Hopp til innhold
Anmeldelse

Abba skuffer ikke

40 år etter forrige album kommer det ny musikk fra de svenske legendene. Abba høres fortsatt ut som Abba – på godt og vondt.

Abbatars
Foto: Baillie Walsh
Musikk

«I Still Have Faith In You» og «Don't Shut Me Down»

ABBA

2. september, 2021

Espen Borge:ALARM! Jeg innkaller til hastemøte!
Sjur Systad Tyssen:Hei Espen! Eurovision-alarm, jo. Nye ABBA-låtar!?
Espen Borge:Sjur, la oss lytte og diskutere! To nye låter. Start med «I Still Have Faith In You». Få høre hva du tenker og hvilket terningkast du gir legendene Björn & Benny, Agnetha & Anni-Frid.
Sjur Systad Tyssen:OK! Må gi låtane eit par rundar først.

Espen Borge:Dette høres ut som ABBA! Det var en gedigen lettelse.
Sjur Systad Tyssen:Sjølvsagt er hovudsingelen ein sjølvrefererande og nostalgisk, men optimistisk ballade når ABBA gjer comeback.
Espen Borge:Så digg at de ikke kåler det til med noe «capsen-på-snei»-greier!
Sjur Systad Tyssen:Det landar ein stad mellom avslutningsnummeret i ein musikal og eit Eurovision-innslag. No er både Eurovision og musikal ord ein allereie forbinder med ABBA, men det må vere lov å seie det let litt datert?
Sjur Systad Tyssen:Når det er sagt – det hadde berre blitt feil om ABBA skulle oppdatert soundet og forsøkt å vere nokon andre enn seg sjølve. Eg trur ikkje denne går inn i kulturkanonen, men i mine øyre er dette ABBA, berre at det er 40 år seinare.
Espen Borge:Dette er det nærmeste man kommer en tidsmaskin. Lang over sherryen, det er 1978 igjen!
Espen Borge:Jeg var livredd for at de skulle gjøre seg bort med et eller annet fåfengt Diplo-samarbeid eller noe sånt. Det er helt sykt å høre disse stemmene synge noe nytt!
Espen Borge:Terningkast 5
Sjur Systad Tyssen:Dette er vel til sjuande og sist ein fanservice, så er ein fan, må dette vere innafor. Er ein ikkje fan, kan det fort bli anonymt.
Sjur Systad Tyssen:Comeback-låtar er på ingen måte einstydande med bra, så her kunne ting gått galt, men eg synest ABBA klarer seg her.
Sjur Systad Tyssen:Terningkast 4
Espen Borge:Hva er dine ABBA-favoritter, forresten?
Espen Borge:Jeg mener ABBA er et av tidenes aller beste popband. Kan jeg få topp 3 i tilfeldig rekkefølge, så blir det «Chiquitita», «Fernando» og «That's the Name of the Game».
Sjur Systad Tyssen:Vanlegvis ville eg sagt «Gimme! Gimme! Gimme!», grunna den heilt tullete stilige syntlinja, men for nokre år sidan spelte eg i eit band som framførte «Does Your Mother Know» på ein fest. Den gjentatte eksponeringa gjorde at eg oppdaga kva genuint god poplåt det er.
Espen Borge:Takk, la oss hoppe til den neste nye låten «Don't Shut Me Down».

Espen Borge:Synt-fiolinene er tilbake!!
Sjur Systad Tyssen:Okei, her lurer dei ikkje meg. Dei er flinke låtskrivarar, ABBA, men backingtracket her må jo vere ein forkasta demo av «Dancing Queen». Det er ikkje som om dei ikkje har hatt tid på seg til å kome opp med noko meir originalt.
Espen Borge:Denne har jo den klassiske ABBA-ballade-starten, men drar seg til med vintage disco etterhvert.
Espen Borge:ABBA skuffer ikke – dette er akkurat det man håpet på.
Sjur Systad Tyssen:Denne legg seg nærare den typiske ABBA-slageren, men då vert ein også raskt påminna at katalogen byr på langt sterkare låtar i akkurat dette segmentet. Låten er i og for seg catchy, men dette vert litt tynt.
Espen Borge:Den typiske glissandoen (hurtig, glidende overgang mellom tonene) fra pianoet til Benny er like magisk nå som for 40 år siden.
Espen Borge:De der synt-fiolinene er også veldig særegne, og det er SÅ vilt å høre den unike sammensetningen av stemmer igjen. Litt mer mollstemt og konsekvent tempo i denne låta, men minst like imponerende som «I Still Have Faith In You».
Sjur Systad Tyssen:Ein skal ikkje endre det som fungerer, seiast det, men ein må ikkje kopiere heller.
Espen Borge:Dødskul basslinje også, av den typen man ikke hører så ofte lenger.
Espen Borge:Terningkast 5
Sjur Systad Tyssen:Låten er ikkje dårleg, men den druknar raskt blant sterkare ABBA-låtar.
Sjur Systad Tyssen:Terningkast 3
Espen Borge:Ikke helt enige om dette comebacket vi Sjur. Resten av albumet med til sammen ti låter slippes 5. november.
Sjur Systad Tyssen:Snakkes!

Espen Borge og Sjur Systad Tyssen er frilansere som skriver om musikk på oppdrag for NRK.

Anbefalt videre lesing: