historie

Sjølv om Lena Andersson rir kjepphestane sine vel hardt i romanen «Datteren», er det vel verdt å følgje med på ferda.

Lena Andersson gir ut boka "Datteren" i 2021.

KVA EI DOTTER MÅ FINNE SEG I: Elsa, dottera til den stødige sosialdemokraten Ragnar, må gjennom mykje rart for å illustrere poenga til forfattaren.

Foto: Gyldendal/Henric Lindsten
Bok

«Datteren»

Lena Andersson

Oversatt av Gøril Eldøen

Skjønnlitteratur

2021

Gyldendal

Forfattaren set nemleg ting solid på spissen når ho losar lesarane gjennom nyare svensk historie frå framveksten av det sosialdemokratiske «folkhemmet» og fram til vår tids identitetskampar. Tidsreisa finn stad i to typiske ideromanar, som både underhaldar og provoserer.

Årets roman, «Datteren», følgjer opp historia som starta i «Sveas sønn» (2018). Anderssons metode er å følgje tre generasjonar svenskar og studere tidsspesifikke trekk ved dei.

Dermed får ho fram eit mønster. Om ein plukkar ut synet dei har på mat, plikt og verdigrunnlag, ser det om lag slik ut:

Gud, framsteg og fri flyt

Mor Svea er eit gudfryktig og hardt arbeidande menneske som saftar og syltar og set god mat på bordet til familien sin.

Sonen Ragnar, fødd 1932, trur ikkje på Gud. Han trur på framsteget, vitskapen og velferd for alle. Han ikkje berre trur på det, han handlar etter det også. Og maten? For han er pulver det beste utgangspunktet for å lage mat; sunt og effektivt.

Mens dottera hans, Elsa, fødd 1970, trur verken på Gud eller dei sosialdemokratiske fellesløysingane. Ho er eit moderne individ som opnar seg mot moderne ideologiar etter impulsmetoden, og har ikkje som Svea og Ragnar ein ide om å yte sitt til fellesskapet.

For Elsa blir maten eit teikn på at noko er gale:
Ein lovande langrennskarriere strandar når Elsa i puberteten gjev seg til å stappe i seg kaker og smågodt i episke mengder. Det går an å mistenke at ho gjer dette for å ha ein gyldig grunn til å sleppe laus frå far Ragnars strenge treningsregime. Dette er eitt av få punkt der romanen ikkje er tydeleg.

Idear får kroppar som skal leve historia

For det skal Lena Andersson ha: Ho er krystallklar. Romanen er fortalt av ein allvitande, men lett distansert forteljar som vurderer og analyserer tankar ord og gjerningar. Svea, Ragnar og Elsa er individ, ja visst, men dei er også representantar for tider, klassar og tenkemåtar.

Det er neppe tilfeldig at gamlemor heiter Svea, som ikkje berre er eit kvinnenamn, men også eit eldre namn på Sverige, eller at Ragnar er fødd nett i 1932, året då Per Albin Hansson danna regjering og innleidde ein over 40 år lang sosialdemokratisk epoke i Sverige.

Kan det bli levande litteratur ut av slikt? Det kan det. Og det har det blitt – rett nok i varierande grad.

Postmodernisme og kalde føter

Forfattaren er nemleg ein støvar til å få fram det karakteristiske gjennom å studere detaljar og situasjonar. Som når Ragnar insisterer på at dei skal stå roleg og applaudere mens alle dei 30 deltakarane i eit renn har fått premien sin, sjølv om både Elsa og storebror Erik plasserer seg i teten og det er mange mil heim.

Ein dag får Erik nok:

«Bare fordi man holdt på sånn i Birkastan på femtitallet, trenger man ikke å gjøre eller mene det samme i dag, for verden forandrer seg og moralen er ikke hogd i stein. Det finnes ikke noe sentrum i universet der sånne ting bestemmes, det går ikke an å si at noe er bedre eller dårligere.»

Eriks kalde føter under premieutdelinga etter eit langrenn langt heimanfrå, set i gang ein av dei store debattane som går gjennom heile romanen. For om det ikkje går an å seie at noko er betre eller dårlegare, så ryk heile fundamentet til far Ragnar.

Rullar fram heile artilleriet

Ragnars stødige tru på den sosialdemokratiske fornufta får sin ultimate motpol når Elsa, nokre år etter utbrotet til Erik, snublar inn i eit studium ved Berkeley-universitetet i California. Der får ho eit krasjkurs i postmoderne teoriar om at det er språket som konstruerer verda, eit tankegods som lever vidare i mange av protestrørslene som er knytt til undertrykking, krenking og identitetspolitikk i vår tid.

Lena Andersson filleristar desse ideane, som i romanen vert lagt i munnen på eit par ihuga teoretikarar på det som må svare til grunnfagsnivå. Forfattaren rullar fram heile artilleriet for å skyte ned desse nyfrelste studentane.

Underhaldningsfaktoren er høg, men det går an å spørje seg om ikkje Andersson ville gjort kritikken farlegare og meir treffande om ho hadde skrive fram litt tyngre representantar for denne mangslungne tankeretninga.

Kritikken av sosialdemokratiet slik det er inkarnert i Sveas son Ragnar, er reine kosepraten samanlikna med kritikken av Elsas tilfeldige flørt med postmodernismen. Denne flørten avslører også at Elsa er ei slik som underkastar seg moteretningar og prøver å herme etter meiningsatletane. Elsa tenkjer ikkje sjølv.

Derfor er oppfølgjaren svakare

I sum blir Elsa ein usamanhengande figur som får lassa på seg fleire ulike identitetar og eigenskapar som forfattaren har sterke meiningar om. Her har polemikaren vunne over romanforfattaren. Ragnar på si side, er ein fullt utbygd person som det går an å forstå og endåtil kjenne sympati for.

Dermed er «Datteren» ein svakare roman enn «Sveas sønn».

Likevel, romanforfattaren er ikkje heilt utslått av polemikaren. Særleg langrennslivets oppturar og spektakulære nedtur er skildra nyansert og med sanselege detaljar, og forfattaren glimtar til med både skarpe observasjonar og treffsikre refleksjonar gjennom heile romanen.

Provoserande og underhaldande ideromanar veks ikkje på tre, og eg les gjerne fleire slike. Kva med ein tredje roman, der samtidas Sverige blir lagt under Anderssons nådelause disseksjonsinstrument?

Du finn alle anmeldelsar og anbefalingar frå NRK her.

Anbefalt vidare lesing: