Hopp til innhold
Anmeldelse

Fengslande og interessant vandring langs «Bjørg Viks vei»

Lars Vik, son og biograf, stryk Bjørg Vik både medhårs og mothårs i denne svært leseverdige biografien.

Lars Vik har skrevet bok om sin mor: "Bjørg Viks vei". Gitt ut høsten 2021.

FENGSLANDE: Dramatikar og son Lars Vik har levert eit fengslande og samansett portrett av forfattar og mor Bjørg Vik.

Foto: Dag Jenssen/Cappelen Damm
Bok

«Bjørg Viks vei»

Lars Vik

Sakprosa

2021

Cappelen Damm

Og vi kan like gjerne starte med håret: Den litterære 1970-talsscenen var dominert av bustehovud. Eit slåande unntak var den mørke, elegante frisyren til Bjørg Vik: Aldri var midtskilen på skeive, aldri var eit hårstrå på avvegar.

Bjørg Vik

RYDDIG: Bjørg Vik hadde alltid elegant frisyre.

Foto: Anne Lognvik / NRK

Trivielt? Ja, men det er ikkje det same som uvesentleg, det veit alle som har lese Bjørg Vik. Ho har endåtil skrive eit teaterstykke frå frisørsalongen; ein opplagt arena for fortruleg snakk kvinner i mellom når ein tenkjer over det.

No er biografien om forfattaren og feministen Bjørg Vik, fødd Bjørg-Turid Johansen (1935–2018) her, ført i pennen av sonen Lars Vik.

Han har levert ein komplett biografi. Det vil seie at boka går frå vogge til grav, og at kunsten er fletta inn i skildringa av livsløpet. Ja, og gløymt er ikkje verdien av å ha sveisen og anna ytre på stell når ein skal møte verda.

For dei som har gløymt det

Bjørg Vik er forfattaren av trilogien om Elsi Lund, jenta som vaks opp på om lag same adresse som Bjørg sjølv på St. Hanshaugen i Oslo. Romanane kom som harde pakker frå Bokklubben inn i mange tusen heimar.

Men først og fremst er ho novellisten som debuterte i 1963 og vart kjent for det sanselege og visuelle språket, dei kvardagslege situasjonane, for flyktige sveip av uro og lengt og ikkje minst for dei erotiske skildringane. Bjørg Vik let kvinner attrå menn og gje uttrykk for det.

Ho la aldri skjul på at diktinga hennar var tett knytt til eigne livserfaringar. Ut over på 1970-talet vart Viks skildringar meir tydeleg feministiske, og ho vart ein av dei markante skildrarane av kvinneliv og kvinnefrigjering.

Som nyutdanna journalist fekk Bjørg-Turid Johansen jobb i Porsgrunns Dagblad, og Porsgrunn vart byen der ho levde mesteparten av livet med arkitektektemann og etter kvart tre barn.

Vi meir enn anar spenningar mellom norsk småby og djerve erotiske skildringar i erfaringsnær litteratur.

Kva skriv han og kva skjuler han?

Biograf Lars er ikkje ute etter å piffe opp historia med det som måtte vere av pikante detaljar, men han er tydeleg på at det kunne vere kleint å lese mors skildringar av erotikk, og sårt å lese tekstane om sidesprang. Mor hadde dessutan gjort det enklare for dei nærmaste – og kanskje for andre også – om ho hadde kamuflert modellane sine betre.

Kunstnargjerninga hadde sin pris for heile familien. Men over biografien ligg likevel ein djup respekt for både forfattaren og mennesket; han skjønar etter kvart at skriving er livsnødvendig.

Ikkje minst skjønar han dette etter å ha lese dagbøkene frå ungdommen – gull for alle biografar. Der skriv Bjørg-Turid at ho søkjer til stader ho kan vere heilt aleine og skrive. Å formulere erfaringar og tankar i skrift har vore med henne heile livet.

Dagbøkene er ei unik kjelde til livet før biografen kom til. Men familiemedlemmer sit jo også på kjelder andre biografar berre kan drøyme om: eigne nære erfaringar med objektet gjennom lengre tid.

Vi snakkar om enorme mengder stoff av privat karakter, og i slikt må det finnast nøklar til sentrale spørsmål for biografar: Kven var ho, og korleis vart ho slik?

Problemet blir dermed det motsette av det den gjengse biograf slit med. Eg vil tru at spørsmål om kor nær han skal gå, kor mykje som skal med, og kva for rolle han sjølv skal spele i historia, har vore oppe til diskusjon også i dette spesifikke tilfellet.

Bohemen og den (snus) fornuftige sonen

Eller: strengt tatt veit eg at biografen har grubla over dette: Fleire stader blandar den for lengst døde mor Bjørg seg inn i skrivinga. I kursiverte tekstavsnitt lurer ho på om han verkeleg ha med psykosane som ho var innlagt for, eller om han ikkje overdramatiserer det med alkoholbruken.

Det er eit godt grep, fint er også grepet med å la vener og kollegaer kome til orde i direkte tale med sine minne og karakteristikkar.

Mindre imponert er eg over plassen biografen gjev seg sjølv. Ikkje at han tek for mykje plass, nei, tvert imot. Først langt ute i boka får vi i forbifarten vite at han har noko med Grenland Friteater å gjere.

Men høyr: Vi snakkar om ein av stiftarane av dette særprega friteaterprosjektet som oppstod midt på 1970-talet. Han var Fritjof Fomlesen og halvparten av duoen Sjakk og Ludo.

Oppmuntra Bjørg han til å satse på teater, eller tvert om? Hadde ho syn på det han gjorde? Dei to kunstnarane har vel delt erfaringar?

Det er irriterande når biografar tek for stor plass. Her skjer det motsette.

Men Bjørg Viks bøker får plass, og Lars Vik finn spor etter det levde livet i bøkene. Slikt er det ikkje uvanleg at biografar gjer, og det blir stadig vanlegare at lesarar også tek i bruk den såkalla biografiske lesemåten.

Pussigare er det når biografen snur på flisa og leitar i livet etter det han finn i skjønnlitteraturen: Ein stad undrar han seg over at eit viktig møte mellom romanpersonen Elsi Lund og ein norsklærar ikkje er nemnt i dagbøkene til Bjørg-Turid. Den opplagde grunnen må jo vere at det er oppdikta. Dette møtet finst ikkje i livet, rett og slett.

Ein levande tekst

Når det er sagt, er det berre å gje seg over til denne kloke og gripande og underhaldande reisa gjennom eit langt kunstnarliv. Biografien er ei tidsreise, ei klassereise, ei historie om eit menneske og eit kunstnarskap i stadig utvikling.

Vi forstår at den velfriserte Bjørg hadde kaotiske sider, vi forstår at det kan vere samanheng mellom ein grå og innestengd barndom og vaksen fridomslengt – inkludert gleda over ein god fest.

Teksten pustar av refleksjonar og levd liv: anekdotar, bohemske festar, kvasse replikkar, gjennombrot, samanbrot, sorg, nyorientering.

Forfattaren som fekk ord på seg for å vere pornograf og som blei spytta etter på gata i Porsgrunn, har no fått ein eigen veg kalla opp etter seg i same byen, noko som er nydeleg skildra i biografien.

Tidene skifter. Har bøkene tolt tidsreisa? På tide å finne det ut.

Alle anmeldelser og anbefalinger frå NRK finn du på nrk.no/anmeldelser.

Anbefalt lesing: